Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dialekt og stereotypiar – humor eller ramme alvor?

Oppgåve 1. Dialektar, stereotypiar og fordommar

Gruppeoppgåver:

  1. Har de stereotypiar eller fordommar knytte til ulike dialektar? Nedanfor er ei liste over dialektar eller dialektområde og ei liste over eigenskapar eller karaktertrekk. Prøv først å kople dialektane til éin eller fleire av dei ulike karakteristikkane på eiga hand. Samanlikn deretter svara med det dei andre på gruppa eller i klassen har funne ut. Diskuter så vala de har gjort. Kvifor er det sånn, og kven "bestemmer" det?

  2. Veit de om det er knytt stereotypiar eller fordommar til dykkar eigen dialekt?

Dialektar og dialektområde

Nordnorsk, trøndersk, austlandsk, vestlandsk, sørlandsk, bergensk, romsdalsk, stavangerdialekt, oslodialekt, østfoldsk, hedmarksdialekt, telemarkdialekt, gudbrandsdalsk

Eigenskapar

Vennleg, stolt, dum, snill, norsk, sjølvgod, overlegen, enkel, smart, frekk, folkeleg, morosam, tradisjonell, hissig, ærleg, truverdig, jålete, urban, ungdommeleg, gammaldags, bondsk, treg, ambisiøs

Oppgåve 2. Dialekt i reklame

Reklamebransjen bruker ofte dialekt som verkemiddel.

  1. Kjenner de til nokon reklamar som bruker dialekt som verkemiddel?

  2. Kva prøver dei å oppnå med dialektbruken?

  3. Er det mogleg å sjå eit mønster i kva reklamar som bruker kva dialektar eller talespråkvariantar?

Oppgåve 3. Når dialekten ikkje er fin nok

Sjå klippet under frå 06:54 til 08:58 og jobb med spørsmåla nedanfor:

  1. Kva kan vere årsakene til den "østfoldske dialektskamma"?

  2. Kvifor har nokon talespråkvariantar høgare status enn andre?

  3. I klippet blir det å snakke dialekt knytt til "å vere seg sjølv". Er de einige eller ueinige i det?

  4. Diskuter påstanden: Å snakke lokal dialekt eller ikkje handlar om sjølvtillit.

Oppgåve 4. Noregs verste dialekt?

Del 1

I grupper:

  1. I 2014 hadde NRK P3 ei uformell kåring av Noregs verste dialekt. Kva dialekt trur de gjekk av med den lite ærefulle sigeren?

  2. Les om resultatet av dialektkåringa Hallo P3 gjorde i artikkelen "Norges verste dialekt er kåret" på NRK og diskuter kva årsakene kan vere til at nettopp desse tre dialektane tok pallplassane.

  3. Kva synest de om slike kåringar? Er det berre morosamt, eller er det mobbing?

Del 2

I samband med kåringa NRK P3 gjorde av Noregs verste dialekt, fekk representantar for dei ulike dialektane halde ein appell til forsvar for eigen dialekt.

Oppgåve: Sjå nokre av appellane i artikkelen "Poppeloppe, kokkelur, pledd og fole" på NRK. Lag deretter ein liknande appell til forsvar for din eigen dialekt.

Oppgåve 5. Dialekt og humor

Jobb individuelt eller i grupper:

Stå-opp-komikar Halvor Johansson harselerer med dialektar i NRK-serien Latter Live. Sjå mellom (00:00–12:54) i episode 3 "Noreg bør ta seg saman" på NRK og jobb deretter med spørsmåla nedanfor:

  1. Blir dialekten din nemnd? Kjenner du deg i så fall igjen i karakteristikkane?

  2. Kvar kjem dialektstereotypiane frå? Er det noko sant ved dei?

  3. Synest du det Johansson driv med er mobbing, eller bør vi tole såpass?

  4. Kva er det som avgjer om dialektharselas berre er moro eller om det går over til latterleggjering og mobbing? Tenk til dømes på situasjonen, avsendaren, formålet, mottakaren, og kva dialekt det er snakk om.

  5. Var det døme der du synest Johansson var heilt på grensa eller gjekk for langt?

  6. Somme dialektar blir oftare harselert med enn andre. Drøft moglege årsaker til og konsekvensar av det.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet