Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk vokabular i framtida

Omtrent 30 % av det totale norske vokabularet i dag er ord vi lånte frå nedertysk i mellomalderen. Kor mykje av dagens vokabular vil overleve dei neste par hundre åra?
Eit stykke sjokoladekake/brownie på ein tallerk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva ord og uttrykk bruker vi i framtida?

Når sa du "kassettspelar", "tastafon" eller "diskettstasjon" sist? Eller kva med "rokk", "hespetre", "ljå" eller "blei"? Verda endrar seg, og samfunnsendringane påverkar språket, anten det er ny teknologi, nye idear og verdiar, nye maktforhold eller nye måtar å leve eller kommunisere på. Dermed vil stadig fleire ord bli irrelevante for samfunnet vi lever i, og gå av bruk, mens nye ord oppstår. Det er ikkje veldig mange år sidan desse orda ikkje ville gitt meining for ein 16-åring: "app", "vippse", "ghoste", "streame", "influensar".

Meir om ord som forsvinn

Språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld (Skotheim, 2017) har delt dei orda som er mest utsette for å forsvinne frå norsk, inn i ulike kategoriar:

Administrative ord

Det kan vere skuleslag og kontor som har endra innhald eller ikkje finst lenger:

gymnas, realskule, bifag, hovudfag, framhaldsskule, sosialkontor, fattigkasse

Ein gjenstand eller ei handling som er borte

Det er særleg ord som blir overflødige på grunn av teknologiske eller vitskaplege framsteg:

jukeboks, radiokabinett, navar, hesje, jernlunge, fasttelefon

Faguttrykk som blir endra

Dette kan til dømes vere namn på syndrom og lidingar som blir endra fordi vi har fått meir kunnskap om dei, og ønskjer å uttrykkje oss meir presist, eller fordi det opphavlege omgrepet hadde ei nedsetjande bityding:

mongoloid (endra til Downs syndrom), manisk depressiv (endra til bipolar liding), kvelstoff (endra til nitrogen), surstoff (endra til hydrogen)

Nemningar på mynt, mål og vekt

I Noreg har vi tidlegare mellom anna hatt mynteiningane mark, dalar og skilling. No seier vi krone og øre. Vi målte tidlegare også lengd i alen og tommar. No bruker vi meter og centimeter.

Moteord som ikkje lenger er på moten

Det er ord som gjerne dukkar opp i samband med spesielle hendingar eller debattar som pregar samfunnet, eller ord som "alle" liker å bruke. Desse orda går gjerne raskt av moten:

monstermaster, oskefast, drittsekk-tv, nussifisering, yngreomsorg, nettbrettnakke

Vanlege ord som blir valde bort til fordel for andre

Utfordring i staden for problem, plattform i staden for ståstad osb.

Handverkstermar som er borte på grunn av ny teknologi

Før i tida kalla vi strykejern for mangletre. "Å mangle" betydde å stryke tøyet glatt.

Kompliserte og lange ord som blir erstatta av korte og enklare ord

Pendel (i staden for perpendikkel), hotell (i staden for gjestgivargard), bil (i staden for automobil), mobil (i staden for mobiltelefon), kino (i staden for kinematograf)

Etisk eller politisk belasta ord

Farga til fordel for neger, rom til fordel for sigøynar, reinhaldar til fordel for vaskedame, lærar til fordel for lærarinne

Slangord har kort levetid

å loke, ein pingle, dollarglis

Vi lagar nye ord

Vi lagar ord for nye fenomen kvar dag. Det er berre kreativiteten som set grenser for kor mange nye ord vi kan lage ved til dømes å setje saman, forkorte eller leggje noko til eksisterande ord. Nokre gonger lagar vi heilt nye ord òg. Sjå berre på følgjande døme:

  • Samansetningar: bonuspappa, curlingforeldre, flyskam, klikkfang, nynorskmoské

  • Forkortingar og avleiingar: grandis, jamenisme, serr, seff, naking

  • Heilt nye ord: vippse, gruff

Om nyorda får eit kort liv som slanguttrykk, eller slår rot i allmennspråket og kanskje finn vegen til ordbøkene, er ofte tilfeldig. Over tid blir uansett mange nye ord tekne opp i daglegspråket, og ordtilfanget i framtida vil nødvendigvis vere annleis enn i dag.

Ord som endrar tyding

Vi ser også døme på at ord skiftar tyding. I Aftenposten 1. mars 2021 kunne vi lese at Erik Valnes (24) blei skamrost av trenar Kristian Skogstad. Journalisten meinte nok at trenaren var veldig fornøgd med eleven sin. I ordboka blir derimot ordet "skamrose" definert som noko negativt: "rose i altfor sterke ordlag, hylle ukritisk". Ifølgje tradisjonell tyding har den som blir rosa, sannsynlegvis ikkje fortent rosen.

Undersøk sjølv:

Nedanfor finnar du ein del ord som har fått endra eller utvida den tradisjonelle tydinga si. Slå opp orda i ordboka og samanlikn med korleis du og vennene dine bruker orda. Var ordbokdefinisjonen som forventa?

episk, sesjon, klein, å tekste, å snappe, bjørneteneste

Vi låner ord utanfrå

Direkte innlån

Mange av nyorda i norsk i framtida vil mest sannsynleg komme utanfrå, særleg frå engelsk. Det er ikkje lenge sidan "olabukse" måtte vike for "jeans", og stadig fleire av oss seier "selfie", "random", "chille", "sorry", "fake" og "whatever". Kva for nokre av desse orda nordmenn bruker om hundre år, veit vi ikkje, men slik det ser ut i dag, vil nye ord i framtida i aukande grad komme frå engelsk. Slike innlån kan endre kva språklydar vi definerer som norske, til dømes uttalen av r, w, j og ch.

Som i går og i dag vil også mange av lånorda i framtida bli , slik "tough" blei "tøff" og "cool" blei "kul", mens andre vil bli fornorska gjennom at vi erstattar det utanlandske ordet med eit såkalla norsk , som "nakkesleng" for "whiplash" eller "nettbrett" for "tablet".

Indirekte påverknad

Engelsk vil nok også påverke norsk på ein meir indirekte måte ved at nye ord og uttrykk oppstår i omsetjing etter mønster frå engelsk. Vi ser døme på dette i språket vårt i dag: "reise eit augebryn", "tek stad", "miksa kjensler", "å hengje ut", "å sjekke ut", "ikkje min kopp te", "søt-ish", "preferert betalingsmåte", "fri frakt", "å stå opp for noko". Slik påverknad endrar ikkje berre ordtilfanget, men også korleis vi bruker norsk.

Vil du ha fleire døme, søk på emneknaggen #snikanglifisering i sosiale medium.

Tenk over:

Veit du kva for nokre engelske uttrykk døma i avsnittet over er påverka av? Og veit du kva uttrykka er på norsk, tradisjonelt sett i alle fall?

Undersøkingar viser at berre nokre få prosent av orda ungdom mellom 16 og 19 år bruker på "chattesider", er frå engelsk. Likevel antek språkprofessor Helene Uri (2004, s. 139) at norsken i framtida blir stappfull av engelske ord og språktrekk. Ein viktig grunn til det er den angloamerikanske påverknaden i populærkulturen og underhaldningsmedia.

Ikkje berre frå engelsk

Minoritetsspråk kan setje spor i majoritetsspråket. Gjennom heile mellomalderen dreiv nordtyske kjøpmenn, kjent som hanseatane, handel med og i Noreg, og nedertysk var eit minoritetsspråk her i landet. I dag er omtrent 30 % av orda i daglegspråket vårt frå nedertysk.

Også i dag blir norsk påverka av minoritetsspråk, om enn ikkje i like stor grad. I nyare tid har norsk fått ord som "kebab", "hijab", "chop suey", "halal", "loco", "wallah", "gætte" og "baosj" frå ikkje-germanske språk. Dei fire første orda har komme inn i ordbøkene, mens dei fire siste orda framleis blir oppfatta som uformelt språk eller slang. Det er grunn til å tru at minoritetsspråka sin påverknad på norsk vil bli sterkare i framtida, men kanskje vil påverknaden vere avgrensa til visse miljø eller sosiale grupper.

Vil det vere noko igjen av dagens norske vokabular i framtida?

Vi spurde innleiingsvis om det vil vere noko igjen av dagens norske vokabular i framtida. Det kjem sjølvsagt an på kor langt inn i framtida det er snakk om. Uansett viser delen nedertyske ord i norsk kor enormt stor innverknad eit språk kan ha på eit anna, så det er sannsynleg at påverknaden frå engelsk vil auke. Likevel bruker vi mange ord i dag som har eksistert i norsk heilt sidan det vi kallar urnordisk tid (år 200–700) – ja, til og med lenger. Det taler for at mykje av dagens ordtilfang vil overleve, sjølv om uttalen skulle endre seg.

Mykje avheng sjølvsagt også av kva slags språkpolitikk vi fører når det gjeld engelskpåverknad, som igjen heng saman med nordmenns haldningar til eige språk. Historia beviser at språkpolitikk har mykje å seie for språkbruk og språkutvikling. Teknologien har likevel aldri vore så avansert som i dag, og verda aldri så lita. Det gjer det vanskeleg å støtte seg berre på historia for å spå framtida.

Relatert innhald

Kjelder

Malt, U. & Kjøll, G. (2020, 21. august). Neologisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1232043

Skotheim, H. (2017, 3. oktober). Ord som kommer, ord som går. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/kultur/2017/10/03/ord-som-kommer-ord-som-gar/

Språkrådet. (2022, 14. januar). "Nyord" – samleside. https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/nyord--samleside/

Uri, H. (2004). Hva er språk. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet