Hopp til innhald
Fagartikkel

Knud Knudsen og riksmålet

Trur du det hadde vore lettare å lære seg å lese og skrive viss vi skreiv slik vi snakkar? Det meinte i alle fall Knud Knudsen og utvikla eit skriftspråk bygd på talemålet til "danna" folk. Sjølv om han døydde lenge før omgrepet bokmål oppstod, blir han kalla "bokmålets far".

Oppveksten og utdanninga til Knudsen

Knud Knudsen (1812–1895) kom frå Holt ved Tvedestrand og voks opp under enkle kår. Han blei lærar i heimbygda, og seinare tok han filologisk embetseksamen ved Universitetet i Kristiania. Han enda etter kvart opp som overlærar ved katedralskulen i Kristiania.

Knudsen var ein pådrivar i arbeidet med å utvikle latinskulen til ein meir allmenndannande skule. Etter hans syn burde morsmålsfaget stå sentralt, med vekt på norsk språk, litteratur og kultur. I lærarjobben såg Knud Knudsen òg kor viktig det var for elevane å få eit skriftspråk som var betre tilpassa norsk daglegtale enn det danske skriftspråket dei måtte lære seg.

Fornorskingslinja

"Den danna daglegtalen"

Knud Knudsen ville utvikle eit norsk skriftspråk. I første omgang ville han ta utgangspunkt i den danna daglegtalen og gjere dette om til eit skriftspråk. Knudsen karakteriserte danna daglegtale som «den almindeligste Udtale af Ordene i de Dannedes Mund». Dette var det uformelle talemålet til borgarskapet i byane rundt omkring i landet.

Knudsen og Aasen – felles målsetjing

Knud Knudsen hadde det same nasjonale målet for auget som Ivar Aasen, nemleg eit sjølvstendig norsk skriftspråk. Begge hadde òg pedagogiske argument for arbeida sine. Dei såg nemleg at elevane streva fælt med det danske skriftspråket. Ifølgje dei begge ville eit skriftspråk som låg nærare talemålet til elevane, lette opplæringa og dermed òg tene folkeopplysinga.

Knudsen og Aasen – ulik tilnærming

Læraren Knudsen meinte likevel at Aasen sin idé om å skape eit heilt nytt skriftspråk basert på dialektane, var for radikal. For det første ville Knudsen gå «Gradvishetens Vej, ikke Bråhastens». Han såg ei gradvis fornorsking av det danske skriftspråket som den beste løysinga. Her var han på linje med Henrik Wergeland. Men der Wergeland i stor grad hadde ei romantisk tilnærming, var Knudsen si tilnærming meir systematisk og fagleg.

For det andre syntest Knudsen det var ein fordel å ta utgangspunkt i eit talemål som ikkje var bunde til nokon konkret landsdel. For det tredje meinte han det ville vere lettare å få gjennomslag for eit skriftspråk dei med maktposisjonar i samfunnet kunne identifisere seg med.

Det ortofone prinsippet

Ein grunntanke hos Knudsen var at skrivemåten skulle spegle uttalen. Kvar bokstav skulle stå for berre éin språklyd, og ingen bokstavar skulle vere stumme. Dette kallar vi det ortofone (lydrette) prinsippet. Knudsen ville derfor

  • endre b, d og g til p, t og k i ord som tabe, mad og pige, i samsvar med talemålet i det meste av landet
  • fjerne stum e i ord som faae, staae
  • forenkle lange vokalar som been til ben og huus til hus
  • erstatte bokstaven c(h) med k i lånord som consul og charakteer
  • erstatte ph med f i lånord frå gresk, slik at ein skulle skrive filosof og ikkje philosoph
  • innføre kortformer av verb som dra og ta for drage og tage

Kritisk til framandord

Knudsen var i grunnen meir oppteken av ordtilfang enn av grammatikk og lydlære. Han var såkalla purist og sterkt imot ukritisk bruk av framandord i norsk. Han meinte framandorda gjorde det vanskelegare for folk å skaffe seg kunnskap. Aller helst burde vi bruke norske avløysarord, meinte han. Der det likevel var naturleg å bruke framandord eller lånord, ville han ha norsk skrivemåte. I dag vidarefører Språkrådet det arbeidet som Knud Knudsen sette i gong med å finne gode norske avløysarord.

Mottakinga

Motstand

Knudsen fekk mykje kritikk for fornorskingsprosjektet sitt i samtida. Både dei danskvenlege og forkjemparane for landsmålet meinte at han heldt på å skape eit blandingsmål som verken var dansk eller norsk. Han fekk berre gjennomslag for nokre få av forslaga sine medan han levde.

Det første gjennomslaget

Den første sigeren kom relativt tidleg. I 1860 gjekk Knudsen til Kyrkjedepartementet, som den gong forvalta skulepolitikken, med ein del forslag til endringar i skulerettskrivinga. Han fekk gjennomslag for somme av forslaga, så i 1862 vedtok Kyrkjedepartementet følgjande rettskrivingsendringar:

  1. Stum e skulle bort (faae > faa).
  2. Dobbel e, i, u skulle ikkje lenger uttrykkje lang vokal (Meel > Mel, Stiil > Stil, Huus > Hus).
  3. K-lyd skulle ikkje lenger kunne skrivast med c, ch eller q (Control > kontrol, qvalm > kvalm).
  4. F-lyd skulle ikkje lenger kunne skrivast med ph (Philosof > Filosof).

Endringane skulane måtte tilpassa seg, var ortografiske forenklingar, men kunne ikkje kallast fornorskingar.

Det største gjennomslaget?

Først i 1907, tolv år etter Knud Knudsen sin død, kom ei ny rettskrivingsreform der dei avgjerande prinsippa frå arbeidet hans låg til grunn. Dei stemde konsonantane b, d og g, som var typiske for dansk, skulle frå no av skrivast p, t og k (ud > ut, kage > kake). I tillegg fekk mange kortformer innpass ved sida av dei eldre (far/fader, ha/have, si/sige). Etter 1907-reforma kunne riksmålet endeleg oppfattast som meir norsk enn dansk.

I dag vil dei aller fleste seie seg einig i at bokmål er norsk. Og med mellom 4.3 og 5 millionar bokmålsbrukarar kan vi trygt seie at Knud Knudsen lykkast med prosjektet sitt. Det er ikkje utan grunn at han blir kalla bokmålets far.

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor har norsk to skriftspråk?

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Skrive av Oddvar Engan, Christian Lund og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2020