Hopp til innhald

Fagstoff

Meir om norske målmerke

Kva avslører dialekten din og skil han frå andre sin dialekt? På fagspråket kallar vi desse språklege trekka for målmerke.

Meir og mindre sentrale målmerke

Å skilje hovudområda av norske dialektar

I artikkelen "Sentrale norske målmerke" her på NDLA kan du lese om fem norske målmerke som er nyttige for å skilje hovudområda av norske dialektar frå kvarandre. Målmerka det er snakk om, er tonefall, trykk i opphavlege framandord, retrofleksen tjukk l, andre retrofleksar og infinitivsending.

Målmerke på tvers av hovudområda

Det er veldig mange andre målmerke som går på tvers av hovudområda av norske dialektar. Nokre av dei skil den eine bygdedialekten frå nabodialekten berre ein køyretur på nokre minutt unna. Andre målmerke finn vi kanskje i mange dialektar over eit stort område, kanskje fleire kommunar, fylke eller landsdelar. Vi skal sjå nærare på nokre av dei.

  1. r-uttale

  2. palatalisering

  3. nektingsadverbet

  4. apokope

  5. personleg pronomen i førsteperson eintal og fleirtal

  6. blaute konsonantar

  7. segmentasjon og differensiasjon

  8. svarabhaktivokal

  9. preaspirasjon

Tenk over

Kan du nemne fem målmerke som kjenneteiknar dialekten der du bur?

R-uttale

Kva er det?

Vi kan dele r-uttalen i norske dialektar etter kvar i munnen dei blir uttalte. Nokre variantar blir uttalte i fremre del av munnen, mens andre variantar blir uttalte lenger bak i munnen.

Fremre r-lyd

Fremre r-lyd blir uttalt ved at tungespissen blir løft opp mot den delen av ganen som er rett bak framtennene. Han kjem i ulike variantar i dei norske dialektane. Den mest utbreidde kallar vi rulle-r. Dei fleste "rullar" likevel ikkje når dei snakkar, men slår eller "tappar" tungespissen ein gong opp mot den delen av ganen som er rett bak framtennene. Nokre dialektar har ein såkalla frikativ variant av denne r-lyden. Ein frikativ lyd betyr at luftstraumen ikkje er heilt stengd, slik at det blir ein friksjonslyd, nesten som ein stemd sj-lyd.

I klippet under parodierer komikar Atle Antonsen nordnorsk i NRK-programmet Team Antonsen frå 2004. Han overdriv mellom anna den fremre, frikative r-lyden.

Bakre r-lyd

Mange dialektar har ein såkalla bakre r-lyd, òg kjend som skarre-r. Han blir uttalt ved at bakre del av tunga, òg kalla "tungeryggen", blir løft opp mot det mjuke området bakarst i ganen.

Kvar seier dei kva?

Rulle-r er den opphavlege r-lyden i norsk, og han er vanleg på Austlandet, i Trøndelag, i store delar av Nord-Noreg og på mykje av Vestlandet. I Troms finn vi òg den frikative varianten.

Skarre-r finst i ei samanhengande stripe langs kysten frå Tvedestrand i sør til og med Florø på Nordvestlandet. Skarre-r-en kom truleg til landet på slutten av 1700-talet, og har spreidd seg kraftig sidan den gongen. Skarre-r spreier seg framleis til nye område.

Les meir om skarre-r i artikkelen "Skarre-r på frammarsj" frå forskingsmagasinet Apollon.

Palatalisering

"Førr det hainnle om å leve, det hainnle om å gje"

Artist: Kine Hellebust. Heimstad: Harstad i Troms, Troms og Finnmark fylke

Kva er det?

Palatalisering kallar vi det når ein konsonant blir uttalt med j-farge. Du har kanskje høyrt visa om "ein mainn med hainnhuinn i bainn"? Denne visa er skriven på trønderdialekt, og j-lyden i mainn, hainnhuinn og bainn kjem av at trønderane pressar oversida av tunga mot den harde ganen når dei skal uttale nn. Denne delen av munnhòla heiter palatum på fagspråket.

Det er ikkje berre nn som får palatalisert uttale, men også ll, dd og tt: mannj, ballj, reddj, stuttj.

Kvar seier dei kva?

Mange knyter palatalisering til trønderske dialektar, men det er ikkje berre trønderar som palataliserer konsonantar. Vi finn tradisjonelt dette målmerket i så godt som heile området frå Nord-Noreg og sørover til Sunnfjord og Mjøs-området.

Nektingsadverbet

"En får værra som en er når'n itte vart som en sku"

Artist: Ole Ivars / Tore Halvorsen. Heimstad: Rendalen i Østerdalen, Innlandet fylke

Kva er det?

Ein annan god dialektmarkør er nektingsadverbet ikkje. Ordet blir uttalt ganske ulikt i dei ulike delane av landet.

Kvar seier dei kva?

Ikkje gjeld for heile Vestlandet og Sørlandet utanom Kristiansand, i tillegg til Nord-Noreg med unntak av Finnmark. Det blir òg uttalt "ittje".

Ikke finst på Sørøstlandet, det vil seie i Oslo-regionen og sørover på begge sider av Oslofjorden. Det blir òg brukt i Finnmark og Kristiansand, og dessutan i bokmålsnær uttale.

Itj finst i hovudsak i dialektane i Trøndelag, men òg noko ut på Nordmøre.

Inte, ente blir brukt heilt sør i Østfold.

Itte gjeld for området rundt Mjøsa og i det vi kallar flatbygdene på Austlandet.

Apokope

"Æ vil kjenn at æ lev. Vil kjenn at det riv i hjerte"

Artist: Sondre Justad. Heimstad: Henningsvær i Lofoten, Nordland fylke

Kva er det?

Apokope kallar språkforskarane det når lydar og stavingar i slutten av ord blir "hogde av": å spell, å søng, appokop, gutan.

Kvar seier dei kva?

Apokope finn vi i Trøndelag og Nordland. Aller sterkast verkar han i Salten-området i Nordland: "E sku' te Fausk' o' kjøp' kak' førr ei kron", kan det heite der.

Personleg pronomen i første person eintal og fleirtal

"I e så gla' i de"

Artist: Bjørns orkester / Mathias Kalvatsvik. Heimstad: Fræna i Romsdal, Møre og Romsdal fylke

"Æ e så gla' i dæ"

Artist: Åge Aleksandersen. Heimstad: Namsos i Namdalen, Trøndelag fylke

Kva er det?

Det personlege pronomenet i første person eintal skriv vi jeg/eg. Fleirtalsforma skriv vi vi/me. Desse pronomena har ulik uttale rundt om i landet og fungerer derfor godt som målmerke.

Kvar seier dei kva?

I austlandsområdet heiter førstepersonspronomenet je eller , med forma jei i byane. I Molde og i Romsdalstraktene heiter det i. Men den mest utbreidde forma er e, eg, æ eller æg.

I fleirtal heiter det vi i store delar av landet. Men på Sørvestlandet, på Sørlandet og i Telemark bruker folk me eller mi. Og nord i Gudbrandsdalen og i eit par kommunar på Sunnmøre heiter det faktisk oss: "Oss skal på ferie". Som vanleg skil dei store byane seg ut. Både i Bergen og Kristiansand seier dei vi.

Blaute konsonantar

"Du må trekka grydo vekk frå plado"

Artist: Tønes. Heimstad: Sokndal i Rogaland

Kva er det?

Blaute konsonantar bruker vi om b, d og g. Desse tre konsonantane er dei "blaute", stemde variantane av dei "harde", ustemde konsonantane p, t og k. I nokre dialektar har dei harde p, t og k blitt til b, d og g etter lang vokal. På fagspråket seier dei at konsonantane er leniserte.

Kvar seier dei kva?

Leniseringa har gått føre seg langs kyststripa frå Arendal i aust til Karmøy i vest. I Kristiansand heiter det ei blødkage, ei gade, ei pibe.
Denne konsonantovergangen finn vi òg i Danmark, og det er nærliggjande å tru at fenomenet er importert derfrå, sidan vi berre finn det i eit avgrensa område mot Skagerrak-kysten. I motsetning til skarre-r er blaute konsonantar eit målmerke som er på retur.

Differensiasjon og segmentasjon

"Når han går, adle snur å ser på han"

Artist: Mods / Morten Abel. Dialekt: Stavanger, Rogaland fylke

Kva er det?

Segmentasjon betyr at eit ord får eit nytt segment, altså ein ny lyd, ved at ein lyd "deler seg i to". Nokre døme er å kadla (å kalla), å kobma (å koma) og steidn (stein). I desse orda har l, m og n "delt seg" og blitt til høvesvis dl, bm og dn.

Differensiasjon heng saman med ordet "different" og betyr at forskjellen mellom to ulike lydar som allereie finst i ordet, blir endå større. Til dømes kan rn bli til dn, eller rl blir til dl. I nokre dialektar seier dei derfor bjødn (bjørn), jedna (gjerne) og kadl (karl).

Forskarane meiner desse uttalefenomena oppstod i vestnorske dialektar på 1200–1300-talet, men er ikkje sikre på kvifor det oppstod.

Kvar seier dei kva?

Differensiasjon og segmentasjon finn vi i store område på Vestlandet og i fjellområda frå Setesdal, via Vest-Telemark og nordover til Hallingdal og Valdres.

Svarabhaktivokal

"Eg blir'kje gammale i kveld"

Artist: Tønes. Dialekt: Sokndal i Rogaland

Kva er det?

Eit anna ord for svarabhaktivokal er innskotsvokal. Eit vanleg døme er adjektiv som får ein ekstra vokal sist i ordet: "Det er ein fine båt", "Det var ein lange film".

Kvar seier dei det?

Innskotsvokal i adjektiv er vanleg på mykje av Vestlandet, i Setesdal, Vest-Telemark og Øvre Valdres.

Preaspirasjon

Kva er aspirasjon?

Aspirasjon er fagomgrepet på den h-liknande pustelyden som kjem når vi uttaler visse språklydar, til dømes p, t og k.

For å enklare forstå aspirasjon, kan du prøve sjølv. Hald handflata di ca. 2–3 cm framfor munnen din og sei lydane p, t og k høgt og tydeleg. Kjenner du pusten din treffe handflata?

No kan du prøve å seie lydane b, d og g på same måte. Du kjenner antakeleg ikkje like mykje pust?

Vi seier at lydane p, t og k er aspirerte på grunn av den h-liknande pustelyden som kjem etter dei blir uttalte. Lydane b, d og g er derimot uaspirerte sidan det i liten eller inga grad kjem eit pust etter lydane.

Kva er preaspirasjon?

Vi seier at lydar er postaspirerte når det kjem ein h-liknande pust etter lyden, til dømes tepphe, slutthe, takkhe. Når det derimot kjem eit pust før sjølve lyden, kallar vi det preaspirasjon. Det kan vi illustrere på denne måten: tehppe, sluhtte, tahkke.

Kvar seier dei det?

Preaspirasjon er eit trekk ved nokre få, spreidde dialektar i Noreg, og blir ofte trekt fram som eit trekk på dialektane i Nord-Gudbrandsdalen.

Du kan lytte til eit lydklipp av dialekten frå Skjåk i Nord-Gudbrandsdalen på NRK. Legg merke til preaspirasjonen i ord som vakkert, Ottaelva, glitrar og fritt.

Relatert innhald

Det er mange måtar å dele inn dei norske geolektane på. I denne artikkelen kan du lære meir om dei to vanlegaste måtane: todeling og firedeling.

Kjelder

Raustein, C. B. (2021). Segmentasjon og differensiasjon i sørvestlandsk og islandsk. [Bacheloroppgåve, NTNU].

Skjekkeland, M. (1997). Dei norske dialektane. Høyskoleforlaget. Kristiansand.

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet