Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale forskjellar i språket

Det er ikkje berre kvar du bur, som avgjer korleis du snakkar. Språket ditt kan også bli påverka av kva for ei sosial gruppe du høyrer til.
Ei gruppe menneske med variert og mangfaldig bakgrunn står samla og smiler opp mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språk og identitet

Språket ditt kan avsløre kva nasjonalitet eller etnisitet du har, kvar du bur, og kvar du har vakse opp. Orda du bruker, og måten du snakkar på, kan også fortelje omverda kva for ei sosial gruppe du tilhøyrer eller ønskjer å identifisere deg med. Vi kan nesten seie at språk er identitet.

Sosiolingvistikk

Identitet og språk er sosiolingvistane opptekne av. Sosiolingvistikk er eit fagfelt der ein studerer dei sosiale sidene ved språket, som til dømes forholdet mellom språkbruk og ytre sosiale faktorar – til dømes sosial status, utdanning, yrke, kjønn og alder.

Ein av dei tidlegaste sosiolingvistiske studiane blei gjord i 1966 i New York av forskaren William Labov. Han kom mellom anna fram til at r-uttalen i ord som car og beard, a-uttalen i ord som bad og dance og uttalen av "th" i ord som thing og then hadde samanheng med den sosiale statusen til språkbrukarane.

Tenk over

Veit du om det er sosiale forskjellar i talespråket på heimstaden din?

Sosiolekt

Sei meg kven du omgåst, og eg skal seie deg kven du er.

Ordtak (ukjent opphav)

Ein språkvariant som tilhøyrer og karakteriserer ei bestemt sosial gruppe, kallar vi sosiolekt. Nokre sosiale forhold som kan vise seg i talespråket, er sosial status, miljøet du tilhøyrer, utdanningsnivå, alder og kjønn. På tettstader og i byar har til dømes former som ligg nær skriftspråket, gjerne høgare status enn lokale dialektformer. Vidare er ord og uttrykk frå ikkje-vestlege språk vanlegare i nokre ungdomsmiljø enn andre, mens slanguttrykk og banning gjerne er meir utbreidd blant ungdom enn blant vaksne.

I motsetning til ein geolekt, som er språkleg variasjon mellom geografiske område, er sosiolekten altså språkleg variasjon innanfor eller på tvers av eit geografisk avgrensa område.

Kvifor og korleis oppstår sosiolektar?

Sosiolektar oppstår fordi "medlemmene" av ei sosial gruppe har felles interesser. Sidan dei som regel bevegar seg i dei same miljøa, har dei hyppigare sosial kontakt med kvarandre enn med medlemmer av andre sosiale grupper.

Ofte er det også slik at ei sosial gruppe ønskjer å markere den sosiale avstanden mellom seg og andre. Avstanden markerer dei kanskje med klede, matvanar, reisevanar og eigedelar – og ikkje minst med språket. Enkelt sagt blir vi påverka av dei vi er mest saman med, eller dei vi ser opp til.

Sosiolekt og sosial status

Den vanlegaste og kanskje tydelegaste årsaka til sosial språkvariasjon er knytt til sosial status, særleg forhold. Talespråk som ligg nærare skriftspråket eller hovudstadsspråket, blir som regel knytt til sosioøkonomisk status og makt. Lokale dialektar og lokale språktrekk blir på si side knytt til låg status. Slik sosial språkvariasjon finn vi særleg der befolkninga er størst og dei sosiale forskjellane er mest framståande, nemleg i byane. På mindre stader er forskjellane ofte mindre, og "alle kjenner alle" i større grad.

Fire ungdommar med ulike etnisk bakgrunn står saman på ein T-banestasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosiolekt i Oslo

Det er ikkje overraskande at vi finn dei største sosiale språkforskjellane i hovudstaden. I Oslo har det tradisjonelt gått eit skilje mellom vestkantmål og austkantmål. Under industrialiseringa midt på 1800-talet slo overklassen seg ned vest i byen, mens arbeidarklassen slo seg ned i aust.

Vestkantmålet har tradisjonelt felleskjønn (solen, boken), et-ending i preteritum (syklet, ønsket), ikkje tjukk L (flink, skole) og ikkje trykk på første leddet i ord som banan, avis og musikk. Austkantmålet har tradisjonelt hokjønn (sola, boka), a-ending i preteritum (sykla, ønska), tjukk L (fLink, skoLe) og trykk på første leddet i ord som banan ("bannan"), avis ("avvis") og musikk ("mussikk").

Dei to Oslo-sosiolektene har byrja å nærme seg kvarandre. Til dømes er ikkje førsteleddstrykk så vanleg på austkanten lenger, og a-ending har blitt vanlegare på vestkanten. Sjølv om både dei sosiale og språklege forskjellane er mindre i dag, er det framleis eit sosialt og språkleg aust-vest-skilje i Oslo. Det er mellom anna vanlegare med en-endingar på vestkanten enn austkanten. Samtidig står tjukk L mykje sterkare på austkanten.

Du kan lese meir om talespråket i Oslo i artikkelen "Språkforening av øst og vest" hos Språkrådet.

Aust møter vest

I klippet nedanfor frå NRK-programmet Med Monsen på villspor har Lars Monsen fått med seg programleiar og skodespelar Jon Almaas. Lars Monsen er frå Skullerud på Oslos austkant. Jon Almås er frå vestkanten – rett nok ikkje i Oslo, men Bærum, som er Oslos nabokommune i vest.

Kor mange konkrete forskjellar kan du høyre mellom talespråka deira?

Multietnolekt: ein sosiolekt?

Den norske , også kjend som "kebabnorsk", er ein urban norsk talemålsvariant. Denne er kjenneteikna av ein stakkato uttale, ei anna ordrekkjefølgje enn standard norsk og ein utbreidd bruk av lånord frå mellom anna asiatiske og afrikanske språk. Sidan språkvarianten ikkje er knytt til eit bestemt geografisk område eller ein spesifikk etnisitet, men uttrykkjer tilhøyrsel til eit bestemt sosialt miljø, kan vi definere han som ein .

Tenk over

I 1878 vedtok Stortinget at undervisning så langt det var mogleg, skulle gå for seg på talemålet til elevane, og at elevane fritt skulle få bruk sitt eige talespråk i undervisninga. Lovvedtaket gjeld framleis.

Synest du dette burde det gjelde alle former for sosiolektar også?

Eit historisk blikk på sosiolektar i Noreg

Skriftspråk og byutvikling i mellomalderen

Då det etter kvart etablerte seg eit skriftspråk i Noreg, frå ca. år 1100 og utover, antek forskarane at det oppstod eit talespråkleg skilje mellom dei som beherska det skriftnære, "korrekte" språket, og dei som ikkje gjorde det. Og etter kvart som økonomien blomstra og byane blei større, auka avstanden mellom ulike sosiale grupper. Dermed låg forholda til rette for sosiale språkforskjellar.

Dansketida og "den danna daglegtalen"

Dei norske dialektane, altså geolektane, heldt seg stort sett upåverka under unionen med Danmark (1536–1814), men i dei øvre samfunnsklassane vaks det etter kvart fram eit lesespråk. Nordmennene las dansk etter skrifta, med norske lydar og tonefall. Denne dansk-norske leseuttalen fekk utover på 1700-talet innverknad på daglegtalen hos "dei danna" i byane. På den måten oppstod det ein seinare kalla "den danna daglegtalen". Denne talespråkvarianten var stort sett lik blant dei øvre sosiale laga i alle større byar i Noreg, og talespråkvariantar som "finbergensk", "fintrøndersk" og vestkantmålet i Oslo har røter tilbake til denne "danna daglegtalen".

Store forskjellar og ny sosial samfunnsgruppe

Fram til langt inn på 1900-talet var det eit skarpt språkleg skilje mellom såkalla danna, skriftspråknær daglegtale på den eine sida og lokale dialektar på den andre. Men i kjølvatnet av den industrielle revolusjonen oppstod ein ny sosial samfunnsklasse, nemleg arbeidarklassen. Dermed oppstod også nye sosiolektar i byane: arbeidarspråket. Arbeidarspråket var ei blanding av språktrekk frå det folkelege bymålet og språktrekk frå dialektane i bygdene rundt byane, der arbeidarane gjerne kom flyttande frå.

Sosial utjamning og framgang for dialektane

I siste halvdel av 1900-talet auka velstanden, og stadig fleire fekk høgare utdanning. Likestillinga blei stadig styrkt, og forskjellane mellom folk blei mindre. Dermed blei også dei sosiale språkforskjellane etter kvart mindre. I tillegg fekk vi ei såkalla dialektbølgje på 1970-talet: Det blei meir aksept for å bruke dialekt i det offentlege rommet, til dømes på tv og i radio. Sjølv om dialektbølgja gjekk noko tilbake på 1980-talet, har statusen til dialektane auka jamt frå 1970-talet til i dag.

