Hopp til innhald

Fagstoff

Inndelinga av norske geolektar

Geolektane våre avslører kvar vi kjem frå. For å gjere plassering litt enklare, deler vi geolektane inn i større geografiske område.
Fire vaksne helser på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein geolekt?

Ein geolekt er kort sagt ein dialekt, altså ein munnleg variant av eit språk, som er geografisk avgrensa. Sokndaldialekten, haldendialekten og brønnøysunddialekten er tre døme på norske geolektar.

Du kan lese meir om dialekt i artikkelen "Kva er dialekt?".

Inndeling av dei norske geolektane

Har du nokon gong tenkt på kor mange geolektar det eigentleg er i kommunen eller i fylket du bur i?

Språkforskjellane mellom to stader er nokre gonger så få eller så små at det nesten er umerkeleg. Kor store forskjellar skal til før det er snakk om to ulike geolektar? Er til dømes eitt målmerke nok? Og er nokon målmerke viktigare enn andre?

Det enklaste er å gruppere geolektar med visse fellestrekk inn i større grupper. Det er tradisjon for å dele norske geolektar inn i anten to eller fire kategoriar ut frå felles målmerke. I denne teksten vil vi presentere begge inndelingstradisjonane.

Tenk over:

Kan du tenkje deg nokon gode grunnar for å lære om dei ulike norske dialektane? Diskuter gjerne i grupper.

Kart som viser grensene for austnorske og vestnorske geolektar. Grensene fell saman med grensene for lågtone- og høgtonegeolektar. Illustrasjon.

Alternativ 1: Todeling av norske geolektar

I ei todeling av norske geolektar delar vi inn i følgjande hovudgrupper:

  1. austnorske geolektar

  2. vestnorske geolektar

Grovt sett reknar vi då Austlandet og Trøndelag som austnorsk, mens Sørlandet, Vestlandet og Nord-Noreg blir rekna som vestnorsk.

Korleis skil vi dei to geolektområda?

Det er særleg fem målmerke som skil austnorske og vestnorske geolektar frå kvarandre. Dei finn du i oversikta under. Der kan du òg klikke på dei ulike målmerka for meir informasjon:

Alternativ 2: Firedeling av norske geolektar

Vi kan òg dele norske geolektar inn i fire område:

  1. nordnorske geolektar

  2. trønderske geolektar

  3. vestlandske geolektar

  4. austlandske geolektar

Med unntak av at geolektane på Sørlandet her høyrer innunder vestlandske geolektar, fell inndelinga saman med landsdelane Austlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg.

Kart over dei fire norske geolektområda nordnorsk, trøndersk, vestlandsk og austlandsk. Illustrasjon.

Korleis skil vi dei fire geolektområda?

Den store forskjellen mellom ei todeling og ei firedeling av dei norske geolektane er at i ei firedeling må vi skilje trøndersk frå austlandsk og nordnorsk frå vestlandsk.

For å skilje austnorsk og trøndersk frå vestlandsk og nordnorsk bruker vi dei same målmerka som vi brukte for å skilje vestnorsk og austnorsk lenger opp.

Å skilje nordnorsk frå vestlandsk

Vestlandsk og nordnorsk har mykje til felles. Mange vil likevel klare å skilje nordnorsk frå vestlandsk ut frå setningsmelodien eller tonefallet. Det er likevel ikkje så lett å forklare slike forskjellar, så derfor skal vi sjå på eit par andre målmerke som kan hjelpe oss å skilje dei.

Infinitiv, hokjønnssubstantiv og apokope

Geolektar med e-infinitiv finn vi både i nordnorsk og vestlandsk. Derimot finn vi geolektar med a-infinitivar berre i vestlandsk og geolektar med apokope berre i nordnorsk.

I dei fleste geolektar er det vanleg med same ending i infinitiv som i ubunden form av hokjønnssubstantiva, men i store delar av Nord-Noreg finn vi geolektar med e-ending i infinitivane og a-ending i substantiva. Desse kallar vi e-/a-mål.

  • Berre i nordnorsk: Ho vil kjøp ei skjort. (apokope-mål)

  • Berre i nordnorsk: Ho vil kjøpe ei skjorta. (e-/a-mål)

  • I både nordnorsk og vestlandsk: Ho vil kjøpe ei skjorte. (e-mål)

  • Berre i vestlandsk: Ho vil kjøpa ei skjorta. (a-mål)

I videoklippet under fortel Tristan og Gro Kristin segna om korleis Hegeholmen i elva Otra har fått namnet sitt. Segna fortel dei på setesdalsdialekten sin. Setesdalsdialekten er ein vestlandsk geolekt. Kan du høyre kvifor?

Å skilje trøndersk frå austlandsk

Infinitiv

Både trønderske og austlandske geolektar har såkalla kløyvd infinitiv. Det vil seie at geolektane har eit system med to ulike endingar i infinitiv.

Både dei trønderske og dei austlandske geolektane har a-ending i ein spesiell type infinitivar som vi kallar jamvektinfinitivar: å vera, å gjera, å vita/veta, å komma m.fl. Nokre trønderske geolektar har å-ending i desse orda. Den store forskjellen mellom trøndersk og austlandsk ligg i korleis resten av infinitivane blir uttalte. I trøndersk har dei apokope, som betyr at endinga har falle bort: å dans, å syng, å fest. Desse infinitivane får e-ending i austlandsk: å danse, å syngje, å feste.

  • Trøndersk: Vil du dajns og fest? Da må du værra/vårrå med ut.

  • Austlandsk: Vil du danse og feste? Da må du væra med ut.

Nektingsadverbet

  • Trøndersk: itj

  • Austlandsk: ikke, itte, ikkje eller inte/ente

Palatalisering

Palatalisering er når lydane n, l, d eller t får ein slags j-uttale sånn at mann, kveld og redd blir uttalt majnn, kvejll og rejdd.

Palatalisering finn vi i alle dei fire hovudområda av norske geolektar, men det som skil dei trønderske frå dei austlandske geolektane, er dei følgjande to tinga: For det første har alle trønderske geolektar palatalisering. Langt frå alle austlandske dialektar har det. For det andre er det berre trønderske dialektar som òg palataliserer i trykksvake stavingar, til dømes i endingane:

  • Palatalisering i trykksvak staving: gutajnn, bajllajnn (nynorsk: gutane, ballane)

Apokope

Apokope finn vi i trøndersk, ikkje i austlandsk. Vi såg ovanfor at trønderske dialektar har apokope i dei fleste infinitivane. Apokope finst òg i hokjønnssubstantiv, til dømes ei gryt, ei kist, ei skjort.

Vil du vite meir om austlandsk?

Ytterlegare inndeling av austlandsk

Når vi deler dei norske dialektane inn i fire område, dekkjer austlandsk eit stort område. Det går an å dele dette området i to:

  • fjellbygdmål

  • flatbygdmål

Fjellbygdmåla er geolektane i dei vestlege fjellområda i Innlandet, Viken og delar av Telemark.

Flatbygdmåla er geolektane rundt Oslofjorden, inkludert Oslo, og i dei austlege flatområda av Viken og Innlandet.

Forskjellar

Det er mange små og store forskjellar mellom fjell- og flatbygdmåla innanfor austlandsk, men dei viktigaste er desse:

Nektingsadverb: Flatbygdmåla har ikke, itte eller inte/ente. Fjellbygdmåla har ikkje.

Ubunden form eintal av einstava hokjønnssubstantiv: Flatbygdmåla har a-ending: bygda, stranda; fjellbygdmåla har i- eller e-ending: bygdi, strandi / bygde, strande.

Personleg pronomen førsteperson eintal og fleirtal: Flatbygdmåla seier stort sett je og jæi i eintal og vi i fleirtal. I fjellbygdmåla finn vi for det meste e og eg i eintal og me, mi eller oss i fleirtal.

Er to- eller firedeling best?

Tilhengjarar av ei todeling av norske dialektar i hovudområda austnorsk og vestnorsk argumenterer med at det er store likskapstrekk mellom talespråket på Vestlandet og i Nord-Noreg på den eine sida, og mellom talespråka på Austlandet og i Trøndelag på den andre. Mellom anna finn vi tjukk l og jamvektregel på Austlandet og i Trøndelag.

Tilhengjarar av ei firedeling meiner derimot at ei slik todeling er for enkel fordi vi legg altfor få språklege kriterium til grunn. Mange språktrekk går på tvers av dei to hovudområda. Til dømes finst både tjukk l og spor av jamvektregel òg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Vidare finn vi apokope både i Trøndelag og i nordnorske dialektar. Dessutan meiner nokon at ei todeling er i strid med allmenn oppfatning: Trøndersk blir ikkje oppfatta som austnorsk, og nordnorsk blir ikkje oppfatta som vestnorsk.

Tenk over:

Kva inndeling føretrekkjer du? Grunngi valet ditt, og diskuter gjerne med dei andre i klassen.

Språket endrar seg

Dei inndelingane av dei norske geolektane som er presenterte over, er baserte på tradisjonelle dialektgrenser. Sjølv om grensene grovt sett òg stemmer i dag, vil du antakeleg oppleve at inndelinga ikkje heilt passar med korleis det blir snakka i eit område i dag.

Mykje har skjedd med det norske talespråket berre dei siste tiåra. Sentralisering, auka mobilitet, nye kontaktmønster og endringar i sosiale forhold bidreg til ei regionalisering av geolektane våre. Dei forskjellane vi for ein generasjon sidan fann mellom lokale dialektar, er mange stader i ferd med å bli borte. I staden ser vi ein tendens til at geolektane innanfor ein større region blir likare kvarandre.

Dessutan skil ofte talespråket i og rundt byane seg frå talespråket i bygdene. Det vanlegaste er at byspråket ligg nærare skriftspråket eller den uttalevarianten som blir knytt til ein viss sosial status. Til dømes kan språkbrukarane i byen seie "ikke" sjølv om "ikkje" er uttalen i området elles. Andre døme er e-infinitiv (vere/gjere/trykkje/sykle) i staden for kløyvd infinitiv (vera/gjera, men trykkje/sykle), eller tynn l i staden for tjukk l (i ord som folk, skole, klubb eller jord).

Viss du vil, kan du lese meir i artikkelen "Språkendring – kva er det, og kvifor skjer det?".

Kjelder

Skjekkeland, M. (1997). Dei norske dialektane. Høyskoleforlaget. Kristiansand.

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Skjekkeland, M. (2015). Nordnorsk. I Store norske leksikon. Henta november 2021 frå https://snl.no/nordnorsk

Skjekkeland, M. (2015). Trøndersk. I Store norske leksikon. Henta november 2021 frå https://snl.no/trøndersk

CC BY-SASkrive av Christian Lund, Ragna Marie Tørdal, Oddvar Engan og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2021

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet