Hopp til innhald

Fagstoff

Språk og ideologi i debatten om to skriftspråk

Kvifor har vi to skriftspråk i Noreg i dag? For å forstå kva som skjedde, kan det vere lurt å studere opptakten til dei ulike idéane om korleis eit norsk skriftspråk burde vere. Vi skal tilbake til 1800-talet.
Eldre emaljeskilt med åtvaring på nynorsk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språkdebatten på 1800-talet

I 1814 kunne ikkje nordmenn lese eller skrive norsk, for det fanst ikkje eit norsk skriftspråk. Dei måtte lese og skrive dansk. Å utvikle eit eige norsk skriftspråk blei viktig for å skape felles norsk identitet og sjølvkjensle etter at Noreg blei sjølvstendig nasjon. Men korleis skulle eit norsk skriftspråk sjå ut? Skulle vi behalde det danske skriftspråket, fornorske det, eller lage eit heilt nytt norsk skriftspråk? Det var fleire som hang seg på debatten, og dei var til dels svært ueinige.

Men kvifor var dei så ueinige? Ueinigheita hang særleg saman med språkpolitiske ideologiar. Ein ideologi er dine eller mine grunnleggjande idéar om korleis vi bør forstå verda og samfunnet, og korleis verda og samfunnet bør vere. Språkideologiar handlar til dømes om kor viktig språk er, og korleis språket bør vere.

Nasjonale omsyn – eit spørsmål om ideologi

Mange var på den tida opptekne av det nasjonale og det norske, så nasjonale omsyn blei viktige i språkdebatten. Folk hadde likevel ulike meiningar om kva "det norske" eigentleg burde vere. Dei hadde med andre ord ulike ideologiske oppfatningar av nasjonsomgrepet, og av kor viktig det nasjonale er i ein større samanheng. Var det bondekulturen eller bykulturen som representerte det norske? Var det samtidas Noreg eller fortidas Noreg? Og var dei nasjonale interessene viktigare enn dei internasjonale?

Sosiale omsyn – eit spørsmål om ideologi

Andre var kanskje meir opptekne av omsynet til dei sosiale kreftene til språket, men var ueinige i kva for sosiale forhold som var viktige. Var det til dømes greitt å bruke bonden sitt språk i skrift, eller var det språket til overklassen som skulle vere grunnlaget for skriftspråket? Skulle språket i det heile spegle sosiale forhold? Ideologiske overtydingar knytte til sosiale forhold har tradisjonelt skilt høgre- og venstresida i politikken.

Fire sentrale omsyn i norsk språkdebatt på 1800-talet

Vi kan sjå nærare på desse og to andre omsyn som bidrog til ueinigheit i 1830-debatten. Dei same omsyna påverka språkdebatten gjennom heile 1800-talet. Desse fire omsyna, som førte til at vi fekk to norske skriftspråk, var

  • nasjonale omsyn

  • maktpolitiske omsyn
  • sosiale omsyn
  • pedagogiske omsyn
Kva betyr liberal, radikal, konservativ og reaksjonær?

Desse omgrepa er det lurt å kunne. Dei blir ofte brukte når vi snakkar om språk.

Liberale krefter

Å vere liberal kan bety å vere tolerant, frisinna, endringsvillig eller fordomsfri. I språksamanheng betyr liberal å vere open for språkleg variasjon, men også for språkendringar.

Radikale krefter

Å vere radikal kan bety å ønskje eller jobbe for store og raske forandringar. I språksamanheng bruker vi radikal om

  • ein som ønskjer eller jobbar for store forandringar i det eksisterande språket
  • språket vi forbind med arbeidarklassen, med det folkelege eller med den politiske venstresida
  • eit språk som skil seg sterkt frå det som folk flest bruker

Konservative krefter

Å vere konservativ betyr å vilje verne det som er. Politisk plar ordet å tilhøyre høgresida. I språksamanheng vil konservativ seie å vilje verne språket slik det er, eller endre så lite som mogleg.

Reaksjonære krefter

Å vere reaksjonær betyr å ønskje seg tilbake til sånn det var tidlegare. I språksamanheng vil reaksjonær til dømes seie at ein synest språket var betre, finare eller reinare før.

Nasjonale omsyn

Romantikkens syn på språk og nasjonal identitet

Språket blei svært viktig i nasjonsbygginga og for identiteten til nordmenn. Dei intellektuelle i første halvdel av 1800-talet kjende godt til Johan Gottfried Herder og den tyske romantikkens idéar om språk og nasjon. Desse idéane gjekk ut på at alle nasjonar har ein eigenart – ein identitet som bind innbyggjarane saman til eitt folk. Limet i det sambandet var folkespråket. Derfor spelte det norske talespråket – særleg bygdedialektane – ei sentral rolle i arbeidet med eit norsk språk. Ifølgje romantikarane var det bøndene som var berarar av den nasjonale ånda – den som var nedarva frå forfedrane.

Basert på dette synet var ein nasjon utan eige språk ein nasjon utan identitet.

Livet på ei seter. Unge kvinner i bunad og dyr i samspel. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Eit anna syn på språk og nasjonalitet

Det var ikkje alle som såg dialektane som berar av norsk identitet. Ifølgje den norske filosofen Marcus J. Monrad var det den danna eliten som stod for utviklinga og framsteget i nasjonen og derfor representerte dei viktigaste nasjonale kreftene. Han meinte at bøndene måtte tileigne seg kulturen til eliten, inkludert språket deira, for å bli ordentleg norske. Dette baserer seg på eit menneskesyn som var dominerande i den vestlege verda fram til langt inn på 1900-talet. Dette synet tek utgangspunkt i at somme menneske eller kulturar har kome lengre i utviklinga enn andre og har dermed nådd eit "høgare nivå".

Dømet med Monrad viser korleis ulike syn på menneske og språk gjorde det vanskeleg å bli einige om ein felles veg til eit norsk skriftspråk.

Maktpolitiske omsyn

Språk som politisk markør

I den politiske kampen mellom Noreg, Sverige og Danmark var det viktig for Noreg å markere identiteten sin og den kulturelle eigenarten – retten til å vere ein sjølvstendig nasjon. Noreg mangla den viktigaste markøren for å skilje seg ut frå dei andre nasjonane – nemleg (skrift)språket. Mange kjende at dette hindra Noreg i å bli fullt ut akseptert som ein sjølvstendig politisk maktfaktor, så det breidde seg etter kvart stor einigheit om at Noreg trong eit eige skriftspråk.

Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språk og politisk makt

At utviklinga av norsk språk blei delt, handlar derfor meir om maktpolitiske spørsmål internt i landet, som til dømes maktforholdet mellom samfunnsklassane. Dei politiske motsetningane fall i stor grad saman med motsetningane mellom samfunnsklassane. Det var borgarskapet og embetsmennene på den eine sida og bøndene på den andre.

Sjølv om bøndene var i sterkt fleirtal, var det embetsklassen og det veksande borgarskapet som hadde makta – både språkleg og politisk. Men utover på 1800-talet fekk bøndene og partiet Venstre større politisk makt, noko som heilt klart påverka språkdebatten og særleg bidrog til framgangen til landsmålet.

Intelligenspartiet og Patriotene

Welhaven og Intelligenspartiet på den eine sida og Wergeland og Patriotene på den andre er òg eit døme på at språkspørsmålet i høgaste grad var politisk. Desse to politiske grupperingane var forløparar til dagens venstreside (Patriotene) og høgreside (Intelligenspartiet) i politikken.

Sosiale omsyn

To norske kulturar?

Språkdebatten fekk verkeleg fram den store sosiale motsetninga som låg i det norske folket. I siste halvdel av 1800-talet var det ei utbreidd førestilling om at det "var tale om to kulturer i Norge, en danskdominert elitekultur og en ren norsk bondekultur". (Sørensen 2002, s. 73)

Dei koselege bøndene og det danna borgarskapet

Dagens bokmål er utvikla frå dansk, og dansk var på 1800-talet forbunde med samfunnseliten. Det var òg her dei fleste danskvenlege nordmennene var. Dagens nynorsk er utvikla frå somme norske dialektar. Sjølv om dialekt på 1800-talet blei oppfatta som koseleg og tradisjonelt norsk, var det ei utbreidd oppfatning i embetsklassen at deira eige språk representerte danning og høgkultur, medan dialektane representerte det motsette. P. A. Munch meinte til dømes at den vanlege norske a-endinga tilhøyrde "den laveste Pøbel i de mer fordærvede Egne". (Munch 1832, s. 22)

Slik blei kampen om eit norsk skriftspråk òg kampen mellom to sosiale grupperingar, eller "kulturar" – nemleg bøndene og borgarskapet – eller eliten og resten av folket, om du vil. Landsmålet var språket til bøndene og bygda, riksmålet var språket til borgarskapet og byane.

Diskuter: Er nynorsk framleis "bondespråk" i dag, eller har nynorsk blitt eit "elitespråk"?

To kvinner og ein mann held hender framfor ein eldre fjellgard, kledde i norske bunadar. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pedagogiske omsyn

Dei sosiale forskjellane i folket var òg tydelege i skulen. Skulegang var tidleg på 1800-talet primært eit byfenomen. For bøndene var dessutan dansk meir eller mindre eit framandspråk, og dei sleit mykje med å lære å lese og skrive.

Opplysningsmannen og demokratiforkjemparen Henrik Wergeland meinte at det danske skriftspråket stod i vegen for folkeopplysninga. Derfor var det pedagogiske omsynet vel så viktig for Wergeland og meiningsfellane hans i språkdebatten som det nasjonale omsynet.

Det pedagogiske var seinare òg ein viktig motivasjon for landsmålsarbeidet til Ivar Aasen og fornorskingsarbeidet til Knud Knudsen. Begge såg problemet med at opplæringa i skulen gjekk føre seg på eit framandspråk, og begge var opptekne av at skriftspråket skulle spegle talespråket. Dei var berre ueinige om kva for eit av dei norske talespråka det skulle vere.

Interiør frå skulestova frå Kvatumshagen i Snertingdal på Eiktunet i Gjøvik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan vi lære av debatten som førte til to skriftspråk?

Språk og identitet

Er det noko historia verkeleg viser oss, er det at språk handlar om identitet og sjølvbevisstheit – den gong som no. På 1800-talet handla det om å finne seg sjølv som nasjon. Vi har sett at det var stegle frontar mellom byfolk og bygdefolk, mellom dei som ville halde på den tette kontakten med Danmark og dei som ville reindyrke det norske.

I dag forsvinn dialekttrekk, og mange uttrykkjer uro for korleis engelsk påverkar norsk. Handlar det ikkje i botn og grunn om identitet? Om hjartespråket – kven vi er og vil vere?

Språk og demokrati

Historia viser òg at språk handlar om demokrati – retten til å bli høyrd – retten til å ha ei stemme som tel i samfunnet. Aasen fann eit språk i det norske folket som kunne brukast til å gi ei stemme til mange nordmenn som til då hadde hatt få moglegheiter til å bli høyrd. Med landsmålet fekk dei eit språk å uttrykkje seg på.

Det demokratiske omsynet var òg viktig for Knudsen. Med eit skriftspråk som låg tettare opptil norsk talemål, ville det bli lettare å lære å lese og skrive og lettare å ta utdanning og tileigne seg kunnskapen som må til i eit opplyst demokrati. Eit talemålsnært skriftspråk gjer òg at vegen frå tanke til skrift blir kortare for større delar av befolkninga, ikkje berre den intellektuelle eliten.

Kva konsekvensar ville det hatt for dei demokratiske rettane til delar av befolkninga i Noreg om minoritetsspråk som samisk, kvensk eller nynorsk – forsvann?

Relatert innhald

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Kjelder

Jahr, Ernst Håkon. (1989). Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814. Novus forlag. Oslo.

Munch, P. A. (1832). Norsk Sprogreformation. I: Gustav Storm (red.). (1873). P. A. Munch - Samlede Afhandlinger. Alb. Cammermeyer. Christiania.

Otnes, Hildegunn og Bente Aamotsbakken. (1999). Tekst i tid & rom. 4. utgåve 2012. Det norske samlaget. Oslo.

Sørensen, Øystein. (2002). Språkutviklingen på 1800-tallet. I: Egil Børre Johnsen (red.). Vårt eget språk. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo.

Torp, Arne og Lars Vikør. (2014). Hovuddrag i norsk språkhistorie. Gyldendal akademisk. Oslo.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Språkstyring