Sosiolekt og alder

Vi menneske går gjennom ulike stadium i språkutviklinga frå barn til voksen. Det tek nokre år før vi lærer å bøye verbet "å gi" eller uttale "r", og vokabularet blir heile tida større og meir nyansert. Dette er ein del av den naturlege språkutviklinga vår og har ingenting med sosiolektar å gjere. Når det derimot er noko ved språket som uttrykkjer ein spesiell tilhøyrsel til ei aldersgruppe, kan vi kalle det sosiolekt. Det er først og fremst ungdomsspråket som kan kallast alderssosiolekt.

Ungdomsspråk

Ungdom har alltid vilja markere seg som ei gruppe og distansere seg frå dei vaksne. Ved å bruke eit språk dei vaksne ikkje forstår, eller som vaksne ikkje aksepterer, tydeleggjer ungdommen både det sosiale fellesskapet seg imellom og avstanden til vaksenverda. Det handlar for det meste om slanguttrykk, men det kan også vere snakk om særeigen uttale, bøying og ordstilling, ja, til og med tonefall.

Sett frå eit vaksenperspektiv kan det verke som om ungdom ikkje snakkar "korrekt", men ein kan også seie at ungdom er leikne og kreative med språket. Dei hentar i stor grad språkleg inspirasjon frå media og populærkulturen, og dei bruker eksisterande ord og gir dei ein eigen vri eller ny betydning. Nokre slike språkinnovasjonar "overlever" og spreier seg til resten av befolkninga, noko som skjedde med ord som "kul", "kødde" og "feitt" – men då finn ungdommen gjerne på noko nytt dei heller vil bruke.

Tenk over

  • Kva skil språket ditt frå språket til foreldregenerasjonen?

  • Korleis trur du at dette vil endre seg etter kvart som du blir eldre?

  • Sjå heile eller delar av klippet nedanfor frå NRK-serien Skam. Notar kva ord og uttrykk du synest det ville vore rart om foreldregenerasjonen brukte.

Tre smilande barn sit på eit rullebrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosiolekt og kjønn

Menneske av ulike kjønn møter ofte ulike forventningar og sosiale normer. Dette kan vere med å skape språklege forskjellar mellom kjønna.

Tidlegare forsking på kjønn og språk har teke for seg og funne språklege forskjellar mellom menn og kvinner. Mellom anna har resultata vist at kvinner bruker flest standardformer, altså skriftspråknære former, mens menn bruker flest tradisjonelle dialektformer. Undersøkingar har også påvist at kvinner bannar mindre og annleis enn menn, at kvinner bruker færre slanguttrykk og lånord enn menn, og at kvinner bruker fleire fyllord ord enn menn, såkalla diskursmarkørar som liksom, jo, vel, nok, altså og på ein måte.

Nyare forsking i Noreg eller land vi kan samanlikne oss med, antydar ei språkleg utjamning og viser ikkje like eintydige forskjellar mellom kjønna.

Tenk over

Opplever du at det er kjønnsforskjellar i korleis vi bruker språket?

Sosial fleirspråklegheit

Språktilpassing

Dei fleste av oss har eit språkleg register som gjer at vi varierer språket vårt frå situasjon til situasjon. Dette kallar vi språktilpassing. Du har kanskje sjølv opplevd å bruke eitt språk saman med nokre venner, eit anna språk med andre venner og eit tredje språk med foreldre og lærarar?

Kodeveksling

Nokre gonger varierer vi til og med språket i ein og same samtale, også innanfor ei setning. Det kallar vi . Du bruker kanskje eit slanguttrykk som viser at du er "på nett med" den du snakkar med, eller du understrekar noko ved å bruke eit engelsk uttrykk, til dømes "what's going on, liksom!"

Gjennom å variere språket etter situasjon og mottakar kan vi både uttrykkje sosial tilhøyrsel og sosial avstand, alt etter det vi meiner er formålstenleg. I nokre situasjonar eller miljø er sjølve evna til å tilpasse språket til ulike situasjonar eit teikn på sosial status.

Tenk over

Er du sosialt fleirspråkleg? Prøv å komme på nokre konkrete døme. Samanlikn med andre i klassen.

Sosiolektar i endring

Det tradisjonelle finspråket forsvinner, i dag blir det rett og slett altfor "fint".

Arne Torp (Mitchell, 2013)

Dei sosiale forskjellane i språket er generelt mindre enn før. Det gjeld særleg språkforskjellar som har med sosioøkonomisk status å gjere, men også språkforskjellar mellom kjønna.

Sosial utjamning

I dag er det er mindre forskjell mellom austkant- og vestkantspråket i Oslo, og dét er tilfellet også mellom tradisjonelt høg- og lågstatusspråk elles i landet. Forskjellane mellom by og bygd er heller ikkje like store som før.

Årsakene til dette er samansette. For det første er forskjellane mellom fattig og rik ikkje like store som før, og den sosiale mobiliteten er større enn før – det er altså lettare å klatre på den sosiale rangstigen i samfunnet enn før. Andre medverkande årsaker er at det er lettare å reise og flytte, og at vi har eit større kulturelt mangfald, auka utdanningsnivå i befolkninga og auka velstand. Dessutan har media og populærkulturen fått veldig stor påverknadskraft, og den digitale utviklinga har endra måten vi kommuniserer på.

Utjamning av kjønnsforskjellar

Det har også blitt mindre forskjellar mellom såkalla mannsspråk og kvinnespråk, noko som heng saman med auka likestilling mellom kjønna. Det er ikkje dei same forventningane til manns- og kvinnerolla i dag som for ein generasjon sidan. Dessutan er sjølve kjønnsomgrepet i endring. Dette påverkar ikkje minst kva ord vi bruker. Til dømes har vi fått nye, kjønnsnøytrale ord for ein del stillingar – "fylkesmann" er blitt til "statsforvaltar", og "helsesøster" heiter no "helsesjukepleiar" – og vi har fått det kjønnsnøytrale pronomenet "hen".

Nye statusideal

Sosial status knytt til utdanning og økonomi verkar mindre viktig i dag. Dei nye ideala er det uformelle og det urbane. Det individuelle og det å ta sine eigne val er også i større grad eit ideal som påverkar dei sosiale sidene ved språket.

Raskare endringar

Medie- og kommunikasjonsteknologien, og dessutan globaliseringa av samfunnet, bidreg til stadig vekslande trendar og kulturuttrykk. Det fører til at språket endrar seg i eit høgare tempo enn før. Nye ord, nye slanguttrykk og nye lånord kjem og går. Det er særleg ungdommen som driv fram desse endringane, og det er ikkje like lett for alle å henge med på utviklinga.

… men større forskjell mellom ungdomsspråk og vaksenspråk?

Endringar i arbeidslivet, auka likestilling og lengre skulegang og utdanning har ført til at ungdom går mykje seinare over i arbeidslivet og vaksensamfunnet enn før. Ein konsekvens av dette er at barn og unge i større grad enn tidlegare dannar eigne grupper, med eigne sosiale og språklege normer. Barn lærer i stor grad språket av eldre barn.

I det moderne norske samfunnet er det også eit veksande ideal at enkeltindividet må få gjere som det vil, noko som gjer at variasjon og språklege nyvinningar kanskje ikkje blir korrigerte på same måte som før. Til dømes blei samanfallet av kj- og sj-lyden rekna som barnespråk i mange generasjonar, før det på slutten av 1970-talet byrja å bli med opp i vaksenlivet. I dag er vi vitne til ei endring i l-uttalen blant unge på Austlandet, ei endring som ser ut til å bli med inn i vaksenspråket.

Fem venner er samla ved ein benk utandørs i vintersola. Alle kikkar ned på mobilskjermen sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Heide, E. (2018, 19. februar). Forskeren forteller: 2000 års språkendring utløyst av pest og velstand. Forskning.no. Henta i februar 2022 frå https://forskning.no/forskeren-forteller-historie-kulturhistorie/forskeren-forteller-2000-ars-sprakendring-utloyst-av-pest-og-velstand/287947

Kornberg, K. (2011, 20. oktober). Guttene CHILLERN. Jentene får LÆTTIS. Aftenposten.no. Henta i november 2021 frå https://www.aftenposten.no/oslo/i/kw9yk/guttene-chillern-jentene-faar-laettis

Kotsinas, U.-B., Stenström, A-B. & Drange, E.-M. (2000). Ungdom, språk og identitet. Rapport fra et nettverksmøte. Nordisk Ministerråd.

Mitchell, U. V. & Stavanger Aftenblad (2013, 20. juli). De "pene" dialektene er i ferd med å dø ut. Aftenposten. Henta i mars 2022 frå https://www.aftenposten.no/kultur/i/ddygq/de-pene-dialektene-er-i-ferd-med-aa-doe-ut

Opsahl, T. & Allkunne (2021, 25. august). Sosiolekt. Store norske leksikon. Henta i november 2021 frå https://snl.no/sosiolekt

Rusdal, E. H. & Vårt Land (2016). Slik endres oslospråket. Dagsavisen. Henta i mai 2022 frå https://www.dagsavisen.no/oslo/nyheter/2016/05/04/slik-endres-oslospraket/

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal Forlag.

Theil, R., Simonsen, H. G. & Sveen, A. (2000). Innføring i lingvistikk. Universitetsforlaget.

Torp, A. & Vikør, L. (2014). Hovuddrag i norsk språkhistorie (4. utg.). Gyldendal akademisk.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet