Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kan vi styre språket?

Språket vårt har ikkje alltid vore sånn som det er no. Det endrar seg heile tida. Mange av desse språkendringane "berre skjer", men ikkje alle. Det går nemleg an å påverke korleis og kor mykje språket skal endre seg.
Sjokoladebitar stabla på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ja, vi styrer dette språket (to døme)

Viss ikkje den aller første rettskrivingsreforma hadde blitt vedteke i 1862, hadde du måtta skrive "Jeg troer Chauffeuren er lidt jealoux paa mig som spiser Chokolade". Dette er eit døme på språkplanlegging. Målet med reforma var å gjere språket meir ortofont, som betyr å tilpasse skrivemåten etter uttalen.

Viss ikkje politikarane hadde bestemt at landsmål og riksmål skulle likestillast i 1885 (jamstillingsvedtaket), hadde du ikkje kunna velje mellom nynorsk og bokmål i dag. Dette er eit døme på språkpolitikk. Ved å endre lovverket endra politikarane òg statusen og framtida til norsk skriftspråk.

To former for språkstyring

Vi kan altså styre korleis språk utviklar seg ved å lage reglar og lover om språk og språkbruk i skulen og samfunnet elles. Til dømes kan vi vedta at alle læremiddel skal finnast på både bokmål og nynorsk, eller at alle importord skal få ein norsk skrivemåte. Samleomgrepet for slik medviten styring av språket er språkstyring.

Språkstyring =

  1. språkplanlegging
  2. språkpolitikk

1. Språkplanlegging

Språkplanlegging dreier seg om å fastsetje reglar for kva som er god og riktig språkbruk, altså korleis språk skal sjå ut og brukast. Dette kallar vi òg språknormering eller språkrøkt. Døme på dette kan vere å fastsetje rettskrivingsreglar, reglar for bøying eller for rekkjefølgja i setningar. Slikt finn vi i ordbøker, grammatikkbøker og lærebøker.

Eit konkret døme på språkplanlegging skjedde i 2004 då Språkrådet lanserte ei rekkje forslag til nye skrivemåtar i ord med utanlandsk skrivemåte. Eitt av forslaga var å tillate "beiken" ved sida av "bacon". Forslaga vakte stor debatt, og saka blei derfor omtalt som "beikenfeiden".

Kven planlegg språket?

Det varierer kva ordningar ulike land og språk har for språkplanlegging. Engelsk har til dømes ingen offisielle organ med ansvar for språknormering. Det er likevel vanleg med eitt offisielt språkplanleggingsorgan slik vi har i Noreg. Noreg sitt offisielle organ for språknormering er Språkrådet, som består av fagfolk. Språkrådet er “det faglege organet til staten i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kulturdepartementet” (Språkrådet, u.å.). I tillegg har vi Norsk akademi for språk og litteratur, eit uoffisielt organ som normerer den uoffisielle norske skriftspråksvarianten riksmål.

Planlegg vi både talespråket og skriftspråket?

Det er først og fremst skriftspråket som blir utsett for planlegging og normering. Talespråket er det vanskeleg å planleggje og normere, og i Noreg har vi ingen tradisjon for å lage reglar for korleis vi snakkar. Faktisk er det få dokumenterte, vellykka døme på styring av talespråket.

Det finst unntak, til dømes Noreg si innføring av ny teljemåte i 1951. Då bestemde styresmaktene at vi skulle gå vekk frå dåverande teljemåte: femogtredve, syvogførr, toogfemti – og innføre ny teljemåte: trettifem, førtisju, femtito. Den nye teljemåten skulle takast i bruk i NRK, i skulane og i offentleg administrasjon.

Bakgrunnen for reforma var reint praktisk. I Oslo gjekk dei på denne tida over frå femsifra til sekssifra telefonnummer, som gjorde det naturleg å seie siffera to og to saman. Det blei hevda at mange slo feil nummer på grunn av dette.

Korleis uttaler du tala mellom 20 og 99?

Seier du femogtredve eller trettifem?

Sjølv om vi ikkje planlegg talespråket direkte, blir det påverka av reglane i skriftspråket. Dei orda og skrivemåtane du ofte les og skriv, kan smitte over på talespråket ditt. Reglane i skriftspråket styrer òg haldningane våre om kva som er godt og dårleg språk, fint og stygt eller akseptabelt eller ikkje.

Kjenner du nokon døme på at skriftspråket har smitta over på talespråket – hos deg sjølv eller andre?

2. Språkpolitikk

Språkpolitikk er den andre forma for språkstyring. Det dreier seg om tiltak som påverkar statusen til eit språk eller ein dialekt samanlikna med andre språk eller dialektar. Nokre døme på språkpolitiske saker kan vere å bestemme

  • om nynorsk og bokmål skal vere likestilte eller ikkje
  • korleis og kor mykje vi skal jobbe for å verne om norsk. Skal vi til dømes forby engelsk innanfor visse utdanningsområde?
  • kva status ulike språk skal ha som undervisningsspråk
  • om nokre minoritetsspråk skal ha større vern enn andre. Er det viktigare å verne samisk enn romani?

Kven driv med språkpolitikk?

Alle – anten det er enkeltpersonar, foreiningar, fagmiljø eller organisasjonar – kan jobbe med språkpolitiske saker. Likevel er språkpolitikk først og fremst noko politikarane driv med. Dei kan nemleg både jobbe for tiltak, gjennomføre tiltak og handheve dei.

Dei politiske partia kan ha ulikt syn på språk. Midt på 1900-talet kjempa til dømes partia Høgre og Arbeidarpartiet på kvar si side i samnorskdebatten. Arbeidarpartiet ønskte – som eit ledd i kampen for arbeidarklassen og sosial utjamning – å samle bokmål og nynorsk til eitt skriftspråk. Det tradisjonelle overklassepartiet Høgre hadde sterk tilknyting til det "danna talemålet" i byane og ville verne det konservative riksmålet.

I Noreg har vi ein del foreiningar som har språkspørsmål som hovudsak, til dømes Noregs mållag, Riksmålsforbundet og Foreninga for radikalt bokmål. Desse driv både med språkpolitikk og språkplanlegging.

Også massemedia har sterk språkpolitisk påverknadskraft. I videoklippet under ser du eit døme på det.

Gjeld språkpolitikken berre skriftspråket?

Nei, språkpolitikk rører ved både talespråk og skriftspråk. Eit døme på skriftspråkpolitikk i Noreg er lova som seier at bokmål og nynorsk er likeverdige skriftspråk, og at dei er likestilte innanfor offentleg forvaltning. Eit døme på talemålspolitikk i Noreg er den lovfesta retten elevar har til å bruke den naturlege talemålsvarianten sin i undervisninga.

Driv alle land med språkstyring?

Ja, eit land kan ikkje unngå å drive med språkstyring. Alle lover eller alle regelverk eller tiltak som direkte eller indirekte påverkar forholda for eit språk, er nemleg å rekne som språkstyring. Til dømes er skulesystemet og læreplanverk i dei ulike landa viktige, sidan dei mellom anna styrer kva språk elevane skal og ikkje skal lære, og kva språk elevane får og ikkje får lov til å bruke.

Ideologi og politikk som motiv for språkstyring

Likevel blir språkstyringa praktisert ulikt. I nokre land har politikarane meir innverknad enn i andre land. Sterk politisk innverknad fører gjerne til at språkstyringa byggjer på ideologiske omsyn. Å byte yrkestittel frå helsesøster til helsesjukepleiar, slik vi gjorde i Noreg i 2018, er eit døme på politisk og ideologisk språkstyring.

Andre døme finn vi i den norske språksituasjonen med to likestilte skriftspråk, med lovfesta rett til bruk av dialekt i undervisningssituasjonen og med stor valfridom i rettskrivinga. Desse døma er eit resultat av ein demokratisk motivert politikk.

Dømet nedanfor om dei tidlegare jugoslaviske statane på Balkan, er òg eit døme på ideologipolitisk motivert språkstyring med ideologiar knytte til det nasjonale.

Andre motiv for språkstyring

Språkrådet sitt forslag i 2004 om mellom anna å skrive "beiken" i staden for "bacon" kan vere eit døme på pedagogisk motivert språkstyring. Målet var å gjere det enklare å lære å lese og skrive norsk. Vi kan òg argumentere for at forslaget var språkfagleg motivert. Skrivemåten med "ei" og "k" følgjer nemleg mønsteret for korleis vi skriv k-lyden og ei-diftongen i andre norske ord.

Den tidlegare nemnde endringa i teljemåte – frå "treogfemti" til "femtitre" – er eit døme på praktisk motivert språkstyring. Kanskje var det òg økonomisk motivert, for alle feilringingane førte til ekstrautgifter for dei som ringde. Eit betre døme på økonomisk motivert språkstyring er nok likevel korleis styresmaktene legg til rette for elevar med eit anna morsmål enn norsk. Vedtak om rett til morsmålsundervisning og tilrettelagd norskopplæring aukar sjansen for at denne gruppa lykkast i samfunnet og arbeidslivet, som mellom anna sparer samfunnet for store velferdsutgifter.

Med språkstyring som våpen

Dessverre kan språkstyring òg vere eit effektivt våpen og ein måte å undertrykkje andre på. Noreg sin språkpolitikk overfor samar og kvenar fram til 1960-talet er eit døme på det. Då blei samane tvinga til å lære og snakke norsk. Samisk språk blei rett og slett forbode i delar av samfunnet.

I dag er vern og utvikling av dei nasjonale minoritetsspråka ein viktig del av norsk språkpolitikk, men framleis er det mange døme rundt om i verda på språkleg forfølging og undertrykking og manglande rom for språkleg mangfald. Eit døme er undertrykkinga av det berbiske språket i Nord-Afrika, til dømes i Algerie. Eit anna døme er Tyrkia. Der var det lenge forbod mot kurdisk, og framleis er situasjonen dårleg for det kurdiske språket.

Korleis trur du at du hadde reagert om du plutseleg ikkje fekk lov til å snakke eller skrive morsmålet ditt?

Frå sjokolade til kulturvern

Vi kan altså påverke utviklinga av språket i ganske stor grad – alt frå dei små tinga som korleis vi skriv "sjokolade" og "meg", til korleis vi kan byggje ein nasjon eller verne om ein heil kultur – eller øydeleggje han.

For Noreg sin del er vår tids språkpolitikk oppteken av den påverknaden engelsk har på det norske språket. Kor mykje engelsk skal vi tillate? Korleis skal vi skrive engelske importord? Korleis skal vi unngå at engelsk tek over innanfor visse samfunnsområde?

Språkstyringa i dag er òg oppteken av å verne om dei demokratiske grunnverdiane i samfunnet. Her står språkleg mangfald heilt sentralt. Det handlar mellom anna om å forvalte dei to norske skriftspråka våre og å sørgje for reell likestilling mellom dei. Det handlar òg om å leggje til rette for at språksituasjonen i samfunnet ikkje stengjer ute eller diskriminerer, verken på grunn av alder, kjønn, etnisitet eller legning.

Relatert innhald

Kjelder

Regjeringa. (2019, 10. september). Språkpolitikken. Henta 26. oktober 2020 frå https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/sprak-og-litteratur/innsiktsartikler/sprakpolitikken/id762492/.

Skjekkeland, Martin. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Språkrådet (u.å.). Om oss. https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/om-oss/.

Theil, Rolf. (2012). Bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk. Henta 5. januar 2021 frå https://www.allkunne.no/framside/sprak/sprak-i-verda/bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk/7/2598/

Torp, Arne og Lars Vikør. (1993). Hovuddrag i norsk språkhistorie. 2. utgåve. Gyldendal norsk forlag AS.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Språkstyring