Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Framtida for norske dialektar

Her finn du fire oppgåver som lèt deg undersøkje, reflektere, diskutere, skrive og kanskje finne nokre svar på kva som kan skje med dei norske dialektane.

Oppgåve 1: Talespråket ditt og du

Vel ei av overskriftene nedanfor, og skriv ein personleg, reflekterande tekst på 100–200 ord. Det er fint om du kan dele teksten med ein eller fleire etterpå, til dømes ved å lese han høgt.

Vel overskrift og skriv teksten

  1. Kva betyr dialekten min for meg og den eg er?

  2. Korleis ville heimstaden/heimbyen min vore utan den lokale dialekten?

  3. Kva skjer med dialekten min dersom eg flyttar?

Oppgåve 2: Vil dialektane døy?

Del 1: Kva trur du?

  1. Korleis trur du situasjonen er for dialekten der du bur, om 100–200 år?

  2. Korleis trur du situasjonen er for norske dialektar generelt om 100–200 år?

  3. Kva taler for at du har rett?

  4. Kva taler eventuelt for at du tek feil?

Del 2: Kva trur dei andre?

Diskuter spørsmåla over i større grupper. Anten det er semje eller ikkje i gruppa, kva er moglege årsaker til semja/usemja?

Del 3: Les ein artikkel

Les artikkelen "Vil dialektane døy?", og svar på spørsmåla under.

  1. Sjølv om nokon allereie på 1800-talet trudde at dialektane snart ville døy ut, er den norske dialektvariasjonen framleis stor. Kva kan vere årsakene til det?

  2. Kan du med eigne ord forklare samanhengen mellom regionalisering og standardisering?

  3. Kjenner du til døme på regionalisering av talespråket der du bur?

  4. Sjølv om nordmenn flest er positive til dialektar, er mange lokale dialektforskjellar i ferd med å forsvinne. Er vi kanskje ikkje så positive som undersøkingane viser, eller kan det vere andre grunnar til denne utviklinga?

  5. Kva har lokal identitetskjensle med dialekt å gjere?

  6. Korleis påverkar auka utdanningsnivå og sosial utjamning utviklinga av talespråket og dialektane?

  7. Arne Torp går litt lenger i framtidsspådommane sine enn Brit Mæhlum og spår oslomål i heile Noreg. Kva trur du?

Del 4: Kva trur de no?

No som de har fått litt fagleg påfyll, kan de diskutere i dei same gruppene som i del 2:

  1. Kva taler for og imot at dialekten på heimstaden overlever dei neste 100–200 åra?

  2. Kva med dialektane i Noreg generelt?

  3. Har nokon endra meining sidan de diskuterte i gruppa førre gong?

Oppgåve 3: Kva påverkar språket?

Her får de høve til å setje dykk inn i nokre av dei faktorane som påverkar utviklinga av språket vårt og kan vere avgjerande for framtida til dialektane våre. Innsikta du får, kan hjelpe deg å reflektere over og diskutere framtida for norske dialektar på ein meir nyansert måte.

  1. Del klassen i 4 like store delar, og fordel dei fire temaa som er lista opp lenger ned.

  2. Del deretter kvar av dei fire delane inn i mindre grupper.

  3. Fordel kjeldeforslaga mellom dykk på gruppa, les kjeldene, og gjer notat undervegs.

  4. Gå saman på gruppa, og prøv å bli einige om nokre svar og tilhøyrande argument på spørsmåla.

  5. Set til slutt saman gruppene slik at kvart av dei fire temaa er representerte. La kvar gruppe leggje fram funna sine for dei andre gruppene.

  6. Diskuter i plenum til slutt:

    1. Kva for eit av dei fire temaområda verkar å ha mest å seie for framtida til dialektane?

    2. Føler de sjølv at de har makt til å påverke framtida til dialektane?

Tema 1: Språkpolitikk

Mens de les kjeldene nedanfor, bør de prøve å finne svar på eller reflektere over følgjande spørsmål:

  • Kva er språkpolitikk?

  • I kor stor grad kan vi styre talespråket og dialektane våre?

  • Kor mykje har språkpolitikken hatt å seie for talespråket vårt og dialektane våre til no?

  • Korleis kan språkpolitikk påverke framtida til dialektane?

Debattinnlegg, Noregs mållag: Dialekt og normert nynorsk talemål – ja takk begge delar!

Debattinnlegg, Framtida.no: Krev språklov med respekt for språkmangfaldet

Artikkel: Korleis kan vi styre språket?

Tema 2: Teknologisk utvikling

Mens de les kjeldene nedanfor, bør de prøve å finne svar på eller reflektere over følgjande spørsmål:

  • Kva har teknologisk utvikling med språk og språkutvikling å gjere?

  • Korleis har teknologisk utvikling påverka talespråket vårt fram til no?

  • Korleis kan den teknologiske utviklinga påverke framtida til dialektane?

Artikkel: Frå trykkjekunst til tastetrykk

Rapport, Språkrådet: Språk i Norge (s. 22–29)

Artikkel, Aftenposten: Ungdom lager sitt eget språk i sosiale medier

Tema 3: Språkhaldningar

Mens de les kjeldene nedanfor, bør de prøve å finne svar på eller reflektere over følgjande spørsmål:

  • Kva er språkhaldningar?

  • Kven kan påverke språkhaldningane i Noreg?

  • Kva språkhaldningar dominerer i Noreg i dag?

  • Korleis kan språkhaldningane dine og våre påverke framtida til dialektane?

Ofte stilte spørsmål, Språkrådet: Hva er språkholdninger?

Artikkel, Språkprat: Haldningar til bergensk, austlandsk og strilemål hjå ungdomar i Bergen

Artikkel, Språkprat: Dialekt på busstur

Artikkel, VG: Dialektforskere bekymret: Frykter dialekter kan forsvinne (krev innlogging)

Tema 4: Immigrasjon

Mens de les kjeldene nedanfor, bør de prøve å finne svar på eller reflektere over følgjande spørsmål:

  • Kva skal til for at immigrasjon skaper språkendringar?

  • Korleis har immigrasjon påverka norsk talespråk til no?

  • Korleis kan immigrasjon påverke framtida til dialektane?

Artikkel, Språkprat: Språklige innovatører

Artikkel, NRK: Ropstads dialekt skaper bekymring

Kronikk, Riksmålsforbundet: Norsk, et språklig villnis for innvandrere

Kronikk, NRK: Kebabnorsk og retten til det norske

Oppgåve 4: Debatt

Hald ein debatt om framtida for norske dialektar. Debattspørsmålet er "vil dialektane våre døy i løpet av 100–200 år?"

Del 1: Førebuing

  1. Viss du ikkje allereie har lese ho, les artikkelen artikkelen "Vil dialektane døy?".

  2. Lag ei liste med argument for at dialektane vil døy, og ei liste med argument mot at dialektane vil døy dei neste 100–200 åra.

  3. Bestem deretter kven av deltakarane som skal argumentere for at dialektane overlever, og kven som skal argumentere for at dei døyr ut. Det treng ikkje vere i tråd med det faktiske synet ditt på saka.

Del 2: Vidareutvikling av argumenta

For ein nyansert debatt er det viktig å tenkje nøye gjennom saka, jobbe grundig med eigne argument, kunne vise til forsking og utsegner frå ekspertar og andre truverdige kjelder – og å vere førebudd på argumenta til motparten.

  1. Gjer ytterlegare forundersøkingar. Nedanfor finn du nokre forslag til kjelder. Finn gode argument for saka di. Finn du gode argument mot saka di, bør du prøve å finne moglege motargument.

Kjeldeforslag

Artikkel: Dialektparadiset Noreg

Artikkel: Trøbbel i dialektparadiset?

Spørsmål og svar, Språkrådet: Norsk talemål: typer og utfordringer

Kommentar, Presset.: Om det som er verdt å beskytte: Dialektmangfold i mediene

Artikkel, Framtida.no: I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt

Artikkel, Forskning.no: Hvordan snakker folk i Norge om 100 år?

Kronikk, Universitetet i Bergen: De sterkeste dialektene

Artikkel, Store norske leksikon: Endringar i norske dialektar

Artikkel, Store norske leksikon: Dialektbruk i Noreg

Del 3: Køyr debatt

Debatten kan til dømes gjennomførast i eit fysisk panel i klasserommet eller som meiningsutveksling i eit kommentarfelt.

Del 4: Oppsummering og refleksjon

Samanfatt debattane i større grupper eller i heil klasse:

  • Kva lærte de av debatten?

  • Korleis ser de på framtida til norske dialektar?

  • Kva taler for at dei forsvinn eller ikkje?

  • Kva skal eventuelt til for å verne dei?

Relatert innhald

Dei norske dialektane er i endring. Overlever dialektane desse endringane, eller snakkar vi kanskje oslomål i heile landet i framtida?

Vi har mange dialektar her i landet, men det er ikkje berre derfor vi kallar Noreg for eit dialektparadis.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet