Undersøk valfridommen i norsk skriftspråk - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Undersøk valfridommen i norsk skriftspråk

Mange forbind skriftspråket med strenge reglar, men valfridommen er større enn mange trur. Bruker vi denne valfridommen?

Oppgåve 1

  1. Når du skriv bokmål, skriv du solen eller sola, selv eller sjøl, sent eller seint? Grunngi vala dine.
  2. Føretrekkjer du sitje eller sitte, difor eller derfor, de eller dokker på nynorsk? Grunngi valet ditt.
  3. I klassen/gruppa: Kor mange vel dei ulike formene i punkt b?

    • Kva kan valet til klassen seie om haldninga ungdommar har til språk og valfridom?
    • Vel de skrivemåtar i tråd med uttalen der de bur eller ikkje? Kvifor/kvifor ikkje?
  4. Alle desse orda er norske og betyr det same:
    åssen, koss, kossen, kordan, korleis, korles, hvordan, kås, kåssen, kålles, korsn

    1. Finn ut kor mange av orda som er tillatne i bokmål eller nynorsk.
    2. Synest du fleire former skulle vore tillatne? Færre former? Eller er det akkurat passe? Grunngi meininga di.
  5. Det samansette ordet “vannstandsenkning” har 16 tillatne skrivemåtar i bestemt form eintal i bokmål. Kor mange klarer du?

    Tips: Bruk Bokmålsordboka. Søk både "vannstand" og "senkning" og ta høgd for både valfri skrivemåte og valfri bøying.

Oppgåve 2

Kva idear ligg bak dei ulike språkreformene i Noreg?

Del 1

Vi kan dele argumenta inn i nokre hovudkategoriar:

  • det demokratiske motivet
  • det sosiale og pedagogiske motivet
  • det nasjonale motivet

Undersøk kva som ligg i kvart av desse punkta og skriv ein kort tekst som forklarer dei.

Del 2

Dei politiske partia hadde og har ulike syn på korleis vi skal styre språket i Noreg.

  1. Undersøk korleis partia Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet stilte seg i språkdebattane på 1800- og 1900-talet.
  2. Undersøk kva slags språkpolitikk dei same partia har i dag ved å sjå på partiprogramma og nettsidene deira. Står dei for det same som på 1800- og 1900-talet, eller har ting forandra seg?
  3. Kva for nokre av dei tre motiva i Del 1 finn de igjen hos dei tre partia?

Del 3

Tenk deg at du får ansvaret for å utforme norsk språkpolitikk:

  1. Kva slags motiv synest du er viktigast? Kvifor?
  2. Kva ville du endra på? Kvifor?
  3. Kva konsekvensar trur du avgjerdene dine ville få for språksituasjonen i Noreg i framtida?

Oppgåve 3

Diskuter påstanden i grupper/i klassen:

Vi bør innføre samnorsk for å styrkje det norske språket

Skriv ned argumenta for og imot og bruk punkta til å skrive ein kort, drøftande tekst som problematiserer påstanden.

Relatert innhald

Fagstoff
Valfridom i norsk rettskriving

Norsk er blant skriftspråka i verda med størst valfridom i rettskrivinga. Korleis blei det sånn? Det starta allereie på 1800-talet.

Skrive av Marthe Johanne Moe og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020