Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ver dialektforskar på eigen heimstad

Korleis står det til med dialekten der du bur? Står han sterkt? Eller er han i ferd med å endre seg eller forsvinne heilt? Er det store forskjellar mellom ulike sosiale grupper og miljø?
Jente som held eit forstørringsglas framfor det eine auget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metodar i utforsking

I denne oppgåva skal du utforske, og her får du ei kort skildring av korleis du kan jobbe med dette temaet. Lær meir om metodane i ressursar om forsking i Verktøykassa.

Oppdraga

Under er det to litt ulike oppdrag, A og B, men framgangsmåten er ganske lik. Kanskje kan halve klassen forske på dialektendringane og resten ta for seg sosiale forskjellar? Då får de saman god kunnskap om korleis språket der de bur, endrar seg. Det er òg mogleg å ta for seg både generasjonsforskjellar og sosiale forskjellar i same undersøking.

Oppdrag A

Oppdrag B

Hjelp til gjennomføringa

Del 1: Innsikt og oversikt

Skaff innsikt i og oversikt over den tradisjonelle dialekten på staden du bur:

Del 2: Avgrensing

Det kan verke overveldande å lese om alle dei ulike målmerka i ein dialekt. Derfor er det lurt å avgrense det til nokre få trekk. Vel ut to eller tre målmerke som du vil utforske vidare.

Tips: Vel gjerne målmerke som du har høyrt bli brukt der du bur, men som du har ein mistanke om at ikkje blir like mykje brukte lenger, særleg blant ungdommen.

Del 3: Problemstilling og hypotese

Forsking byggjer gjerne på ei problemstilling. Ei problemstilling blir ofte formulert som eit spørsmål.

Eit forskingsprosjekt tek gjerne òg utgangspunkt i ein hypotese. Ifølgje snl.no er ein hypotese "en gjetning, antagelse eller forklaring som synes rimelig ut fra foreliggende kunnskap, og som man forsøker å avkrefte eller bekrefte".

  1. Formuler ei problemstilling for forskingsprosjektet ditt ved å tenkje gjennom følgjande:

    • Kva har du lyst til å finne ut om dialekten på heimstaden? Vil du til dømes finne ut om dialekten er i endring? Eller i ferd med å forsvinne heilt? Eller kanskje har du lyst til å finne ut om det er forskjellar mellom folk som bruker tradisjonelle lokale dialekttrekk, og dei som ikkje gjer det?

  2. Formuler ein hypotese for forskingsprosjektet ditt ved å svare på det følgjande spørsmålet før du set i gang:

    • Kva trur du er svaret på problemstillinga di, og som undersøkinga mest sannsynleg kjem til å vise?

Del 4: Datainnsamling

Du må bestemme deg for om du skal finne svar på hypotesen gjennom nokre få intervju ( metode), eller om du skal undersøkje kva mange informantar seier ( metode). Det er òg mogleg å kombinere desse ved å intervjue nokre få, men i tillegg lage ei spørjeundersøking som mange svarar på.

Neste steg er å finne ut korleis du kan få informantane dine til å gi deg informasjonen du treng for å finne svar på hypotesen. Trur du til dømes at ein lyd er på veg ut av dialekten, må du sørgje for at det gjennom ein samtale eller eit intervju vil vere naturleg å bruke den lyden. Lurar du på om nokre dialektord er på veg ut, kan du lage eit spørjeskjema der fleire informantar frå ulike generasjonar svarer på om dei bruker desse orda.

Del 5: Organisering

Når du bruker intervju/samtale som metode, er det viktig at det blir gjennomført så likt som mogleg, så lag eit skjema med spørsmål og tema de skal innom. Det aller beste er om informantane snakkar ganske fritt, så prøv å lage opne spørsmål der dei må svare utfyllande. Unngå ja-/nei-spørsmål.

Det er vanskeleg å både lytte og skrive ned det du finn ut, så be informanten (kjelda) om å lov til å ta opp samtalen/intervjua. Då kan du høyre gjennom fleire gonger i etterkant. Ver merksam på at lydopptak blir rekna som personopplysningar og er underlagt personopplysningslova. Les meir om det i faktaboksen under.

I ei kvantitativ tilnærming der du bruker eit spørjeskjema, til dømes for å finne ut om det er generasjonsforskjellar, bør du prøve å få så mange informantar som mogleg i kvar aldersgruppe. Spør om lov til å gjennomføre undersøkinga i ein skuleklasse, på ein arbeidsplass, på ein studiestad og/eller på ein sjukeheim.

Del 6: Analyse og konklusjon

Når du har samla informasjon, er det på tide å systematisere det du har funne, og sjå kva svar du får. Det er ikkje sikkert at du får eit heilt tydeleg svar med to strekar under, men dataa du har samla inn, vil gi deg informasjon du kan tolke og presentere. Hugs at du leitar etter svar på problemstillinga du starta med. Stemmer hypotesen?

Del 7: Formidling

Kort fortalt skal ein presentasjon av forskingsprosjektet ditt få mottakarane til å forstå kva du har lurt på, og kva svar du har funne. Enten du skal skrive ein rapport eller halde eit munnleg framlegg, er dette ein god struktur:

  1. Presenter temaet og problemstillinga.

  2. Formuler hypotesen.

  3. Forklar kort metoden, korleis du gjekk fram for å finne svar.

  4. Oppstod det problem undervegs? Sei kort kva det handla om, og korleis du løyste det.

  5. Presenter resultatet av undersøkinga.

    1. Har du brukt spørjeskjema, kan resultatet visast ved hjelp av diagram. Hugs å kommentere kva diagrammet viser. Er det noko som overraska deg i resultatet?

    2. Har du brukt intervju, er det lurt å plukke ut sitat frå det kjeldene har sagt. Desse kan leie fram til svaret du har, men dei kan òg problematisere svaret. Til dømes kan ei kjelde seie noko som ikkje stemmer med hypotesen.

  6. Svar på problemstillinga ved å samanfatte resultata. Du skal klare å svare på problemstillinga med éi setning.

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet