Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spå framtida til norsk talespråk

Korleis høyrest norsk ut om 100 år? Her kan du jobbe med ulike oppgåver om språkutviklinga.
To hender med raud naglelakk held rundt ei stor, gjennomsiktig krystallkule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Del 1

"Dagens feilbruk er fremtidens bruk."

Helene Uri (Uri, 2004, s. 139)

  1. Kva meiner språkforskar Helene Uri med påstanden ovanfor? Forklar med dine eigne ord.

  2. Kjenne du døme som kan underbyggje Uris påstand?

Del 2

Det er mange ting som påverkar korleis norsk høyrest ut om 100–200 år. Gå saman i mindre grupper og diskuter. Lag ei punktliste over det de meiner kan få innverknad på kva som skjer med talespråket vårt i framtida. Rangar punkta etter kor avgjerande de meiner dei er for talespråkutviklinga.

Oppgåve 2

Del 1

Sit for deg sjølv. Beskriv korleis du ser for deg at norsk talespråk er om 100 år. Underbygg framtidsskildringane dine med faktabaserte argument og døme.

Forslag til korleis du kan starte skildringa di:

  • Norsk talespråk om 100 år vil med stor sikkerheit vere annleis enn i dag.

  • Norsk talespråk vil sannsynlegvis ikkje endre seg noko særleg dei neste 100 åra.

  • Norsk vil framleis vere norsk for dei som veks opp om 100 år.

  • Norsk om 100 år vil antakeleg vere eit blandingsspråk, i alle fall med våre auge.

  • Om 100 år er Noreg sannsynlegvis eit tospråkleg samfunn.

Del 2

Ta med deg skildringa og argumenta til ei større gruppe. La kvar gruppemedlem leggje fram skildringa si og argumenta sine før de diskuterer og eventuelt konkluderer. Samanfatt kva de har komme fram til, for dei andre gruppene i klassen.

Oppgåve 3

blir rekna som den største trugselen mot norsk. Det er særleg stor bekymring for at norsk taper terreng til engelsk i høgare utdanning og i medie- og underhaldningsbransjen.

  1. Kva for nokre andre samfunnsområde står overfor trugselen om domenetap?

  2. Kva kan vere konsekvensane av domenetap på dei ulike samfunnsområda?

  3. Kva kan og bør vi gjere for å unngå domenetap?

Oppgåve 4

Regionaliseringa av det norske talespråket fører til at vi får større regionar der forskjellane mellom dei lokale dialektane forsvinn til fordel for ein regional talespråkvariant.

Skriv ein fagartikkel eller lag ein presentasjon der du drøftar fordelar og ulemper med ei slik regionalisering, og reflekter til slutt over kor langt du trur denne regionaliseringsprosessen vil gå.

Du kan lese meir om regionalisering i artikkelen "Vil dialektane døy?".

Oppgåve 5

Vel ei av oppgåvene nedanfor.

  1. Skriv ein fagartikkel eller lag ein presentasjon der du først gjer greie for kva som er med på å påverke framtida til det norske talespråket, og deretter reflekterer over korleis norsk vil høyrast ut om 200 år.

  2. Vel ein konkret endringstendens i det norske ordtilfanget, norsk grammatikk eller norske språklydar, til dømes samanfallet mellom kj-lyden og sj-lyden. Skriv eit essay der du reflekterer over årsakene til at mange lèt seg provosere av slike endringar.

Kjelde

Uri, H. (2004). Hva er språk. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet