Hopp til innhald

Fagstoff

Setningsadverbial i spørjesetningar

Kvar skal setningsadverbialet stå i spørjesetningar?
Tenkande mann med briller og spørsmålsteikn i panna. Foto.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Setningsledd
Setningsledd er dei ulike delane i ei setning. "Subjekt", "verbal" og "objekt" er tre ulike setningsledd. I setninga "Per og Nina ser ein gut" er "Per og Nina" subjekt, "ser" er verbal, og "ein gut" er direkte objekt.
Subjekt
Subjektet er setningsleddet som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.
Spørjesetning
Ei spørjesetning er ei setning som har som mål å få svar på noko. Spørjesetningar blir avslutta med eit spørsmålsteikn. "Kva heiter du?" er eit døme på ei spørjesetning.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Spørjesetningar

Vi har to typar spørjesetningar på norsk:

1. Spørjesetningar med spørjeord først

Spørjesetning med forfelt, verbal, subjekt og adverbial. Setninga er "Kvifor drar du på ferie?". Forfeltet "Kvifor" er markert med gult, verbalet "drar" er markert med oransje", subjektet "du" er markert med blått, og adverbialet "på ferie" er markert med grønt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den første typen spørjesetning er setningar med spørjeord først. Setningsadverbialet har forkortinga "(SA)" etter seg. Legg merke til kvar det står i forhold til subjektet (S) og verbalet (V) i setninga:

  • Kvifor drar (V) du (S) ikkje (SA) på ferie?

  • Kvifor blir (V) han (S) aldri (SA) med?

  • Kvifor reiser (V) du (S) ikkje (SA) no?

Det vanlegaste i spørjesetningar med spørjeord først er altså at setningsadverbialet står etter subjektet. Legg merke til at verbalet skal på andreplass, altså etter spørjeordet.

Diskuter

  1. Har de ulike spørjeord på førstespråka dykkar?

  2. Om de har spørjeord i spørjesetningar: Kvar skal setningsadverbialet stå i slike setningar?

Når du vil legge trykk på subjektet

Legg merke til at du òg kan bruke ei anna rekkefølge:

  • Kvifor drar ikkje (SA) du (S) på ferie?

  • Kvifor blir aldri (SA) han (S) med?

Denne ordstillinga bruker du om du legg trykk på subjektet. I den første setninga her lurer talaren altså på kvifor akkurat du ikkje drar på ferie. I den andre lurer talaren på kvifor akkurat han aldri blir med.

Ein ettertenksam person sit på eit spørsmålsteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Spørjesetningar med verbal først

Spørjesetning med verbal, subjekt, setningsadverbial og adverbial. Setninga er "Reiser du ikjke no?". Verbalet "Reiser" er oransje, subjektet "du" er blått, setningsadverbialet "ikkje" er rosa, og adverbialet "no" er grønt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På norsk kan du òg lage spørjesetningar utan spørjeord. Då set du verbalet først i setninga.

  • Skal (V) du (S) også (SA) sove no?

  • Har (V) de (S) aldri (SA) med dykk pengar?

  • Reiser (V) du (S) ikkje (SA) no?

Som du ser, skal setningsadverbialet stå etter subjektet både når du lagar spørjesetningar med spørjeord først, og når du har verbalet først.

Når du vil legge trykk på subjektet

Men her kan du òg endre ordstilling for å legge trykk på subjektet:

  • Har aldri (SA) de (S) med dykk pengar?

  • Reiser ikkje (SA) du (S) no?

NB: På nynorsk kan vi ikkje lage setningar med "òg" eller "også" på denne måten.

Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapane dine om setningsadverbial i spørjesetningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.10.2023

Læringsressursar

Setningsadverbial