Hopp til innhald
Fagartikkel

Framtida for det norske talespråket

Korleis blir det norske talespråket i framtida? Tek vi utgangspunkt i språksituasjon i dag, kan vi gjere meir eller mindre kvalifiserte gjettingar om språket i framtida.

Tenk over

Korleis trur du det norske språket ser ut og høyrest ut om 100 år?

Å sjå inn i (språk)framtida

Det einaste vi kan seie sikkert om norsk i framtida, er at språket vil vere annleis enn i dag. Alle andre spørsmål kan vi berre gi meir eller mindre sannsynlege svar på. Skarrar dei på r-ane på Hamar i framtida? Blir kj-lyden borte i Mandal? Tek engelsk over, eller får vi ei blanding av engelsk og norsk? Vil norsk bli påverka av andre språk enn engelsk? Snakkar vi likt i heile Noreg, eller kanskje i heile verda?

Uvissa om framtida vil alltid vere stor, for det vil alltid kunne skje noko heilt nytt, uventa og hittil ukjent – hendingar som får store konsekvensar for samfunnet og språket. Til dømes kunne ikkje nordmenn for 100 år sidan føresjå kva innverknad tv, internett og den amerikanske popkulturen kom til å få på språket vårt.

Det går likevel an å "sjå inn i framtida" og seie noko om kva som sannsynlegvis skjer – om forholda ligg til rette for det. Kunnskap om og forståing av historia og det som skjer i vår eiga tid, kan gi oss haldepunkt for å gjere meir eller mindre kvalifiserte gjettingar om framtida.

Tenk over

  1. Kva veit du om språk, menneske og samfunn som kan hjelpe deg å gjette kva som kan skje med språket vårt i framtida?

  2. Kva skulle du helst ha visst meir om for å gjette endå betre?

Ta gjerne notat. Etterpå kan de reflektere saman i større grupper eller heile klassen.