Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor jobbar ikkje alle på ein tölvu?

Når du besøkjer Sverige, Danmark, Island eller Færøyane, kjenner du det kanskje litt som heime, men samtidig at ting er annleis. Me skal sjå på kva konsekvensar språkstyringa i dei nordiske landa har hatt for korleis språka ser ut i dag.

Likt, men annleis

Svensk, dansk, norsk, islandsk og færøysk har utvikla seg frå eit felles språk, urnordisk. I fleire hundre år kunne folk frå store delar av det vi i dag kallar Norden, forstå kvarandre sitt språk. No er det ikkje lenger slik.

Vi forstår dansk og svensk ganske godt, sjølv om det er både ord og lydar som kan skape misforståingar. Treffer vi på islandsk og færøysk, blir det straks verre. Vi vil nok kjenne igjen nokre ord, men ikkje nok å forstå lengre tekstar. Det blir ikkje betre av at desse to øynordiske språka òg har kasus. Islandsk og færøysk ligg tettare opp mot det norrøne.

Vi skal sjå nærare på korleis språkpolitikken i dei nordiske landa har vore med på å forme språka slik dei er i dag, og då først og fremst korleis dei stiller seg til påverknad utanfrå, og korleis dei normerer skriftspråket.

Sjå på tabellen under. Kvifor trur du somme av orda blir skrivne nesten likt, medan andre er svært ulike?

Norsk NB/NN

Dansk

Svensk

Færøysk

Islandsk

datamaskin

computer

dator

teldur

tölvu

far

far

far

faðir

faðir

vindauge/vindauge

vindue

fönster

vindeyga

glugga

majones

mayonnaise

majonnäs

majonesa

majónes

stein

sten

sten

steinur

steinn

Islandsk purisme

Islendingane har lenge vore opptekne av å ta vare på språket sitt, som ein viktig del av Islands kulturarv. Derfor er Islands språkpolitikk sterkt ideologisk forankra i . Undersøkingar viser at islendingar støttar dei puristiske språkstyringsprinsippa i landet, og at dei er meir negative enn dei nordiske naboane til bruk av engelsk i arbeidslivet. (Kristinsson, 2018)

Når islendingane treng eit nytt omgrep, lagar dei det i staden for å importere det. Slike ord blir kalla avløysarord. Då til dømes telefonen blei populær i byrjinga av 1900-talet, blei samansetjinga farsími laga. Far betyr flytte og sími betyr tråd. Viss dei ikkje lagar eit nytt ord, tilpassar dei ordet til det islandske språket (squash > skvass).

Språkrådet i Noreg jobbar ut frå same prinsippet og foreslår avløysarord som babygåvedryss, seriefråtsing og gratissiger. Somme av dei slår gjennom, andre ikkje. Islendingane verkar generelt å vere meir positive til avløysarord enn nordmenn.

Forholdet mellom skrift og tale

Islandsk er eit nokså ortofont skriftspråk, som betyr at avstanden mellom islandsk skrift og tale er nokså liten. Island har heller ingen dialektar å snakke om.

Språkreinsarar frå 1800-talet

I romantikken var nasjonalkjensla viktig, og på Island fekk det mellom anna utslag i at islandske språkstyrarar reinsa det islandske skriftspråket nesten fullstendig for utanlandsk påverknad. Desse "språkreinsarane" tok utgangspunkt i det islandske talemålet, som trass i langvarig kontakt med dansk, i lita grad var påverka av andre språk. I tillegg tok dei utgangspunkt i språket i den gamle sagalitteraturen – som jo var norrønt.

Færøysk purisme

Færøyane har lenge vore under dansk styre, og først i 1938 blei færøysk offisielt undervisningsspråk i staden for dansk. 10 år seinare blei færøysk erklært nasjonalspråk. Færøyingar lærer framleis dansk på skulen, og dansk språk blir brukt i offentlege samanhengar. Dagens færøyske språkpolitikk handlar mykje om å verne det færøyske språket, både munnleg og skriftleg.

Innanfor skriftspråket dominerer purismen. Mykje av språkpurismen i færøysk skriftspråk har dreidd seg om å fjerne såkalla danismar frå språket – ikkje ulikt situasjonen i Noreg i første halvdel av 1900-talet. Til dømes blei det foreslått å endre frå súgvirør til súgvipípa, visstnok fordi førstnemnde låg for nært dansk.

Færøyingane er mykje meir liberale til lånord i talemålet. Dermed kan det vere ganske stor forskjell mellom færøysk skrift og færøysk tale. Til dømes kan dei skrive atongumerki i skjønnlitteratur, men bruke feraðseðil når dei skriv sakprosa og sei billett når dei snakkar. Det kan altså finnast tre ord som betyr akkurat det same. Sjølv om færøyingane tek inn ord utanfrå i talemålet, blir dei framleis rekna som det nest mest puristiske språksamfunnet i Norden, etter Island.

Forholdet mellom skrift og tale

Mange islendingar kan forstå ein del skriftleg færøysk. Då færøyingane normerte skriftspråket på 1800-talet, altså laga grammatikkbøker og rettskrivingsreglar, la dei vekt på historisk færøysk – ikkje det færøyske talespråket. Derfor er òg skriftleg færøysk lite ortofont – som betyr at avstanden mellom skrift og tale er stor.

Den store avstanden mellom tale- og skriftspråket gjer at mange færøyingar slit med å lære seg å lese og skrive. Mange færøyingar tyr derfor til engelsk eller dansk i skrift – sjølv om dei i det daglege snakkar færøysk.

Liknar islandsk på færøysk?

Sjølv om islendingar kan forstå skriftleg færøysk, forstår dei antakeleg lite av færøysk tale. Språka har for det første fått utvikle seg i kvart sitt samfunn, på kvart sitt øyrike.

For det andre har færøyingane hatt ei meir liberal haldning til utanlandsk språkpåverknad på talespråket. Den påverknaden er det først og fremst dansk som har stått for. Den langvarige kontakten til færøyingane med dansk har endra det færøyske talespråket, og kanskje er det lettare for moderne nordmenn å forstå færøysk tale enn islandsk tale.

Svensk liberalisme

Svenskane har tradisjonelt vore nokså liberale når det gjeld å ta inn utanlandske ord. Både svensk og norsk har mange ord frå lågtysk og tysk, men svensk har ganske mange ord frå fransk som me ikkje har i norsk.

Svensk

Fransk

Norsk

affär

affaire/boutique

butikk

glas

glace

is(krem)

trottoar

trottoir

fortau

fåtölj

fauteuil

lenestol

fønster

fenêtre

vindauge

affisch

affiche

plakat

Skrivemåten i døma over viser at svenskane har tilpassa mange utanlandske ord til svensk, særleg ord frå fransk. Slik tilpassing er òg ei form for purisme. Likevel har ikkje svenskane vore like ivrige med å tilpasse skrivemåten som det nordmenn har vore, i alle fall ikkje i dei seinare åra.

Kvifor bruker svenskane ck, c, ch, sch og x? Faktum er at skrivemåten med ck og x, som i tack (no. takk) og sex (no. seks) heng igjen heilt frå mellomalderen. Desse skrivemåtane blei òg brukte i gammalnorsk. Derimot er svenske ord med c, ch og sch døme på utanlandske stavemåtar.

Døme på utanlandske stavemåtar i svensk: central (no. sentral), chans (no. sjans), dusch (no. dusj).

Svensk har over førti ulike måtar å skrive sj-lyden på. Nokre av dei er sj, ch, sch, g, j og sk.

Kan du kome på nokon måtar vi skriv sj-lyden på i norsk? Klarer du alle 10?

Vern mot engelsk

Svensk tek i dag inn mange ord utanfrå, særleg engelsk. Her er svensk og norsk ganske like, sjølv om norsk i noka større grad tilpassar skrivemåten. Likevel er mange i Sverige, som i dei andre nordiske landa, opptekne av å verne det svenske språket mot engelsk. Grunnen er ikkje først og fremst eit vern mot import av engelske ord eller lydar, men mot at engelsk tek over for svensk innanfor område som arbeidsliv, utdanning eller kultur – såkalla .

Forholdet mellom skrift og tale

Fordi det svenske skriftspråket har eksistert sidan mellomalderen, fekk det den noverande forma si tidlegare enn norsk. Den siste rettskrivingsreforma i svensk blei gjennomført så langt tilbake som i 1906. Til samanlikning blei den siste rettskrivingsreforma i Noreg gjennomført i 2012.

Det har vore mange diskusjonar i Sverige knytt til kor ortofont skriftspråket bør vere, men stort sett har det vore mindre vilje til endringar enn vi har sett i Noreg. Likevel er svensk eit relativt ortofont skriftspråk.

Dansk liberalisme

Med grense mot Tyskland er det ikkje rart at dansk har store mengder ord frå nedertysk og tysk. Mange av dei tyske eller nedertyske orda i norsk har vi faktisk fått frå danskane. På 1700- og 1800-talet reinsa danske språkpuristar dansk for mange tyske ord og språktrekk.

Danskane er ikkje like puristiske i dag. Haldningsundersøkingar viser at danskane er mykje meir positive til engelskpåverknad enn til dømes svenskar og nordmenn. Dei tillèt ganske stor språkpåverknad utanfrå, og dei siste 50 til 60 åra har påverknaden kome frå engelsk. Danskane beheld som regel engelsk skrivemåte og uttale: teenager, hot dogs, computer, speaker, weekend. Då blir den engelske påverknaden mykje tydelegare enn i norsk og svensk der me endrar skrivemåten.

Forholdet mellom skrift og tale

Synest du det er vanskeleg å forstå dansk? Det er ikkje så rart, for sjølv om det er små forskjellar mellom norsk og dansk skrift, er avstanden mellom talespråka stor.

Viljen til å endre rettskrivinga og tilpasse skriftspråket til talespråket har vore liten. Det er skriftspråket som har autoritet, ikkje talespråket slik det i større grad er i Noreg. Derfor er avstanden mellom dansk skrift og tale stor, og den språklege tilpassinga av importord ikkje like omfattande som i norsk og svensk til dømes.

Denne avstanden mellom skrift og tale gjer det vanskelegare å lære seg å lese og skrive dansk, sjølv for dei som har det som førstespråket sitt.

Så kvifor jobbar ikkje alle i Norden på ein tölvu?

Det islandske ordet tölvu er eit avløysarord for det engelske ordet computer. Ordet er sett saman av tala (tal) +‎ völva (spåkvinne), altså noko som kan spå med tal. Dette er eit godt døme på korleis dei på Island lagar nye ord med utgangspunkt i dei gamle islandske formene. Det færøyske ordet teldur er laga etter same mønster, avleidd av det færøyske ordet for tal. Denne tilnærminga er meir puristisk enn språkpolitikken i dei skandinaviske landa. Slik har dei bevart språket slik at det framleis har mange likskapstrekk med det norrøne språket.

Tabellen heilt øvst på sida viser at orda vi kan spore tilbake til norrøn tid, såkalla arveord, blir ganske likt skrivne i heile Norden. Det er i importorda vi kan sjå spor av språkpolitikken, og då først og fremst kva me gjer med skrivemåten. I dansk har dei behalde det engelske ordet med engelsk skrivemåte. I norsk og svensk har vi valt eit anna ord (datamaskin/dator), som også er eit importord, men med norsk og engelsk skrivemåte.

Kjelder

Aarhus Universitet (u.å.). The Puzzle of Danish. Henta frå: https://projects.au.dk/the-puzzle-of-danish/

Brunstad, Endre. (2002). Nordisk purisme. Språknytt nr. 2/2002. Henta frå: https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/arkivet/spraaknytt_2002/spraaknytt_2002_2/nordisk_purisme/

Cramer, Jens og Peter Kirkegaard. (1996). Dansk sproglære for nordmænd. 2. opplag 2000. Gyldendal Norsk Forlag AS. Oslo.

Kristinsson, Ari Pàll. (2018). National language policy and planning in Iceland – aims and institutional activities. Henta frå: http://efnil.org/documents/conference-publications/mannheim-2017/efnil-mannheim-28-kristinsson.PDF

Mårtenson, Per og Anton Fjeldstad. (1993). Svänska för norrmän. 3. utgåve 1999. Ad notam Gyldendal. Oslo.

Norsk språkråd (1997). Skriftene til norsk språkråd nr. 4. Purisme på norsk? Norsk språkråd. Oslo.

Språkrådet (a). (u.å.). Dansk. Henta frå: https://www.sprakradet.no/spraka-vare/spraka-i-norden/dansk/

The Government of the Faroe Islands. (u.å.) Faroese Language. Henta frå: https://www.government.fo/ein/the-government/ministries/ministry-of-foreign-affairs-and-culture/cultural-affairs/faroese-language/#:~:text=The%20Faroe%20Islands%20do%20not,be%20used%20in%20public%20relations.

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2021

Læringsressursar

Språkstyring