Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk lydendringar og grammatikkendringar i norsk

Har du tre grammatiske kjønn i talespråket ditt? Og skil du mellom kj-lyden og sj-lyden? Her blir du kjend med endringane i språket vårt.

Oppgåve 1: Nokre grammatiske endringar

Del 1

  1. Veit du kva som er forskjellen mellom lenger og lengre?

  2. Skil du mellom desse orda når du snakkar eller skriv?

  3. Mange slit med å skilje og og å når dei skriv. I mange dialektar blir desse to orda uttalte heilt likt. Kva konsekvensar kunne det fått om vi skreiv begge orda likt? Ville det ha bydd på problem?

Del 2

I standard austnorsk er forskjellen mellom de og dem i ferd med å bli viska ut, slik at det blir de snakker med de. Slike forenklingar er det fleire døme på i norske dialektar, til dømes vi/oss = oss, dei/deim = dei, du/deg = du eller de/dem = dem/døm/dom.

  1. Skil du mellom desse? Korleis er det der du bur?

  2. Kjenner du til andre liknande døme?

  3. Kvifor skjer slike endringar?

Oppgåve 2: Grammatisk kjønn

Del 1

Individuelt arbeid:

Kva for nokre av alternativa nedanfor beskriv best ditt eige talespråk?

  • Eg bruker konsekvent ein, ei og eit.

  • Eg bruker ein og eit, men varierer mellom ein og ei ved hokjønnsord.

  • Eg bruker ein, ei og eit når eg snakkar dialekt, men berre ein og eit når eg skal snakke mindre dialekt.

  • Eg bruker a-endingar i hokjønnsord.

  • Eg varierer mellom a- og en-endingar i hokjønnsord.

  • Eg bruker en-endingar i hokjønnsord.

Del 2

Arbeid i par, grupper eller heile klassen:

  1. Kor stor variasjon er det mellom svara dykkar?

  2. Kva trur de variasjonen, eller mangelen på variasjon, kjem av?

  3. Er det "finare" å seie ein enn å seie ei?

  4. Er det ukult å seie ei?

  5. Står grammatisk hokjønn sterkt der de bur?

  6. Treng vi grammatisk hokjønn? Eller treng vi grammatiske kjønn i det heile?

Oppgåve 3: Kva skjer med kj-lyden?

Diskusjonen rundt uttalen av kj-lyden er ikkje ny. Dei to klippa nedanfor er spelte inn med 17 års mellomrom. Det første i 1999, det andre i 2016.

  1. Skil de mellom kj-lyden og sj-lyden? Prøv å seie setningane nedanfor til kvarandre:

    • Det var kjipt at du kjøpte kjøttdeig i staden for kylling.

    • Forholdet er skjørt, så det er nok snart køyrt.

    • Sjekk den kjekke guten med skinnjakke og raude kinn.

  2. I filmen frå 1999 snakkar dei om at bruk eller ikkje bruk av kj-lyd fortel noko om personen. Er du einig?

  3. Den eldre generasjonen er statistisk sett meir negative til denne utviklinga enn dei unge. Kvifor trur du er det sånn?

  4. Kva synest du sjølv om at kj-lyden kanskje forsvinn?

Oppgåve 4: Andre lydendringar

Sj-lyden spreier seg, skarre-r spreier seg, l-uttalen i Oslo-området spreier seg. Men j-lyd i staden for r-lyd spreier seg ikkje. Det gjer heller ikkje såkalla lespe-s.

  1. Kva skal til for at ei lydendring oppstår, og kvifor spreier nokon lydar seg, men andre ikkje?

  2. Kan de tenkje dykk andre lydar som kan komme til å "oppstå", spreie seg eller forsvinne i framtida? Kan det til dømes tenkjast at th-lyden kjem tilbake i norsk?

  3. Mange er positive til språkendringar – så lenge endringane ikkje skjer i deira eiga levetid. Kvifor det, trur du?

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet