Hopp til innhald
Oppgåve

Språkleg kjønnsskifte?

Korleis veit vi om eit ord er hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn i norsk? Og kva skjer eigentleg med hokjønnet? Utforsk endringar i norsk grammatikk.

Oppgåve 1: Utforsk grammatisk kjønn i norsk

Del 1: Typisk norsk?

  1. Bruk oversikta over norsk, svensk og dansk nedanfor som utgangspunkt, og prøv å skrive ned kva som er særeige ved norsk.

  2. Strek under fagomgrepa du har brukt. Kjem du på fleire du kunne ha brukt? Prøv å bruke dei.

  3. Gå i grupper. Samanlikn skildringane og fagomgrepa ved å lese det de har skrive, for kvarandre.

  4. De har kanskje ulike skildringar. Bli einige om éi god, felles skildring på gruppa. Samanlikn gjerne med dei andre gruppene i klassen.

Norsk bokmål: en mann – ei kvinne – et hus

Norsk nynorsk: ein mann – ei kvinne – eit hus

Svensk: en man – en kvinna – ett hus

Dansk: en mand – en kvinde – et hus

Del 2: Grammatisk kjønn i norsk

Teksten under forklarer kva grammatisk kjønn er. Les forklaringa, og drøft spørsmåla nedanfor for deg sjølv eller med andre.

I norsk er grammatisk kjønn er ein innebygd eigenskap ved substantiv. Til dømes er substantivet "båt" alltid hankjønn i norsk, og derfor blir det bøygd på ein heilt bestemd måte. Norske substantiv har tre grammatiske kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Kjønnet til substantivet påverkar ikkje berre korleis substantivet blir bøygd, men òg korleis vi bøyer andre ord. Det gjeld særleg adjektiv. I tillegg påverkar det kva pronomen vi bruker. Hankjønnsordet "båt" vil til dømes bli erstatta med pronomenet "den" eller "han".

  1. Korleis veit vi om eit ord er hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn i norsk?

  2. Kvifor trur du/de vi har grammatisk kjønn?

  3. Kor viktig er grammatisk kjønn i språket? Kunne vi til dømes klart oss utan?

Del 3: Bruker du hokjønn?

Har du to eller tre kjønn i talespråket ditt? Er du usikker på dette med kjønn, les "Om tre og to kjønn" i kollapsboksen under før du svarer på spørsmåla.

Om tre og to kjønn

Tre kjønn

Dei fleste norske talespråkvariantar har tre kjønn – hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Substantiva har med andre ord tre ulike bøyingsmønster. Framfor ubestemd form eintal får vi en/ein (hankjønn), ei (hokjønn) eller et/eit (inkjekjønn).

To kjønn

Nokre norske talespråkbrukarar har to kjønn – felleskjønn og inkjekjønn. Substantiva har med andre ord berre to ulike bøyingsmønster. Felleskjønn er eit samanfall av tidlegare hokjønn og hankjønn. Framfor ubestemd form eintal får vi anten en/ein (felleskjønn) eller et/eit (inkjekjønn).

  1. Seier du "ei" framfor nokon ord, som til dømes klokke, sol, skål, bygd, jente?

  2. Har du ulike endingar i bestemd form eintal av desse orda: klokke, stol, bygd, by, jente, gut?

  3. Har du ulike endingar i fleirtal av desse orda: klokke, stol, bygd, by, jente, gut?

Viss du kan svare "ja" på alle spørsmåla over, har du hokjønn og dermed tre kjønn i talespråket ditt.

Svarer du derimot "nei" på alle spørsmåla, har du ikkje hokjønn og dermed to kjønn i talespråket ditt.

Svarer du "nei" på spørsmål 1, men "ja" på spørsmål 2 og/eller spørsmål 3, kan du anten seie at du har delvis hokjønn, eller at du har to kjønn der felleskjønnsorda har to bøyingsvariantar. Kanskje er det eit signal om at hokjønn er på veg ut av dialekten din. Vil du undersøkje dette nærare, kan du gjennomføre undersøkinga i oppgåve 3 lengre ned.

Oppgåve 2: Kva skjer med hokjønn i norsk?

Del 1: Kva trur du?

Undersøkingane til språkforskarane viser at hokjønn er på veg bort frå talespråket i fleire norske byar, til dømes Oslo, Tromsø og Trondheim.

  1. Kva kan vere årsakene til at hokjønnsformene går tilbake? Reflekter på eiga hand nokre minutt først. Diskuter deretter med andre i klassen.

  2. Vel den påstanden nedanfor som stemmer best med kva du sjølv trur. Prøv å grunngi så godt du kan for deg sjølv før du diskuterer med andre i klassen.

  • Eg trur hokjønnsformene vil halde fram med tilbakegangen, men aldri forsvinne heilt.

  • Eg trur hokjønnsformene vil forsvinne frå byane, men bli i bygdene.

  • Eg trur hokjønnsformene vil komme tilbake for fullt.

  • Eg trur hokjønnsformene vil forsvinne heilt frå norsk.

Del 2: Kva viser språkforskinga?

Du skal no lese om nokon som har forska på bruken av grammatisk kjønn i talespråket. Du finn artikkelen "Hunkjønn forsvinner fra det norske språket" på Forskning.no.

For å forstå teksten og få med deg viktig informasjon bør du prøve å svare på dei følgjande spørsmåla undervegs:

  1. Stopp etter overskrift og ingress (innleiing). Skriv med éi setning kva artikkelen handlar om, før du les vidare.

  2. Er bortfall av hokjønn eit byfenomen, eit bygdefenomen eller eit landsdekkjande fenomen?

  3. Kvifor valde forskarane informantar i ulike aldersgrupper, trur du?

  4. Kvifor valde forskarane å ikkje informere informantane om kva dei blei testa for, trur du?

  5. Prøv å seie det som står under overskrifta "Foretrekker konsekvent 'en'", med så få ord som mogleg.

  6. Kva er dei to viktigaste forskjellane mellom resultata i undersøkingane som tidlegare blei gjennomførte i Tromsø og Oslo, og denne som blei gjennomført i Trondheim?

  7. Kva er "byhopping"?

  8. Kvifor forsvinn hokjønn, ifølgje forskarane som uttaler seg i denne artikkelen?

Del 3: Kva meiner du no?

Etter å ha lese om undersøkingane til språkforskarane av hokjønnsbruken i mellom anna Trondheim, Tromsø og Oslo, kva kan du seie om det følgjande?

  1. Kva kan vere årsakene til at hokjønnsforma blir stadig mindre brukt?

  2. Korleis trur du det står til med hokjønnsformene i norsk om 100 år?

    • i heile landet

    • i ditt område

    • i by og bygd

    • skriftleg

    • munnleg

Anten du svarer skriftleg eller munnleg, skal du forklare utfyllande og grunngi ved å vise til og sitere artikkelen.

Oppgåve 3: Forsk på hokjønn i talespråket der du bur

Del 1: Språket ditt

Byt ut substantivet "ein kopp" og "koppen" i setninga under med substantiva i lista nedanfor. Noter formene nøyaktig slik du uttaler dei.

  • Det står ein kopp ved sida av meg, er det koppen din?

jente, veske, rake, sol, klasse, flaske

Del 2: Språket i gruppa

Samanlikn formene dine med tre–fire andre elevar. Diskuter moglege årsaker til likskapar og forskjellar mellom formene de bruker.

Del 3: Språket i klassen og på heimstaden

Undersøk resultata for heile klassen.

Samle inn data frå heile klassen ved hjelp av handsopprekking. De kan bruke skjemaet i Word-fila under når de tel opp, og lag gjerne tabellar for å vise fram resultata.

Del 4: Analyser resultatet

  1. Kva fortel tala oss om hokjønnsbruken i klassen og på heimstaden?

  2. Er resultatet som ein kunne forvente?

  3. Kva kan vere årsakene til at resultatet blei som det blei?

Del 5: Vidare forsking

Spør foreldre, besteforeldre eller andre eldre om dei vil delta. Det er viktig at dei er frå same stad. La dei gjennomføre del 1 på same måte som de gjorde. Noter svara de får, og ta dei med tilbake til skulen. Samle dataa og samanlikn med data frå undersøkinga i klassen. Analyser til slutt resultata i tråd med del 4.

Forskjellar mellom den eldre og den yngre generasjonen kan tyde på at språket er i endring.

Kjelder

Berg-Olsen, S. (2017). Grammatisk kjønn og variasjon i norsk. Språknytt nr. 2. Henta september 2021 frå https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/spraknytt-22017/grammatisk-kjonn-og-variasjon-i-norsk/

Lilleslåtten, M. (2021). Hunkjønn forsvinner fra det norske språket. Forskning.no. Henta april 2022 frå https://forskning.no/partner-sprak-universitetet-i-oslo/hunkjonn-forsvinner-fra-det-norske-spraket/1674336

Relatert innhald