Hopp til innhald
Oppgåve

Språket ditt og du

Oppgåve 1. Kan språket avsløre kvar du vil?

At språket ditt kan avsløre kven du er eller vil vere, er kanskje ikkje nytt for deg. Men har du tenkt på at språket ditt òg kan avsløre kvar du vil?

Del 1

Som ei førebuing til del 2 av oppgåva skal du først svare så ærleg som mogleg på følgjande spørjeundersøking om deg sjølv:

  1. På ein skala frå 1–5: Kor godt trivst du i bygda, tettstaden, byen eller bydelen du bur i? (1 er "ikkje i det heile" og 5 er "veldig godt".)

  2. Kva er planane dine for dei neste 3–5 åra etter vidaregåande skule? Kva skal du gjere, og kvar skal du bu?

  3. Kvar ser du for deg at du bur om 10–15 år?

  4. På ein skala frå 1–5: Vil du seie at du snakkar ein dialekt som viser kvar du bur og er oppvaksen? (1 er "ikkje i det heile" og 5 er "ja, veldig".)

  5. Kva synest du om dialekten der du bur?

Del 2

Språkforskar Unn Røyneland har forska på språket blant unge i Røros. Ho fann mellom anna ut at dialektbruken til ungdommane hang saman med haldningane deira til heimstaden, men òg interessene og framtidsplanane deira. I klippet under, frå 28:06 til 30:20, møter Dialektriket-programleiar Jasmin Syed nokre ungdommar frå nettopp Røros. Sjå klippet og svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Korleis vil du forklare språkforskjellane mellom Mari og Hege på den eine sida og Maren og Torstein på den andre?

  2. Handlar språkforskjellane mellom ungdommane i klippet om geografisk talespråkvariasjon, altså geolekt, eller om sosial talespråkvariasjon, altså sosiolekt? Grunngi.

  3. På kva måte gav klippet deg ny innsikt i, eller stadfesta noko du allereie tenkte, om forholdet mellom språk og identitet?

  4. Sjå tilbake på svara du gav i spørjeundersøkinga i del 1. Korleis stemmer dei overeins med situasjonen for Røros-ungdommane du møtte i klippet over?

Del 3

Viss du vil finne ut meir om korleis dialektbruk, interesser og framtidsplanar heng saman der du bur, kan du ta utgangspunkt i spørsmåla i del 1 og gjennomføre ei undersøking av fleire informantar.

Om du gjennomfører undersøkinga skriftleg, munnleg, eller både skriftleg og munnleg, avgjer du i samråd med læraren din. Dersom du intervjuar informantar, får du òg moglegheita til å høyre korleis dei snakkar. Dette kan du få bruk for i tilfelle der svara i den skriftlege undersøkinga ikkje stemmer heilt med korleis personane faktisk snakkar.

Oppgåve 2. Identitet og språk på kollisjonskurs

Del 1

  1. Synest du dialekten din er fin? Kvifor/kvifor ikkje?

  2. Er det situasjonar der du føler at dialekten din ikkje er fin nok? Kvifor?

  3. Sjå for deg at du skulle flytte permanent til ein stad med ein heilt annan dialekt enn din eigen. Trur du at du ville endre på dialekten din raskt, sakte eller ikkje i det heile? Grunngi.

  4. Prøv deretter å førestille deg at du blei tvinga til å leggje frå deg dialekten din. Korleis ville du opplevd det?

Del 2

I denne oppgåva skal du sjå tre filmklipp om personar som har flytta, og som på kvar sine måtar har opplevd kva dialekten har å seie for identitet. Sjå klippa og jobb med oppgåvene nedanfor anten individuelt eller i grupper.

Mellom 16:00 og 20:48 i klippet under møte du Roger Lillebøe-Hansen. Han flytta frå Austlandet til Bergen som barn og identifiserer seg som ein vaskeekte bergensar. Men han slit med å bli akseptert som bergensar sidan han ikkje snakkar bergensk.

Mellom 01:50 og 08:25 i klippet under møter du tidlegare landslagsmålvakt Frode Grodås. Då han flytta til Austlandet frå Hornindal på Vestlandet, la han etter kvart om til austlandsk. Det fell ikkje i god jord for alle.

Mellom 08:53 og 13:22 i klippet under møter du Frida Buschmann. Ho flytta frå Helgeland i Nord-Noreg til Oslo i 1957 og blei tvinga til å leggje frå seg dialekten sin.

  1. Roger sin austlandsk blir møtt med reaksjonar der han bur, medan Frode si knoting blir møtt med reaksjonar der han kjem frå. Kva kan vere årsakene til at dialekten er ein så viktig identitetsmarkør for mange, trur du?

  2. Kva synest du? Er Roger ein "ekte" bergensar, og er Frode ein "dialektsvikar"?

  3. Frode blir mellom anna skulda for å ikkje synast det er "fint" nok å vere hornindøl. Korleis synest du det stemmer med det Frode sjølv seier?

  4. Kvifor måtte Frida leggje frå seg helgelandsdialekten sin då ho flytta til Oslo?

  5. Kva konsekvensar har det hatt for Frida og for andre i hennar situasjon?

  6. Er det framleis sånn i dag at mange kjenner seg tvinga til å leggje frå seg dialekten sin når dei flyttar? Er det eventuelt forskjell på å flytte til byen eller til bygda?

  7. Kor viktig synest du dialekten er for om ein person kan kalle seg "ekte bergensar", "ekte hornindøl", "ekte helgelending" eller liknande?

  8. Kvifor trur du nokon legg om dialekten sin når dei flyttar, medan andre held fast på han?

Del 3

Kjenner du nokon som har flytta til ein stad med ein annan dialekt enn staden hen flytta frå? Eller kanskje har du sjølv opplevd dette? Snakk med den det gjeld eller ta utgangspunkt i eigne erfaringar. Hald deretter ein kort presentasjon eller skriv ein kort tekst om korleis det var. Tips til innhald:

  • Kor flytta du frå og til? Kor gammal var du?

  • Var det vanskeleg? Kva var eventuelt den største utfordringa?

  • Fekk du negative kommentarar? Korleis kjendest eventuelt det?

  • Endra du dialekten din? Kvifor/kvifor ikkje?

  • Viss du endra dialekten din, kor lang tid tok det?

  • Kor viktig er måten du snakkar på – for deg?