Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk endringar i norsk vokabular

Her får du bruke kunnskap og kreativitet i fire oppgåver om utviklingstendensar i det norske vokabularet.

Oppgåve 1. Kvifor forandrar ordtilfanget seg?

Les artikkelen "Norsk vokabular i framtida". Artikkelen presenterer fleire ulike årsaker til at ord blir borte, og at nye ord kjem til. Lag ei liste over dei årsakene du finn.

Oppgåve 2. Orda som forsvann

  1. Nedanfor finn du seks (bokmåls)ord som kanskje er på veg ut av daglegspråket, eller som har forsvunne heilt. Kva betyr orda, og kvifor trur du dei forsvann?

    ublu, skjørlevnet, fylkesmann, mongoloid, floppydisk, øyensverte

  2. Vel 1–2 andre ord eller uttrykk du trur vil forsvinne frå daglegspråket dei neste 50–100 åra. Samanlikn og diskuter deretter med andre. Kvifor trur de dei vil forsvinne?

Oppgåve 3. Språkleg kreativitet

Del 1: Samansetjingar

Den mest produktive ordlagingsmetoden vi har, er samansetjingar. Vi kan lage "uendeleg" med nye ord på den måten.

  1. Bruk orda nedanfor til å lage nye ord, eller samle inn ord i klassen. Varier mellom verb, adjektiv, substantiv og andre ordklassar.

    mjølk, type, mobil, rus, nynorsk, musikk, bibel, draum, bonde, hovudstad, dialekt, reserve, maskin, lure

  2. Lag deretter forklaringar på kva dei nye orda kan bety.

De kan gjere denne oppgåva individuelt eller i grupper, og de kan gjennomføre oppgåva som ein konkurranse eller berre som underhaldning og ei øving i språkleg kreativitet.

Del 2: Slang

  1. Noter dei fem slangorda eller -uttrykka du bruker mest. Samanlikn med dei andre i klassen.

  2. Vel to–tre av uttrykka og bruk internett til å finne ut kvar slanguttrykket kjem frå, og korleis det oppstod.

  3. Nedanfor finn du eit utval slangord og -uttrykk frå Tone Trytis slangbok Norsk slang frå 1984. Kjenner du nokon av dei? Kva trur du dei betyr? Gjett og diskuter med andre før du eventuelt søkjer på internett.

    trang i kålen, å despe, seffern, brødhølet, pedalsyre, bikkjebanan med ullteppe, kumlokk, å ta seg en kjeft, vandrende timannstelt, kistespiker

  4. Korleis og kvifor oppstår slang?

Oppgåve 4. Påverknad utanfrå

Del 1: Blir du påverka av engelsk?

  1. Bruker du mykje engelsk? Anslå i prosent kor stor del engelske ord du bruker til dagleg.

  2. Kva for nokre engelske ord kan du ikkje klare deg utan?

  3. Kva for nokre norske ord kunne du brukt i staden? Diskuter gjerne med andre.

Del 2: Kor mykje engelsk bruker vi eigentleg?

Nedanfor finn du nokre spørsmål om bruk av engelske lånord. Diskuter gjerne med kvarandre, og prøv å svare før de sjekkar fasiten under.

  1. Kven bruker statistisk sett flest lånord når dei snakkar, menn eller kvinner?

  2. Kven bruker statistisk sett flest lånord når dei snakkar, ungdom eller vaksne?

  3. I doktorgradsarbeidet sitt frå 2009 undersøkte Eli-Marie Danbolt Drange bruken av engelsk i daglegspråket til ungdommar. Ei gruppe Oslo-ungdommar mellom 13 og 18 år tok opp samtalane sine. Av ca. 100 000 ord, kor mange prosent av orda dei brukte, trur de var engelske ord?

Fasit

a) menn

b) ungdom

c) 1 prosent

Del 3: Diskuter statistikken

  1. Kva trur de er moglege årsaker til fasitsvaret på spørsmål a i del 2?

  2. Kva trur de er moglege årsaker til fasitsvaret på spørsmål b i del 2?

  3. Korleis reagerer de på fasitsvaret på spørsmål c i del 2?

Kjelder

Røli, O. (2009, 15. mai). – Lite engelsk i ungdomsspråk. Forskning.no. Henta i mai 2022 frå https://forskning.no/partner-barn-og-ungdom-universitetet-i-bergen/lite-engelsk-i-ungdomssprak/921628

Tryti, T. (1984). Norsk slang. Universitetsforlaget. Henta frå https://urn.nb.no/urn:NBN:no-nb_digibok_2008060504087

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet