Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Var samnorsk eigentleg ein god idé?

Utforsk samnorskdebatten ved å arbeide med desse oppgåvene.

Oppgåve 1

Del 1: Kva løysing ville de valt?

Individuelt:

  1. Viss vi skulle gå over til berre eitt skriftspråk i Noreg, kva for eit av alternativa under ville du valt?

    • berre nynorsk

    • berre bokmål

    • blanding av nynorsk og bokmål

    • eit heilt nytt skriftspråk basert på talemålet vårt

  2. Prøv å formulere to argument for og to argument imot kvart av dei fire alternativa over.

I grupper:

  1. Kva alternativ valde de på a i oppgåva over? Kva kan resultatet fortelje dykk?

  2. Del for- og motargument i gruppa. Kor einige/ueinige er de?

  3. Kva utfordringar byr dei ulike alternativa på?

Del 2: Samnorskdebatten på 1950-talet

I 1951 bestemte Stortinget seg for å opprette ei språknemnd som skulle arbeide for at nynorsk og bokmål skulle nærme seg kvarandre og bli eitt skriftspråk kalla samnorsk. Dette vakte heftig debatt.

I videoklippet under møte vi representantar frå kvar side i debatten, forfattar Arnulf Øverland og stortingspresident Natvig Pedersen.

Individuelt:

Sjå videoklippet mens du gjer notat til følgjande:

  1. Øverland vil ha eitt norsk skriftspråk, men korleis vil han at det skal skje?

  2. Korleis blir språk til, og korleis blir dei ikkje til, ifølgje Øverland?

  3. Kven var mot denne språknemnda?

  4. Kva var det særleg strid og usemje om i Stortinget?

I grupper:

Diskuter følgjande spørsmål i gruppa:

  1. Kan skriftspråket utvikle seg fritt og naturleg utan innblanding eller tvang?

  2. "Ein kan ikkje ta for seg to levande språk og blande dei saman og lage eit nytt språk av dei", hevdar Øverland. Er de einige eller ueinige med han? Gjeld det same for skriftspråk som for talespråk?

  3. "Språka blir til av seg sjølv. Dei blir til ved at vi bruker dei", påstår Øverland. Er de einige eller ueinige med han? Har bokmål vorte til av seg sjølv? Har nynorsk?

  4. Øverland seier at skriftspråket vart forma av "folk som har gjort det til sitt livs arbeid å uttrykkje tanken klart og vakkert", til dømes forfattarar og journalistar. Stemmer det for bokmål og nynorsk i dag?

  5. Kvifor var det særleg Foreldreaksjonen mot samnorsk og vidaregåandeelevar (gymnasiastar) i Oslo som var imot skipinga av den nye språknemnda?

  6. Kvifor trur de nettopp Høgre ville at den nye språknemnda skulle arbeide heilt fritt, ikkje styrt av samnorskpolitikken til politikarane?

Del 3: Kva synest du?

Diskuter i klassen eller i mindre grupper:

  1. Samnorskpolitikken vart offisielt avvikla i 2002. Bør vi ta opp att arbeidet for eit samnorsk skriftspråk?

  2. Korleis ser den norske skriftspråkssituasjonen ut om 50 år?

Oppgåve 2. Samnorsk - ein god idé eller naturstridig?

TIPS I: Sjå gjerne videoklippet over om striden om samnorsk på 1950-talet som førebuing til arbeidet nedanfor.

TIPS II: I denne oppgåva skal du skrive drøftande avsnitt. Du finn gode tips i Korleis skrive avsnitt som drøftar.

Del 1

Arne Torp er pensjonert professor i nordisk språkvitskap. Han er òg tidlegare nestleiar i Landslaget for språkleg samling, som sidan 1959 har kjempa for samnorsk. I artikkelen "Samnorsk - språket som aldri vart" (sprakradet.no) " frå 2017 argumenterer Torp for at samnorsken var ein god idé.

  1. Før du les: Kva argument trur du at Torp bruker til støtte for synet sitt?

  2. Mens du les: Kva for hovudargument har han?

  3. Etter du har lese: Skriv eit avsnitt der du sjølv tek stilling til minst eitt av Torps argument.

Del 2

Tor Guttu har, som langvarig medlem i Riksmålsforbundet, lenge vore mot samnorskpolitikken. I "Samnorsken var i strid med språkets natur" (sprakradet.no) frå 2017 kan du lese meir om kvifor han var og er samnorskmotstandar.

  1. Før du les: Kva argument trur du Guttu brukar til støtte for synet sitt?

  2. Mens du les: Kva hovudargument har han?

  3. Etter du har lese: Skriv eit avsnitt der du sjølv tek stilling til minst eitt av Guttus argument.

Del 3

Individuelt eller i grupper:

  • Kven verkar mest overbevisande og kvifor? Skriv eitt til to avsnitt der du vurderer Guttus argumentasjon opp mot Torps argumentasjon.

Del 4

Sitatet under formulerer kort hovudmålet med norsk språkpolitikk i dag.

Hovedmålet for språkpolitikken [i dag] er å sikre bruken av et velfungerende norsk språk på alle samfunnsområder. Strategien er at domenetap for norsk språk – både bokmål og nynorsk – skal motvirkes.

(Kulturdepartementet, 2019)

Reflekter i klassen eller i mindre grupper:

  • Korleis kan vi eventuelt ta lærdom av debatten om samnorsk når vi diskuterer forholdet mellom norsk og engelsk?

Oppgåve 3. Lag ein reportasje anno 1951

Kvinneleg representant for Foreldreaksjonen mot samnorsk tar imot telefonforespurnader mens ho skriv på eit ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Research:

Sjå videoklippet om samnorsk lenger opp på sida og bruk andre kjelder for å setje deg inn samnorskdebatten og Foreldreaksjonen mot samnorsk.

Oppdrag:

  • Tenk deg at du er reporter. Du skal lage ein kort reportasje frå ein demonstrasjon mot samnorsk.
  • Reportasjen skal òg innehalde eit intervju med forfattaren Arnulf Øverland og med ein av foreldra som deltek i Foreldreaksjonen mot samnorsk.
  • Du kan velje om du vil lage ein reportasje for ein podkast eller ei nettavis, alt etter kva slags teknisk utstyr du har tilgang til.
  • Dersom du vel å lage ein avisreportasje, kan du bruke historiske bilete som du finn på internett til å illustrere teksten. Du bør lage bilettekstar, tittel, mellomtitlar og ingress, og du må hugse kjeldetilvisingar.

Relatert innhald

Norsk er blant skriftspråka i verda med størst valfridom i rettskrivinga. Korleis blei det sånn? Det starta allereie på 1800-talet.

Kjelde

Kulturdepartementet (2019). Språkpolitikken. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/sprak-og-litteratur/innsiktsartikler/sprakpolitikken/id762492/ (mai 2021).

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Språkstyring