Hopp til innhald
Oppgave

Kvifor ville Knud Knudsen fornorske dansk?

Knudsen jobba for å fornorske dansk. Arbeidet hans la grunnlaget for bokmål. Du har kanskje lurt på kvifor han ville fornorske i staden for å lage eit nytt skriftspråk? Gjennom å jobbe med boka hans "Hvem skal vinne?" (1886) kan du få betre forståing for Knudsens prosjekt.

Oppgåve

Del 1: Språksynet til klassen

Diskuter påstandane:

  1. Vi bør unngå engelske ord og skrivemåtar i norsk.

  2. Det er viktig at skriftspråket liknar mest mogleg på talespråket.

  3. Det er betydinga og historia til ordet, altså der det kjem frå, som bestemmer om det er norsk, ikkje stavemåten, bøyinga eller uttalen.

  4. Dei to skriftspråka, nynorsk og bokmål, er like norske.

Del 2: Konteksten i teksten

No skal de jobbe med eit utdrag frå Kven skal vinne?, ei bok Knud Knudsen skreiv i 1886. Før de les, skal de plassere teksten i ein kontekst.

I grupper:

  1. Teksten du skal lese, blei gitt ut i 1886. Kor lenge hadde Knudsen då jobba for fornorsking av dansk? Finn informasjon på nettet om når Knud Knudsen publiserte fornorskingsidéane sine for første gong.

  2. Fleire av Knudsens forslag til fornorsking blei innført gjennom den første offisielle rettskrivingsreforma av riksmålet, men det skjedde ikkje før etter Knudsens død. Kor mange år tok det? Finn informasjon på nettet om når Knudsen døydde, og når denne første offisielle riksmålsreforma blei gjennomført.

  3. Jamstillingsvedtaket blei fatta av Stortinget berre eitt år før Knudsen publiserte boka Hvem skal vinne? Kva gjekk vedtaket ut på?

Del 3: Knud Knudsens språksyn

I tekstutdraget blir du betre kjend med språksynet til den språkengasjerte lektoren frå Tvedestrand. De kan anten lese Knudsens originaltekst eller ein modernisert versjon vi har laga.

I grupper:

  1. Ein på gruppa les ingress og det som står om teksten høgt for dei andre på gruppa.

  2. Den neste på gruppa les Knudsens innleiing til dei 15 punkta høgt for dei andre i gruppa.

  3. Summer opp innhaldet med 2–4 setningar. Skriv ned.

  4. Gå gjennom resten av teksten på same måten etter følgjande inndeling:

    • Utdrag frå punkt 2

    • Utdrag frå punkt 12

    • Knudsen kommenterer sine eigne forslag, avsnitt 1 og 2, deretter avsnitt 3 og 4, og til slutt avsnitt 5.

Aleine:

Oppsummer det du meiner er hovudsynspunkta i teksten. Skriv 8–15 setningar. Du skal leggje vekt på:

  1. Kvifor ønskjer Knud Knudsen eit norsk skriftspråk?

  2. Korleis vil han gå fram for å oppnå det?

  3. Kvifor er han oppteken av uttalen?

  4. Kvifor ønskjer han minst mogleg utanlandsk påverknad?

  5. Kva er skikkeleg norsk språk, ifølgje Knudsen?

  6. Kvifor har han meir tru på sitt prosjekt enn Aasens landsmål?

I plenum:

Diskuter det de har skrive ned: Er de einige om, og forstår de, kva som er Knud Knudsens språkprosjekt?

Del 4: Sorter Knudsens argument

No har de forhåpentleg forstått kva som er Knudsens språksyn. Neste steg blir å forstå kvifor Knudsen hadde dette språksynet.

Vi skal vende tilbake til påstandane de diskuterte i del 1, men vi har bytt ut nokre få ord:

  • Det var viktig for Knudsen å ha eit norsk skriftspråk fordi det sa noko om den nasjonale identiteten vår.

  • Det var viktig for Knudsen at det norske språket var lett å lære, og bruke, for alle i landet vårt.

  • Det var viktig for Knudsen at skriftspråket skulle etterlikne talemålet, ikkje omvendt.

  • Språket til "dei danna" var like norsk som språket til "vanlege folk".

  1. Lim Knud Knudsens tekst inn i eit tekstredigeringsprogram. Marker alle delar av teksten der du finn igjen tankesettet frå påstand 1 i Knudsens tekst. Du kan gjerne bruke ein fargekode (til dømes raudt).

  2. Repeter for påstand 2 og 3 og 4 og marker desse med andre fargar.

Del 5: Nasjonale, demokratiske og pedagogiske motiv

No skal du øve deg på å bruke fagomgrep for å forklare Knudsens språksyn. Vi seier nemleg at Knud Knudsen mellom anna arbeidde etter:

  • Nasjonale motiv: Språket heng saman med kulturen og historia i ein nasjon, og skriftspråket i ein nasjon bør vere i tråd med talespråket i nasjonen.

  • Demokratiske motiv: I eit demokrati har alle rett til å bli høyrd og til å delta – då må ein òg ha tilgang til informasjon og eit språk å uttrykkje seg på.

  • Pedagogiske motiv: Språket må liggje tett opp til talemålet til folk flest, slik at alle lett kan lære å bruke det.

  1. Sjå på korleis du fargekoda teksten i del 3. Klarer du å kjenne igjen høvesvis nasjonale, demokratiske og pedagogiske motiv hos Knud Knudsen?

  2. Dei fire påstandane de diskuterte i del 1, var altså eigentleg ein sjekk av haldningane dykkar til språkets nasjonale, demokratiske og pedagogiske funksjon. Var de einige med Knud Knudsen?

Del 6: Tekst i kontekst

Meir enn 100 år etter Knudsens Hvem skal vinne? skreiv språkprofessor Helge Sandøy om importord i norsk. Nedanfor kan du lese utdrag frå to av tekstane hans. Tekstutdraga gjer greie for den norske språkpolitikken når det gjeld normering av skriftspråket, både generelt og når det gjeld påverknad frå andre språk.

  1. Kva er hovudmålet for språknormeringsarbeidet? Kan du formulere det i 1–2 setningar?

  2. Kva for nokre nasjonale, demokratiske og pedagogiske argument finn du i tekstutdraga?

  3. Kva likskapar finn du mellom Knudsens språksyn og språksynet som kjem til uttrykk i desse tekstutdraga?

Norsk eller utanlandsk ordform?

Det viktigaste politiske målet for den offisielle språkpolitikken har vore at han skal tene ei demokratisk utvikling, det som òg er blitt kalla ei folkepedagogisk målsetjing, dvs. at språket skal vere lett å bruke, og at flest mogleg skal kunne kjenne det att som sitt. Ein skal unngå at språket skaper sosial (eller sosiolingvistisk) avstand. Derfor er det mest tenleg å gi nemningane på dei nye omgrepa ei norsk form (avløysarord eller norvagisert form) som gjer dei lette både å forstå og å bruke for flest mogleg. I det kulturpolitiske perspektivet kan ein hevde at det er ved åsameine internasjonale impulsar med vårt eige vi kan bidra til den samla kulturvariasjonen i verda.

Sandøy (2000, s. 211)

Målet for norvagiseringa

Det er i tråd med den norske språkpolitiske tradisjonen at ein ønskjer å gjere tilgangen til skriftmålet lettast råd for alle samfunnsgrupper. Vanskelege og mønsterbrytande skriftbilete gjer skriftspråket mindre tilgjengeleg, og altså vanskelegare å bruke.

Norsk skriftmål byggjer på at det skal vere eit godt samsvar mellom skrift og tale. Det bør altså vere like enkelt å skrive det relativt nye importordet teip (av eng. "tape") som det er å skrive det gamle importordet kjeks (av eng. "cakes") eller som eit norsk arveord som hest. Norsk og f.eks. engelsk har ein del nokså like ord, f.eks. arm, frilans, land, sjokk, tøff. Det vil vere pedagogisk kompliserande om nokre av dei som er relativt like, skulle skrivast på engelsk, andre ikkje. Det enklaste pedagogiske prinsippet er å skrive dei orda vi brukar i norsk, på norsk; det vil seie på tilsvarande måte som når vi skriv dei orda vi brukar i ein engelsk tekst, på engelsk.

Sandøy (2004)

Relatert innhald

Kjelder

Sandøy, H. (2000). Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. Landslaget for norskundervisning LNU/Cappelen akademisk forlag. Oslo. Henta frå: https://www.nb.no/items/100378dbb9a3815ec25deba2296667ff?page=1&searchText=.

Sandøy, H. (2004). Norsk skrivemåte av importord – norvagisering. Henta frå: https://www.sprakradet.no/upload/norvag04.PDF (mai 2021)

Skrive av Christian Lund og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021