Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dialektjakta

Klarer du å finne ut kvar desse personane kjem frå, ved å granske dialektane deira? Test deg sjølv.

Før du lyttar til dialektprøvane, er det lurt at du set deg inn i hovudtrekk for dialektar. Artikkelen "Målmerke" er eit godt utgangspunkt.

Om dialektprøvane

I denne ressursen møter du fire personar med ulike dialektar. Desse personane har tydelege dialekttrekk slik at det skal vere mogleg å finne ut kvar dei kjem frå. Men hugs at det ikkje er sikkert at alle som er frå den same staden, snakkar heilt likt.

Det munnlege språket er spesielt utsett for endringar, og det gjer at enkelte dialekttrekk kan vere forskjellige frå generasjon til generasjon. Det er òg individuelle forskjellar. Vi blir påverka av språket rundt oss, og nokre er meir opptekne av å halde på dialekten sin enn andre.

Dialektjakta 1: Bjarne

Dialektjakta 2: Stina

Dialektjakta 3: Margreta

Dialektjakta 4: Christian

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Stina Grolid.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet