Makrellen er ein hurtigsymjande fisk som om sommaren og utover hausten opptrer i store stimar langs kysten og ute i Skagerrak, Nordsjøen og i det sørlege Norskehavet. Han kan verta 20 år gammal, og livnærer seg hovudsakleg av småfisk som ungar av torsk, sild og brisling.

Makrellen vert kjønnsmoden i tre–fire-årsalderen. Mot slutten av året vandrar den kjønnsmodne makrellen mot gyteområdet vest og sørvest for Irland, der gytinga startar i mars.

Makrellen er lett å kjenna på teikninga på ryggen og dei spisse finnane bakarst på ryggen.
Fangst og fangstreiskapar
Fisket skjer hovudsakleg i sommarhalvåret. Fartøy som tek del i fisket, varierer frå båtar som driv med garn og dorg på kysten, til store, havgåande snurparar. Årleg landar norske fiskarar mellom 140 000 og 160 000 tonn makrell i Noreg.
Bruk
Makrellen vert seld som ferske og frosne filetar og som heil fisk. Det er mange produkt av makrell, mellom anna varmrøykt, kaldrøykt og peparrøykt makrell i tillegg til fleire variantar av hermetisk og påleggsmakrell i tomat. Fersk makrell kan steikjast, kokast eller grillast, og han eignar seg til graving. Steikt makrell med rømmesaus er ei velkjend delikatesse.

Steikt makrell med nypotetsalat
Næringsinnhald
Om våren har makrell lågt feittinnhald (ca. 3 prosent), medan haustmakrellen kan innehalda opptil 30 prosent feitt og dermed store mengder omega-3-feittsyrer. Han er òg ei god kjelde til vitamin D og B12.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Hugselappen
Sesong
April–november
Utbreiing
Skagerrak, Nordsjøen og det sørlege Norskehavet.
Storleik
Opptil 66 cm og 3 kg, sjeldan over 40 cm.
Med andre ord
Latin: Scomber scombrus
Engelsk: Mackerel
Fransk: Maquereau
Tysk: Makrele