Fornorskingspolitikk og samisk språk
Den stille kampen: Skam og stolthet
Den første episoden av dokumentaren Den stille kampen, tar for seg korleis samane blei fornorska på 1800- og 1900-talet. Vi møter Susann, som plutseleg oppdaga at ho var same. Sjå dokumentaren og noter ned svar på desse spørsmåla undervegs:
- Kvifor blei Susann flau og skamfull då ho oppdaga at ho var samisk?
- Kvifor gjekk så mange samiske barn på internatskule?
- Korleis gjekk undervisninga føre seg der?
- Kvifor meiner Per Fugelli at nordmennene har påført samane store helseproblem?
- Kva motiv peikar dokumentaren på for fornorskingspolitikk i Noreg?
- Kva rolle hadde omgrepet "rase" i behandlinga av samar?
- Korleis meiner Susann at samar blir framstilte i media i dag?
Alle dei samiske språka står i dag på UNESCO si liste over trua språk i verda. Den harde fornorskingspolitikken som norske myndigheiter førte overfor samane frå midten av 1800-talet og fram til andre verdskrig, må ta mykje av skulda for språksituasjonen i dag.
Skuleverket spelte ei viktig rolle i fornorskingspolitikken. I 1878 vedtok Stortinget at lærarane skulle bruke barna sitt eige talemål mest mogleg i undervisninga. Tanken bak dette vedtaket var å gjere vegen til kunnskap lettare for barna. Men denne omtanken gjaldt berre for norskspråklege barn – undervisninga av samiske og kvenske barn skulle gå føre seg på norsk. Den samiske kulturen blei sett på som lågareståande. Barna skulle bli norske.
Internatskular
I første del av perioden 1905 til 1940 blei det bygd 50 store internatskular i Finnmark. Ein tredjedel av alle elevane i fylket måtte bu på internat, og det gjerne heilt frå sjuårsalderen. Dei samiske og kvenske elevane som budde der, fekk ikkje lov å bruke morsmålet sitt i det heile teke, og all undervisning gjekk føre seg på norsk. Med eit slikt utgangspunkt er det nok ikkje rart at mange av barna lærte lite, og at ein del av dei også fekk psykiske problem. Ein annan konsekvens av skulepolitikken var at mange samiske foreldre etter kvart slutta å snakke samisk med barna sine, dei prøvde å skjule den samiske bakgrunnen sin fordi han blei oppfatta som noko negativt.
Etter andre verdskrigen byrja synet på språklege og etniske minoritetar å endre seg både i Noreg og i verda elles, men endringsprosessen tok tid. Først i 1959 opna statlege myndigheiter igjen for at samisk kunne brukast i undervisninga, og ikkje før i 1985 kom det eit tillegg i grunnskulelova som sikra barn i samiske distrikt retten til undervisning i eller på samisk på barnetrinnet. Barna kunne no også velje samisk som fag på ungdomstrinnet.
I 1987 vedtok Stortinget samelova, og i 1990 ratifiserte Noreg, som første land i verda, ILO-konvensjonen om urfolk sine rettar. Samane er anerkjende som urfolk i Noreg, men førebels ikkje i Sverige, Finland og Russland.
Kva er samelova?
- Samelova skal sikre at samane i Noreg får moglegheit til å utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt.
- Samelova seier at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei er likestilte i forvaltingsområdet (område der norsk og samisk er likestilte) for samisk språk. Dette forvaltingsområdet omfattar i dag kommunane Kautokeino, Karasjok, Tana, Nesseby og Porsanger i Finnmark, Kåfjord og Lavangen i Troms, Tysfjord og Hattfjelldal i Nordland og Snåsa, Røyrvik og Røros i Trøndelag. Dei fire nordlegaste fylkeskommunane er også omfatta av forvaltingsområdet.
- I praksis betyr denne likestillinga av samisk og norsk språk for eksempel at ein har rett til opplæring i samisk.
- Barnehagetilbodet til samiske barn skal byggje på samisk språk og kultur, og den samiske læreplanen – den gjeldande læreplanen.
- Samisk skal brukast i skulen.
- I møte med det offentlege har ein rett til svar på samisk, og offentlege kunngjeringar, reglar og skjema skal finnast både på samisk og på norsk.
Formålet med desse og ei rekkje andre tiltak er å styrkje det samiske språket i forvaltingsområdet.