Bli med på ei tidsreise med P. A. Munch, Wergeland og Welhaven
Du skal ut på ei spennande, men krevjande reise tilbake i tid. Det kan vere lurt å reise med ein eller fleire venner.
De går inn i tidsmaskina, klare til å reise tilbake til språkdebatten på 1830-talet.
Displayet lyser "1835", og de trykkjer på knappen. Tidsmaskina ristar og alt spinn. Lufta blir flerra av kraftige lyn, og plutseleg er alt blendande kvitt. I neste augneblink står de og tidsmaskina på Universitetsplassen i Kristiania, mellom Universitetet og Karl Johans gate.
Tre menn i høglydt diskusjon
På veg ut av maskina aktiverer de estetikkmodus; han gir dykk automatisk både tidsriktige klede og utsjånad. Deretter set de tidsmaskina i usynlegheitsmodus.
På plassen, ikkje langt unna dykk, står tre menn og diskuterer. Den eine, ein myndig mann med minkpels over skuldrene, viftar med peikefingeren og snakkar høglydt:
"Pøbelspråk! Det er ikke naturlig å blande språk på den måten! Enten må vi fortsette å skrive dansk, slik også Welhaven ønsker, eller så må vi lage et norsk skriftspråk med utgangspunkt i den dialekten som likner mest på norrønt!"
Mannen er historieprofessor P. A. Munch. Nysgjerrige går de bort. Ein av dykk pirkar han på skuldra og spør: "Beklagar om eg forstyrrar, men kvifor er du så oppteken av det norrøne?"
Han rynkar på nasen, mumlar noko om at det berre er folk utan danning som seier "du" og ikkje "De", og rekkjer dykk den tre år gamle artikkelen sin "Norsk Sprogreformation". Teksten er på dansk, men så fort de får litt avstand til dei diskuterande mennene, skannar de teksten med omsetjingsappen på mobilen og får ein digital, modernisert versjon.
Oppgåve 1
Les utdrag frå P. A. Munchs "Norsk språkreformasjon".
Kva synest Munch om måten "språkreformatorane", som til dømes Wergeland, prøver å fornorske det danske skriftspråket på – og korleis argumenterer han?
Korleis argumenterer Munch for synet sitt om å ta utgangspunkt i ein rein norsk dialekt?
Korleis vil de, med dykkar eigne ord, beskrive Munchs syn på språk?
Den engasjerte diktaren
Idet de er ferdige med å lese, høyrer de ein av dei to andre seie: "For noko tull!"
Det er diktaren Henrik Wergeland. Han held fram:
"Vi må gradvis fornorske det danske skriftspråket! Danske ord og uttrykk må avløses av norske, og skrivemåten bør bli mer tilpasset norsk uttale!"
De passar på å seie "De" og spør han kvifor han ønskjer den løysinga, og korleis han ser for seg at det skal gå føre seg. Han svarer ikkje, men gir dykk den nyleg publiserte artikkelen sin "Om norsk Sprogreformation" i staden. Det er ein artikkel han har skrive som svar til P. A. Munchs artikkel. De skannar teksten og han blir modernisert.
Oppgåve 2
Les utdrag frå Wergelands "Om norsk språkreformasjon".
Wergeland presenterer følgjande fire argument for fornorskingstanken. Korleis kjem dei til uttrykk i utdraget?
Eit stilistisk, litterært argument: om forholdet mellom språket, kunsten og kunstnaren.
Eit estetisk, lydleg argument: om forholdet mellom lydane i språket og kulturen eller naturen.
Eit nasjonalt argument: om forholdet mellom språket og nasjonen.
Eit demokratisk argument: om forholdet mellom språket og folket.
Korleis vil de, med eigne ord, beskrive Wergelands syn på språk? Vis til utdraget frå artikkelen hans når de svarer.
På kva punkt synest de Munch og Wergeland er mest ueinige i sine syn på språket?
Fordjuping: Undersøk kven Johann Gottfried Herder var og kva syn han hadde på språk. Korleis passar Wergelands språksyn med Herders språksyn?
Den velkledde tek ordet
Endeleg opnar òg den tredje av desse herrane munnen - ein velkledd mann med danna bymål ispedd bergenske trekk. Han nærast roper til Wergeland: "Kor lenge skal De rase mot fornuften?"
Den som roper, er Wergelands diktarrival Johan Sebastian Welhaven. Ein av dykk avbryt han: "Herr Welhaven! Kva meiner De med det?"
Welhaven svarer velvillig:
"Det er klinkende klart at vi må beholde det danske skriftspråket! Danmark er en respektabel nasjon som vi gjennom språklige bånd er nært knyttet til! Og innenfor kunst og vitenskap er den danske åndsvirksomheten oss for øyeblikket helt overlegen! Vi har fremdeles mye å lære av danskene, og vi må ikke bli overmodige i synet på vår egen selvstendighet!"
"Les diktet mitt 'Norges Dæmring', så vil du forstå!" seier han og gir dykk det 76 sider lange diktet. Denne gongen bruker de to appar: éin for omsetjing frå dansk til norsk, éin for å forklare uvanlege eller gammaldagse ord.
Oppgåve 3
Les utdrag frå Welhavens dikt "Norges demring".
Korleis kjem Welhavens syn på språksituasjonen og den norske trongen til sjølvstende til uttrykk i diktet?
Korleis vil de, med eigne ord, beskrive forskjellen mellom Welhavens og Wergelands språksyn?
Etter å ha sett dykk inn i syna og argumenta til dei tre mennene, blir de freista til å fortelje dei om dagens språksituasjon.
Oppgåve
Fortel Munch, Wergeland og Welhaven om dagens norske språksituasjon. De kan velje om de vil gjere det munnleg (maks 20 sekund) eller skriftleg (maks fem setningar).
Trioen byrjar å diskutere seg imellom og vil veldig gjerne vite meir. De inviterer dei med i tidsmaskina, noko dei (svært overraskande) blir med på.
Vel tilbake i vår tid, lèt de dei få eit par dagar til å setje seg betre inn i den moderne norske språksituasjonen. Deretter inviterer de alle tre til skulen dykkar. Der får de høve til å stille dei følgjande spørsmål:
Kva synest de om utviklinga av bokmålet sidan dykkar eiga tid?
Kva synest de om det nynorske skriftspråket?
Kva synest de om at nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk?
Kva synest de om at alle norske elevar skal ha sidemålsundervisning?
Kva synest de om samnorskpolitikken på 1900-talet?
Kva synest de om den store valfridommen i rettskrivinga i bokmål og nynorsk?
Kva synest de om Noregs arbeid for å verne om og styrke dei samiske urspråka, samt dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes?
Kva synest de om den store påverkinga engelsk har på norsk talespråk?
Kva synest de om at engelsk er i ferd med å ta over innanfor høgare utdanning, arbeidsliv, underhaldingskultur og i fleire ungdomsmiljø?
Oppgåve
Vel minst to av spørsmåla. Formuler svara til både Munch, Wergeland og Welhaven. Kvart svar bør ikkje vere lengre enn ca. 150 ord.
Det er på tide å sende Munch, Wergeland og Welhaven trygt tilbake til deira eiga tid. For å unngå å endre gongen i historia stiller de inn tidsmaskina til datoen før de trefte dei på Universitetsplassen.
I klassen snakkar alle om besøket.
Oppgåve
Diskuter i gruppa eller i klassen:
Kva var det lettaste og det vanskelegaste ved å overføre språksyna til dei tre historiske personane til vår moderne språksituasjon?
Kva likskapar er det mellom språkdebatten og språksituasjonen i Noreg på 1830-talet og i dag?
Kva forskjellar er det mellom språkdebatten og språksituasjonen i Noreg på 1830-talet og i dag?
Relatert innhald
Forfattarane og samfunnsdebattantane Johan Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland spelte ei viktig rolle i utviklinga av den nye nasjonen.
Kvifor var det så stor ueinigheit om korleis eit norsk skriftspråk skulle sjå ut på 1800-talet? Les meir om kva argument dei ulike syna hadde.
Sanness, J. (1959). Patrioter, intelligens og skandinaver. Norske reaksjoner på skandinavismen før 1848. Universitetsforlaget.