Hopp til innhald
Fagartikkel

Ivar Aasen og landsmålet

Kva ville fått deg til å ri eller gå 4000 km? Kjærleiken? Hobbyen din? Pengar? For Ivar Aasen var det språkinteressa og draumen om eit eige norsk skriftspråk som fekk han til å reise Noreg på kryss og tvers i 26 år.

Hjartespråk eller smertespråk

Du visste kanskje ikkje at Aasen reiste så langt, men bur du i Noreg, får du med Ivar Aasen å gjere på ein eller annan måte. Kanskje er nynorsk "hjartespråket" ditt? Det er det som er norsk, skriftspråket du har vakse opp med, og som liknar på språket du snakkar. Eller kanskje er "nynorsk "smertespråket" ditt? Det "andre" skriftspråket, det du stort sett forstår, men som likevel kjennest framandt for deg – og som du liksom ikkje heilt får taket på.

Mange av oss hamnar ein eller annan stad mellom desse to ytterpunkta. Uansett har vi alle eit eller anna forhold til Ivar Aasen. Kven var han, og korleis blei landsmålet eigentleg til?

Oppveksten og utdanninga til Aasen

Ivar Aasen (1813–1896) voks opp på eit småbruk i Ørsta på Sunnmøre. Som ung gut viste han uvanleg gode evner, og allereie i 18-årsalderen blei han lærar i heimbygda. Seinare fekk han tilbod om universitetsutdanning, men valde i staden å studere på eiga hand.

På den tida såg samfunnseliten ned på bondekulturen og bondespråket, altså dialektane. Dette opplevde Aasen som sårande, så han gjekk inn for å styrkje den kulturelle og språklege sjølvtilliten til bondestanden. Han laga tidleg ei grammatisk skildring av talemålet på Sunnmøre. Denne var så god, at han etter kvart fekk stipend til å reise landet rundt og granske det norske folkemålet.

Aasen sitt forslag

Det offisielle skriftspråket på 1800-talet var dansk, og den norske embetsstanden snakka meir eller mindre dansk med norsk uttale. Folk elles snakka norske dialektar omtrent som dei gjer i dag. Avstanden mellom skrift og tale var stor for dei aller fleste.

Ivar Aasen ønskte seg eit nytt skriftspråk basert på det norske talemålet. Også historikaren Peder Andreas Munch hadde foreslått å lage eit skriftspråk basert på éin norsk dialekt. I motsetning til P. A. Munch ville ikkje Aasen skape noko "museumsspråk". Han ønskte seg eit skriftspråk som skulle setje heile folket i stand til å delta i samfunnslivet. Derfor lét han element frå fleire ulike dialektar danne grunnlag for det nye språket.

Dialekt- og ordsamlaren Aasen

I 1841 drog Aasen til Bergen og kom i kontakt med biskop Jacob Neumann. Biskopen var særleg interessert i sunnmørsgrammatikken som Aasen hadde laga, og hjelpte han med å få eit stipend frå Videnskabs-Selskabet i Trondheim. Aasen fekk då i oppdrag å granske det norske folkemålet.

I fire år, frå 1842 til 1846, reiste Aasen rundt i landet og studerte bygdemåla. Bymål og dialektar på Sør-Austlandet unngjekk han fordi han meinte dei var for danskpåverka. Materialet han samla inn, utgjorde grunnlaget for to vitskaplege verk: Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Heilt fram til 1868 var Aasen nesten kvart år på språkreiser, gjerne til stader han ikkje hadde vore før. Til saman tilbakelegg han same avstand som ein biltur frå Ørsta til Cape Town – og tilbake.

Aasen sin grammatikk og ordboka hans for det nye landsmålet

Det norske Folkesprogs Grammatik var Aasens første store vitskaplege verk. Grammatikken forklarer lydverk, bøying, ordlaging og syntaks i dei ulike norske dialektane. To år seinare, i 1850, gav han ut Ordbog over det norske Folkesprog. Boka har ca. 25 000 oppslagsord og er den første ordboka over norsk talemål som byggjer på systematisk innsamla materiale.

Ordbøker og grammatikkar er gjerne normative (forklarande), det vil seie at dei fortel kva som er rett stavemåte, bøying, setningsbygning og så vidare i eit skriftspråk. Dei to bøkene til Aasen er derimot først og fremst deskriptive (beskrivande). Dei fortel kva folk faktisk seier.

"Ivar Aasen skapte ikkje eit språk, han laga ikkje eit språk. Han fann eit språk."

Ottar Grepstad, forfattar og filolog

Landsmålet til Aasen tek form

Med utgangspunkt i dei to bøkene byrja han arbeidet med å skape eit landsmål. Det ligg i ordet at han ville utvikle eit nasjonalspråk, eit skriftspråk for heile landet. Omgrepet er likevel tvitydig, for Aasen unngjekk talemålet i byane, og i Noreg bruker vi ordet "landet" både om nasjonalstaten og om landsbygda. Landsmål kan derfor òg bety "bygdespråk".

Aasen ville rett og slett skape eit skriftspråk for "almuen", altså for vanlege folk, og han arbeidde mellom anna etter desse prinsippa:

Fellestrekk skal kome fram
Skriftspråket skal synleggjere det felles systemet i dialektane så langt som mogleg.
Gammalt framfor nytt
Dersom det finst fleire former, vel han den forma som ligg nærast norrønt. Han bruker òg den norrøne forma som rettesnor når han skal lage ei skriftform av eit ord der ingen av dialektformene er noko opplagt val.
Norsk framfor utanlandsk
Aasen er purist, det vil seie språkreinsar. Han vil ha eit språk med færrast mogleg utanlandske innslag. Mellom anna avviser han dei såkalla an-be-het-else-orda.
Fast norm
Aasen vil ha ei fast norm for landsmålet sitt. Han meiner at alle må gi avkall på somme av dialektformene sine for å få til ei klar skriftspråksnorm.

I 1853 lanserte Aasen eit forslag til ny skriftspråksnormal i boka Prøver av Landsmaalet i Noreg. Seinare omarbeidde han både grammatikken og ordboka. I Norsk Grammatik, som kom ut i 1864, hadde han teke med sitt eige utkast til skriftspråksnormal og gjort grundig greie for vala sine. Norsk Ordbog kom ut i 1873.

Videoen er henta frå ein programserie som NRK laga i 1996 om Ivar Aasen og landsmålet. Du kan sjå programma i sin heilskap her:

Det demokratiske motivet

For Ivar Aasen var ikkje språk berre eit spørsmål om endingar og grammatikk, det var mest av alt eit spørsmål om demokrati. I eit demokrati har alle rett til å bli høyrd og til å delta – då må òg alle ha eit språk å uttrykkje seg på.

Eliten i Noreg skreiv dansk og la talemålet sitt så nært opp til dansk som mogleg – dei snakka noko ein kallar "danna daglegtale". Aasen meinte at det var denne eliten som måtte endre skriftspråket sitt – dei var trass alt i mindretal. I eit demokrati må ein ta omsyn til fleirtalet – og den store majoriteten i Noreg var bønder med eit talemål langt frå dansk. Det var dette språket, folkespråket, som måtte danne grunnlaget for skriftspråket til den nye nasjonen Noreg.

Det sosiale og pedagogiske motivet

Eit eige norsk språk var òg viktig for å jamne ut sosiale forskjellar i landet. Avstanden mellom eliten i byane og folk flest på landet var enorm. Ein nøkkel for å jamne ut desse forskjellane var ein betre skule. Mange barn lærte nemleg aldri å skrive eller lese – dei fekk få timar på skulebenken, og når dei først var der, opplevde dei at bokstavane og språket i lærebøkene var fjernt for dei. Kva betydde eigentleg "dreng" og "bange"?

Å lese var sjølve inngangsbilletten til samfunnet. Til dømes måtte dei på 1800-talet bli konfirmerte for å bli rekna som myndige. For å bli konfirmert, måtte dei kunne lese og gjere greie for det som stod i Bibelen. Dette blei vanskeleg for mange, sidan det var mange analfabetar i Noreg. At skriftspråket var dansk, var derfor eit stort pedagogisk problem.

Det nasjonale motivet

Dei pedagogiske, sosiale og demokratiske motiva til Aasen er alle nært knytte til tankar frå opplysingstida på 1700-talet. Utdanning og opplysing var viktig for framsteget og utviklinga i samfunnet.

Det viktigaste for Aasen var likevel at språket skulle vere norsk. Dette var tufta på tankar frå nasjonalromantikken – nemleg at ein sjølvstendig nasjon måtte ha sitt eige språk, eit språk som er typisk for den nasjonale folkeånden. Dette blir kalla for det nasjonale motivet til Aasen. Det var derfor Aasen unngjekk byspråket, som han meinte var altfor påverka av dansk.

Mottakinga av landsmålet

Framgang på alle frontar

Landsmålet opplevde stor framgang frå ca. 1860 og fram til 1900. Organisasjonar og forlag blei stifta, det kom ut eigne nynorskaviser og -tidsskrift, og landsmålet hadde støtte i mange folkehøgskular. Landsmålsstøtta var òg stor i det politiske partiet Venstre, og då dei kom til makta i 1884, tok det berre eitt år før partiet sørgde for å likestille landsmålet med det eksisterande danske skriftspråket. Vedtaket er kjent som Jamstillingsvedtaket av 1885. 7 år seinare, i 1892, blei kvart enkelt skulestyre rundt om i landet gitt retten til å bestemme kva skriftspråk dei skulle bruke i lærebøkene.

Landsmålet – eit radikalt prosjekt

Landsmålsprosjektet til Aasen blei stort sett positivt mottekne, men landsmålet var òg uhyre kontroversielt. Vi må hugse at regelen i dei fleste andre land er at talespråket etterliknar skriftspråket, ikkje omvendt. I tillegg er skriftspråket vanlegvis eit elitespråk. Å lage eit skriftspråk basert på talemålet, attpåtil talemålet i bygdene, var veldig radikalt.

Motstand

Det var populært blant bøndene og nasjonalistiske grupper, men mange folk i byane identifiserte seg ikkje med landsmålet. Landsmålet var "bondespråk". Somme meinte òg at landsmålet var eit udanna, usivilisert språk, og at det var språket til den intellektuelle "eliten" som representerte danning. Andre, Bjørnstjerne Bjørnson til dømes, meinte landsmålet var bakstreversk og representerte fortida, ikkje framtida. Han syntest òg at synet til landsmålstilhengjarane på "det norske" var for snevert. "Hvad er norsk?", spurde Bjørnson retorisk i 1899. "Ja, det er, hvad som passer os, det vere fra Frankrige eller fra Hardanger."

Arven etter Aasen

Når 1800 blei til 1900, hadde Ivar Aasen vore død i fire år, og stemninga mellom landsmålstilhengjarane og riksmålstilhengjarane var meir fiendtleg enn nokon gong. Under første halvdel av 1900-talet var forholdet mellom dei to norske skriftspråka veldig turbulent, men i perioden 1960 til 2000 levde dei to fredeleg side om side. Først i dei aller siste åra har forslag om å fjerne sidemålsundervisninga i skulen sett fart på debatten igjen. Bokmål og nynorsk handlar for mange enno om "hjarte" og "smerte".

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor har norsk to skriftspråk?

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Oppgåver og aktivitetar
Kvifor laga Ivar Aasen nynorsk?

Kvifor laga Ivar Aasen nynorsk? Sammenlikn Aasens språksyn med ditt eige, og øv deg på å kjenne igjen nasjonale, demokratiske og pedagogiske motiv.


Kjelder

Grepstad, Ottar 2013. Historia om Ivar Aasen. Samlaget. Oslo

Sørensen, Øystein 2002. Språkutviklingen på 1800-tallet. I: Egil Børre Johnsen (red.). Vårt eget språk. Aschehoug. Oslo


Skrive av Christian Lund, Oddvar Engan og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020