Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ver ein dialektdetektiv!

Du kan avsløre mykje om ein person dersom du legg merke til korleis hen snakkar. Målmerka er små spor som kan hjelpe deg å plassere personen på rett stad i Noreg. Gå på dialektjakt!

Oppgåve 1

Del 1. Kva kan du om dialektar frå før?

  1. I par: Prøv å etterlikne nokre norske dialektar de kjenner litt til.

  2. Kva gjorde de? Prøv å forklare med ord kva endringar de måtte gjere for at det skulle høyrast ut som ein annan dialekt.

Del 2. Dialektlære

Det som skil dialektane frå kvarandre, kallar vi målmerke. Vi finn ofte dei same målmerka innanfor ganske store geografiske område.

Les om målmerka:

Relatert innhald

Del 3. Plasser målmerka geografisk

Oppgåve 2. Din eigen dialekt

Studer språklege særtrekk ved din eigen dialekt.

  1. Last ned dialektskjemaet (lenkje nedanfor) og avgjer kva målmerke som kjenneteiknar din eigen dialekt. Skriv ned tre eksempelord til kvart målmerke du kryssar av for.

  2. Snakkar du "rein" dialekt, eller manglar du nokon av målmerka som er beskrivne i dialektlæra? Korleis kan du i så fall forklare dette?

Dialektskjema

Filer

Oppgåve 3. Kvar kjem kjendisen frå?

Vel deg ein kjendis som snakkar ein dialekt du ikkje kjenner frå før.

  1. Last ned dialektskjemaet (lenkje nedanfor) og avgjer kva målmerke som kjenneteiknar dialekten til personen du har valt. Klarer du å plassere personen på rett stad i Noreg (utan å google først)?

  2. Snakkar kjendisen "rein" dialekt, eller er det målmerke som ikkje heilt passar med det dialektlæra seier om dialekten? Kva kan årsaka i så fall vere?

Dialektskjema

Filer

Oppgåve 4. Finn ut kvar Linda Eide kjem frå

Lytt til kåseriet, og stopp gjerne undervegs for å notere spora du finn, i dialektskjemaet (sjå lenkje til skjema i oppgåve 3 over):

Familien som spela vekk jola

0:00
-0:00
  • Snakkar Linda Eide ein lågtone- eller høgtonedialekt?
  • Har ho tjukk l i dialekten sin eller ikkje?
  • Har dialekten apokope?
  • Har dialekten palatalisering?
  • Kva slags r-lyd bruker ho?
  • Kan måten ho uttaler r på, seie noko om kvar ho kjem frå?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Ragna Marie Tørdal og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2021

Læringsressursar

Språk, kultur og identitet