Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på setningar med setningsadverbial

I denne oppgåva skal du øve deg på å lage vanlege forteljande heilsetningar med setningsadverbial. Nokre av setningane har subjektet først, andre har adverbialet først.
To jenter skriv i ei bok ved ein pult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Oppgåve 1. Same setning på to måtar

Jobb i par. No skal de bruke orda og setningane under til å lage ti setningar. Øvst står eit setningsadverbial med to setningar under. De skal setje setningsadverbialet inn på rett plass i dei to setningane. (Det er eit døme nedst i oppgåva om de treng hjelp. Her ligg det òg ein fasit.)

Ikkje
  • Eg kjem no.

  • No kjem eg.

Alltid
  • Vi søv lenge om morgonen.

  • Om morgonen søv vi lenge.

Sjeldan
  • Han besøker vennen etter skulen.

  • Etter skulen besøker han vennen.

Aldri
  • Vi les bøker heime.

  • Heime les vi bøker.

Sjølvsagt
  • Eg kjem i bursdagen din neste veke.

  • Neste veke kjem eg i bursdagen din.

Eit døme

Ofte
  • Han trener om sommaren.

  • Om sommaren trener han.

Her skal de skrive to setningar slik:

  • Han trener (V) ofte (SA) om sommaren.

  • Om sommaren trener (V) han ofte (SA).

Legg merke til plasseringa av verbalet (V) og setningsadverbialet (SA) i dei to setningane. Når eit anna ledd enn subjektet står først, skal setningsadverbialet stå etter subjektet.

Fasit

Ikkje
  • Eg kjem (V) ikkje (SA) no.

  • No kjem (V) eg ikkje (SA).

Alltid
  • Vi søv (V) alltid (SA) lenge om morgonen.

  • Om morgonen søv (V) vi alltid (SA) lenge.

Sjeldan
  • Han besøker (V) sjeldan (SA) vennen etter skulen.

  • Etter skulen besøker (V) han sjeldan (SA) vennen.

Aldri
  • Vi les (V) aldri (SA) bøker heime.

  • Heime les (V) vi aldri (SA) bøker.

Sjølvsagt
  • Eg kjem (V) sjølvsagt (SA) i bursdagen din neste veke.

  • Neste veke kjem (V) eg sjølvsagt (SA) i bursdagen din.

Oppgåve 2. Samanlikn med førstespråket ditt

  1. Set om setningane under til førstespråket ditt.

    • Eg søv ikkje (SA) no.

    • No søv eg ikkje (SA).

    • Han speler alltid (SA) fotball heime.

    • Heime speler han alltid (SA) fotball.

  2. Lag ein regel for plassering av setningsadverbial der du samanliknar førstespråket ditt med norsk. Du kan bruke ei eller fleire av setningane under når du lagar regelen:

    • På norsk skal setningsadverbialet stå ... når subjektet står først.

    • På førstespråket mitt står setningsadverbialet ...

    • Ordstillinga endrar seg i norsk når ikkje subjektet står først. Då skal nemleg ...

    • På førstespråket mitt er det slik at ...

Oppgåve 3. To verb

Lag setningar med setningsadverbial og to verb.

Den øvste setninga har subjektet først. Du skal fullføre setninga under, der subjektet ikkje skal stå først.

Hugs at setningsadverbialet skal stå etter subjektet!

I neste steg i læringsstien kan du lære meir om å lage spørjesetningar med setningsadverbial.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2023

Læringsressursar

Setningsadverbial