Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjenner du hovudområda for norske geolektar?

Oppgåve 1: Å skilje mellom vestnorsk og austnorsk

Vi kan dele dei norske geolektane i vestnorske og austnorske geolektar ut frå felles målmerke. Du kan lese om denne todelinga i artikkelen "Inndelinga av norske geolektar".

Klarer du å skilje vestnorske frå austnorske geolektar? Test deg sjølv nedanfor ved å dra og sleppe dei ulike målmerka i rett dialektområde. NB! Det er to sider.

Oppgåve 2: Å skilje mellom vestlandsk, nordnorsk, austlandsk og trøndersk

Vi kan òg dele dei norske geolektane i vestlandske, nordnorske, austlandske og trønderske geolektar. Du kan lese om denne firedelinga i artikkelen "Inndelinga av norske geolektar".

Klarer du å skilje vestlandsk frå nordnorsk og austlandsk frå trøndersk? Test deg sjølv nedanfor ved å dra og sleppe dei ulike målmerka i rett dialektområde. NB! Det er to sider.

Oppgåve 3: Talespråk i endring

Det norske talespråket er i endring, og det er ikkje sikkert målmerka i oppgåve 1 og 2 stemmer med situasjonen i dag. Snakkar du bymål eller skriftspråknært, vil du kanskje heller ikkje kjenne deg igjen.

Korleis er det der du bur?

  1. Bruk artikkelen "Inndelinga av norske geolektar" til å finne ut kva målmerke som tradisjonelt er typisk for området eller landsdelen du bur i. Du kan òg bruke oversikta i oppgåve 1 eller 2 over.

  2. Kva for nokre av målmerka finn du i talespråket også i dag, og kva er på veg ut eller er borte?

  3. Er det nokre målmerke som berre blir brukte av nokon? Kven er det i så fall som bruker og ikkje bruker dei? Er det aldersforskjell, geografisk forskjell eller sosial forskjell?

  4. Anten du har funne endringar eller ikkje, kvifor er det sånn, trur du? Tips til kjelder:

Relatert innhald

Det er mange måtar å dele inn dei norske geolektane på. I denne artikkelen kan du lære meir om dei to vanlegaste måtane: todeling og firedeling.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet