Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skje eller skei? Lyd eller ljod? Er det så nøye, då?

At det er stor variasjon i norsk talemål, er kjent for dei fleste. Derimot er det ikkje alle som veit at variasjonen i skriftspråket òg er stor – i alle fall på papiret.


Kor stor er variasjonen – sånn eigentleg? Og kva haldningar har vi til han?

Oppgåve 1. Utforsk valfridommen i skriftspråket

Del 1

Jobb i par eller grupper.

  1. Sjå på språket til personane A–D nedanfor. Bruk to–tre minutt kvar for dykk til å notere kva de legg merke til. Del deretter med kvarandre i gruppa. Legg de merke til dei same tinga?

  2. Diskuter kjønn, alder, bustad, stil, yrke og sosial status til dei fire personane.

  3. Kva fordommar eller ligg til grunn for svara de har gitt i oppgåve b?

  4. Kva for ein av personane A–D ligg nærast slik de sjølve

    • snakkar

    • skriv

PERSON A: Jeg lette etter skjeen til grøten, og fant den i gryta. Øynene mine må ha spilt meg et puss.

PERSON B: Jeg leita etter skeia til grauten og fant den i gryta. Øya mine må ha spelt meg et puss.

PERSON C: Nå gir du jernet enten du vil eller ikkje, elles så skal nok pipa få ein annan lyd.

PERSON D: No gjev du jarnet anten du vil eller ikkje, elles so skal nok pipa få ein annan ljod.

Del 2

Her skal du først gjette kva former nokre ord kan ha. Deretter skal du undersøkje om du sjølv bruker flest konservative eller radikale former når du skriv bokmål og nynorsk.

Tips: Noter resultata dine undervegs så du kan samanlikne med andre.

Del 3

Samanlikn resultata i del 2 i gruppa eller i klassen. Før gjerne statistikk.

  1. Er det stor variasjon, eller er det ganske likt? Diskuter kvifor.

  2. Er det nokre ord/skrivemåtar som skil seg ut?

Oppgåve 2. Radikalt og konservativt skriftspråk

Del 1

Les meir om dei ulike skriftspråkvariantane på snl.no:

  1. Kva er forskjellen mellom moderat og konservativt bokmål?

  2. Kvifor bruker vi omgrepa "radikal" og "konservativ" om dei ulike skriftspråkvariantane?

  3. Kva for bokmålsvariant ligg nærast nynorsk?

  4. Kva skriftspråkvariant bruker du?

Del 2

  1. Sjølv om talemålsvariasjonen i Noreg er stor og dialektane står sterkt, skriv det store fleirtalet konservativt eller moderat bokmål. Kvifor det, trur du?

  2. Trur du det er konservativ eller radikal nynorsk som dominerer? Gjer deg nokre tankar om kva du trur, og diskuter gjerne med andre før du leitar etter svar på internett eller andre stader.

Del 3

Sorter bokmåls- og nynorskorda du finn i vindauga nedanfor, i radikale og konservative former.

Bokmål:

Nynorsk:

Oppgåve 3. Radikalt og konservativt bokmål

Teksten nedanfor er skriven på konservativt bokmål. Gjer om teksten til radikalt bokmål ved å fylle inn dei riktige formene i dei blanke felta. Det kan vere lurt å bruke ordbok i arbeidet.


Oppgåve 4. Bokmåls- og nynorskformer i bruk

Ved hjelp av søkjetenesta til Nasjonalbiblioteket N-gram (Beta)(nb.no) kan du søkje opp når og kor ofte eit ord blir nytta i tekstar mellom 1810 og 2013. Dermed kan du "forske" på utviklinga av radikale og konservative former i nynorsk og bokmål.

Det er lurt å lese om søkjetenesta i boksen nedanfor før du kastar deg over oppgåvene.

Del 1. Bruk av bokmålsformer

Opne "innstillingar" og marker for "berre bokmål".

Du skal søkje opp ordpara/ordgruppene du finn i lista nedst i oppgåva. For kvart søk skal du svare på følgjande spørsmål:

  1. Kva utviklingstendensar ser du? Forklar med eigne ord korleis bruken av dei to formene har utvikla seg.

  2. Kva trur du kan forklare utviklinga?

  3. Korleis trur du bruken av formene blir om 50 år? Kvifor?

Ordpar/ordgrupper:

  • dyp, djup

  • hytten, hytta

  • frem, fram

  • sammenlikner, sammenligner

  • benene, bena, beina

Del 2. Bruk av nynorskformer

Opne "innstillingar" og marker for "berre nynorsk".

Du skal søkje opp ordpara du finn i lista nedst i oppgåva. For kvart søk skal du svare på følgjande spørsmål:

  1. Kva utviklingstendensar ser du? Forklar med eigne ord korleis bruken av dei to formene har utvikla seg.

  2. Kva trur du kan forklare utviklinga?

  3. Korleis trur du bruken av formene blir om 50 år? Kvifor?

Ordpar:

  • døme, eksempel

  • hennar, hennes

  • då, da

  • fyrst, først

  • korkje, verken

Oppgåve 5. Haldningar til skriftspråkvariasjon

I tekst 1 under hevdar Hans Christian Holm, initiativtakar til Foreninga for radikalt bokmål, at mange ønskjer å skrive radikalt, men ikkje får lov. Tekst 2 og 3 er skrivne av nokon som har fått kritikk for måten dei skriv eller snakkar på.

Tekst 1: "Skæv eller skog?" (nrk.no)

Tekst 2: "De sier vulgært, jeg sier talemålsnært" (forskerforum.no)

Tekst 3: "Det norske skriftspråket er rasert" (landgaard.no)

  1. I gruppe: Fordel tekstane mellom dykk og undersøk kva haldningar til språk som kjem fram i dei.

    • Kva består kritikken i?

    • Kva er argumenta forfattarane møter hos dei som gir kritikk?

    • Er de einige med kritikarane eller forfattarane? Grunngi!

  2. I klassen: Diskuter påstanden " I Noreg bør vi få lov til å velje den språkforma vi sjølv liker best".

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2021

Læringsressursar

Språkstyring