Hopp til innhald

Fagstoff

Vil dialektane døy?

Dialektane er ikkje kva dei ein gong var. Kva skjer i framtida? Vil dialektane overleve, eller kjem vi til å snakke meir eller mindre likt over heile landet?
Ungdom med nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les:

Korleis trur du dialekten der du bur, er om 100 år? Overlever han?

Ikkje eit nytt spørsmål

Allereie på 1800-talet antok nokre forskarar at dialektane snart ville forsvinne til fordel for eit felles standardtalemål. I dag kan vi konkludere med at dei tok feil, for dialektane lever. På nokre område har dialektane til og med blitt styrkte. I dag møter vi dialektar meir eller mindre overalt og i alle samfunnslag – ja, til og med i skrift. Det var ganske utenkjeleg på 1800-talet.

Haldningane til dialektar har òg endra seg i positiv forstand. Nordmenn flest er positive til dialektar, også i media, og vi er meir positive enn i dei andre landa i Norden. For mange er dialekten ein viktig del av den personlege identiteten, og den norske dialektvariasjonen er ein del av ein nasjonal identitet.

Positive til dialekt, men …

Trass i at nordmenn har positive haldningar til dialektar, er noko i ferd med å skje med dialektane våre. I nokre dialektar er endringane radikale. Regionalisering og standardisering fører til at lokale dialektforskjellar forsvinn, og at såkalla standardiserte, skriftspråksnære trekk erstattar tradisjonelle dialekttrekk. Vender vi dialektane ryggen? Snakkar vi likt alle saman i framtida?

I videoklippet under tek NRK-programleiar Yasmin Syed oss med tilbake i tid for å komme nærare eit svar.

Tenk over:

Kva vil du seie er "konklusjonen" i videoklippet over? Kva trur du sjølv?

Regionalisering og standardisering

Regionalisering av talespråket er ei utvikling der dialektane innanfor eit større område, ein region, blir likare kvarandre. Det fører til at lokale dialektforskjellar blir borte, og at vi får større regionar der folk snakkar meir eller mindre likt. Regionaliseringstendensen i Noreg er sterkast på Austlandet, men vi ser han òg på Sunnmøre, i Hordaland, i Agder, i Trøndelag og i andre område.

Standardisering av talespråket er ei utvikling der geografiske språktrekk blir erstatta med språktrekk som ikkje har tydeleg geografisk tilknyting, og som blir rekna som meir nøytrale. Standardiserte former er som regel knytte til statusgrupper i samfunnet, men ofte òg talespråket i hovudstaden. Regionalisering og standardisering er derfor gjerne to sider av same sak, særleg i områda rundt hovudstaden.

I klippet under møter vi barneskuleelevar frå Bø i Telemark, ein tettstad vel 2 timar sørvest for Oslo. Endringane i bødialekten er eit av mange døme på regionaliseringa av talespråka i Noreg.

Kvifor skjer det?

Regionaliseringa heng saman med endringar i kommunikasjon. Auka mobilitet og sentralisering av samfunnet, i tillegg til store endringar innanfor medie- og kommunikasjonsteknologi, gjer at dei fleste av oss høyrer fleire dialektar i kvardagen enn før. Dermed jamnar dialektforskjellane seg ut over tid. Vi blir dessutan meir enn nokon gong eksponerte for standardformer og oslomål i media, og som Arne Torp påpeiker i videoklippet over, blir fleire og fleire dialektar meir "bokmålaktige i dag".

Auka utdanningsnivå i befolkninga og utjamning av sosiale forskjellar er òg medverkande årsaker til at regionale og standardiserte former spreier seg på kostnad av lokale dialekttrekk. Kanskje er ikkje den lokale identiteten like viktig for oss i dagens globaliserte samfunn.

To forklaringsmodellar for regionalisering

Bølgjemetaforen

Kaster du ein stein i vatnet, spreier bølgjene seg i ringar utover frå sentrum. På same måte spreier språktrekk seg frå eit sentrum, gjerne ein by, til omkringliggjande stader når menneske er i kontakt med kvarandre.

Til dømes vil eit byspråktrekk i Trondheim, Bergen, Oslo eller andre byar kunne spreie seg til drabantbyane og vidare til bygdene og tettstadene omkring.

Ringar i vatn i eit tjern. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentrumshopping ("urban jumping")

Kastar du derimot fiskesprett (som òg blir kalla å kaste smutt, flyndre, floppestein eller slå munk) med ein flat stein, sprett steinen på vatnet. På same måte spreier òg språktrekk seg ved at dei "hoppar" direkte frå ein større by til ein annan, sidan språkbrukarane i ein by lettare lèt seg påverke av språket i andre, større byar enn av språket i bygdene omkring.

Til dømes vil eit språktrekk i Oslo kunne spreie seg direkte til Hamar, Kristiansand eller Trondheim utan omvegar.

Ringar i vatnet etter stein som sprett på vassoverflata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verkar samtidig

Begge fenomena verkar samtidig. Frå Hamar, Kristiansand, Trondheim eller andre byar vil det same trekket både kunne "hoppe" til mindre byar i regionen i tråd med sentrumshoppingsmodellen, og samtidig spreie seg til drabantbyane og deretter bygdene rundt byen i tråd med bølgjemetaformodellen.

Kva trur forskarane om framtida til dialektane?

Det er umogleg å vite heilt sikkert kva som skjer i framtida, men viss vi ønskjer kvalifiserte spådommar, bør vi lytte til forskarane.

Professor Arne Torp

Det kan komme ei tid der heile landet snakkar meir eller mindre oslomål

Arne Torp (Sunde 2018)

Arne Torp, professor emeritus i nordisk språkvitskap ved UiO, trur ikkje dialektane kjem til å døy ut så lett, men han medgir at regionaliseringsprosessen kjem til å halde fram. Han ser for seg ei framtid der vi berre kan høyre kva landsdel folk har vakse opp i. På Austlandet vil ifølgje Torp dialektane forsvinne og oslomålet ta over, og han ser ikkje bort frå at vi alle snakkar oslomål eller eit felles riksmål i framtida.

Professor Brit Mæhlum

Brit Mæhlum, professor i nordisk språkvitskap ved NTNU, trur ikkje at dialektane kjem til å forsvinne heilt, sjølv om regionaliseringsprosessen truleg vil halde fram. Som Torp trur Mæhlum at dialektane på store delar av Austlandet vil nærme seg eller bli så å seie identiske med eit Oslo-aktig talespråk. Ho trur likevel ikkje at talespråket i dei andre landsdelane vil bli "austlandsk", men at vi kjem til å høyre forskjell på folk som kjem frå Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet. Å avgjere om ein person kjem frå til dømes Tromsø eller Harstad, eller frå Brattvåg eller Ulsteinvik, trur ho blir verre.

Éin ting er likevel Mæhlum sikker på: Viss utviklinga held fram som i dag, vil vi bruke meir engelsk eller andre framandspråk i Noreg om 100 til 200 år.

Hvor mye engelsk, og ditto hvor lite norsk, som kommer til å være i bruk er det imidlertid umulig å si noe om. Dét er det faktisk opp til den befolkningen som til enhver tid oppholder seg her, å bestemme.

Brit Mæhlum (Uri 2004, s. 133)

Tenk over:

  • Kva synest du om framtidsspådommane til forskarane?

  • Kva tenkjer du er avgjerande for om dialektane overlever eller ikkje? Diskuter gjerne med andre i klassen.

Relatert innhald

Vil norsk døy og bli erstatta av engelsk? Vi ser nærare på kva som kjenneteiknar eit utryddingstrua språk, og på eventuelle konsekvensar av domenetap.

Kjelder

Bakken, A. H., Gjerde, P. B. & Holter, H. (2015, 7. mars). Dialektentusiasten spår dialektenes død. Glåmdalen. Henta februar 2022 frå https://www.glomdalen.no/kultur/sprak/nyheter/dialektentusiasten-spar-dialektenes-dod/s/5-19-33463

Heli, S. S. (2011). Jæi, je eller æ – holdninger til standardspråk og dialekt i NRK. [Masteroppgåve, Universitetet i Oslo]. Henta februar 2022 frå https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26736/MasteroppgxHeli.pdf?sequence=1

Sunde, K. Å. (2018, 27. januar). I framtida kjem kanskje alle til å snakke same dialekt. Framtida.no. Henta februar 2022 frå https://framtida.no/2018/01/24/i-framtida-kjem-kanskje-alle-til-a-snakke-same-dialekt

Uri, H. (2004). Hva er språk? Universitetsforlaget. Oslo.

Vikør, L. S. (2004). Nordiske språkhaldningar i 2002 – ei meiningsmåling. Språknytt 1/2004. Henta november 2021 frå https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2004/1/Nordiske_spraakhaldningar/

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet