Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Setningsadverbial på norsk og førstespråket ditt

I denne oppgåva skal du først lese ein artikkel om kvar setningsadverbialet skal stå på norsk. Etterpå skal du samanlikne plasseringa av setningsadverbialet på norsk og på førstespråket ditt.
Gut og jente studerer saman ved eit bord med ein pc. Ein tredje person blir berre vist med hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Les om setningsadverbialet på norsk

  1. Les artikkelen "Setningsadverbial i heilsetningar"

  2. Gå saman med ein annan elev i klassen og fortel att til kvarandre det de nettopp las. Var noko vanskeleg å forstå? Spør læraren om forklaring.

Del 2: Omset artikkelen til førstespråket ditt

Omset artikkelen du nettopp har lese til førstespråket ditt, men gjer artikkelen om til ei forklaring på kvar setningsadverbialet skal stå på førstespråket ditt.

Du skal altså bruke dei same overskriftene og døma som i artikkelen du las, men omset dei til førstespråket ditt.

NB! Viss det blir for mykje for deg å omsetje heile artikkelen, kan du velje å berre omsetje delar av teksten. Hopp over det du meiner er mindre viktig.

Del 3: Samanlikn og visualiser

Lag ei samanlikning av plasseringa av setningsadverbialet i norsk og førstespråket ditt. I artikkelen du las i oppgåve 1, blei det brukt fargar\mønster for å få fram forskjellar (visualisering). Gjer gjerne det same.

Del 4: Samanlikn med førstespråket til ein medelev

  1. Gå saman med ein elev som ikkje har same førstespråket som deg. Forklar kvarandre kva likskapar og/eller forskjellar det er i plasseringa av setningsadverbialet på norsk og førstespråket dykkar. Bruk visualiseringa de laga i del 3 for å forklare.

  2. Til slutt: Diskuter om førstespråka dykkar har nokre viktige likskapar/forskjellar i plasseringa av setningsadverbialet.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2023

Læringsressursar

Setningsadverbial