Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er eit setningsadverbial?

Setningsadverbial er ord som er viktige for innhaldet i setninga. Viss du tar bort setningsadverbialet, kan bodskapen forandre seg heilt.
Tre unge jenter ser på ein mobil. Dei smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er starten av ein læringssti om setningsadverbial.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Setningsledd
Setningsledda er dei ulike delane i ei setning. "Subjekt", "verbal"og "objekt"er tre ulike setningsledd. I setninga "Per og Nina ser ein gut" er "Per og Nina" subjekt, "ser" verbal og "ein gut" direkte objekt.
Subjekt
Subjektet er setningsleddet som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Forteljande hovudsetning
Forteljande hovudsetningar er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse for å fortelje noko: "Anna et" og "Eg må sove".
Leddsetning
Leddsetningar er setningar som ikkje kan stå åleine ("fordi vi er sjuke"). Vi kjenner dei igjen ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då...

Kva er eit setningsadverbial?

Setningsadverbial er ord som er viktige for innhaldet i setninga. Utan dei ville ikkje setninga betydd det same. Sjå til dømes på dei to setningane

  • "Han kjem aldri", der "aldri" er setningsadverbial

  • "Eg kjem ikkje", der "ikkje" er setningsadverbial

Tek vi vekk desse to setningsdverbiala, blir innhaldet i setninga heilt annleis:

  • Han kjem.

  • Eg kjem.

Legg merke til at "adverb" betyr "til verbet". Setningsadverbiala beskriv altså verbet i setninga nærare.

Setningsadverbial som dempar innhaldet

"Ikkje"og "aldri" er setningsadverbial som kan forandre heile meininga i setningane. Andre setningsadverbial kan innhaldet. Det betyr at innhaldet i setninga blir litt meir forsiktig uttrykt. To døme er setningane

  • "Eg kjem kanskje" der "kanskje" er setningsadverbial

  • "Han kjem ofte" der "ofte" er setningsadverbial

Setningsadverbial som styrker innhaldet

Andre setningsadverbial gjer det motsette: Dei innhaldet. Sjå til dømes på setningane

  • "Han kjem sjølvsagt" der "sjølvsagt" er setningsadverbial

  • "Han kjem sikkert" der "sikkert" er setningsadverbial

Andre setningsadverbial er berre, òg, alltid, sjeldan, heller.

Kvar skal setningsadverbialet stå i setninga?

På norsk er det faste reglar for kvar setningsadverbialet skal stå. Du bør lære deg dei viktigaste reglane om kvar setningsadverbialet skal stå i ulike typar setningar:

Gå vidare i læringsstien for å sjekke om du klarer å finne setningsadverbialet i ulike setningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Setningsadverbial