Hopp til innhald

Fagstoff

Åbor

Åboren er ein rovfisk som høyrer til piggfinnefiskfamilien. Han lever i ferskvatn og brakkvatn.

Abbor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Hugselappen

Sesong

Det er tillate å fiska åbor med stong heile året. Åboren gyter om våren når isen har tint.

Utbreiing

Europa og nord i Asia.

Med andre ord

Latin: Perca fluviatilis

Engelsk: European perch

Fransk: Perche commune

Tysk: Flussbarsch


Åboren kan verta meir enn 60 cm lang og vega over 4 kg. Storleiken på åboren kan variere mykje frå vatn til vatn og frå individ til individ. I vatn der bestanden er stor, kan åboren vera 20–25 cm, medan han kan vera 50 cm der det er mykje mat og gode vekstvilkår. Ein eittkilos åbor er ein stor fisk i Noreg, men ikkje uvanleg.

Det første leveåret et åboren stort sett dyreplankton, og etter kvart botnfisk og småfisk. Han et gjerne artsfrendar. Det er hoa som vert størst. Hannen vert sjeldan meir enn 300 gram. Åboren har ikkje tenner, og syg derfor i seg byttet. Åboren liker seg best der det er vassplantar eller tre som har sokke ned i vatnet, der han kan gøyma seg. Arten er mest aktiv om dagen.

Utbreiing

Åboren er utbreidd over heile Europa nord for Alpane, og i Russland heilt aust til Sibir. I Noreg har han to utbreiingsområde, eitt i nord og eitt på Austlandet. Åbor finst òg i fleire vatn på Vestlandet etter ulovleg utsetjing. Ulovleg utsetjing av åbor har ført til store øydeleggingar av anna fiskeliv.

Bruk

Åboren ein kvit fisk, med ein litt mildare fiskesmak. Åbor vert mest brukt som sprøsteikt (småfisk), men han er òg eigna til stuing, gryter, suppe, som kaviar, bakt og dampa.

Næringsinnhald

Åboren er ei god kjelde til protein. Han er mager og inneheld lite feitt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Fiskeartar

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar