Hopp til innhald

Fagstoff

Piggvar

Piggvaren høyrer til varfamilien og er flattrykt og nesten rund (sirkelforma). Han kan verta meir enn 20 år gammal.
Piggvar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Piggvaren lever frå fjøra og ned til cirka 80 meters djupn og finst ofte delvis nedgraven i botnlaget på sand-, grus-, stein- eller blautbotn. Piggvaren er ein aktiv rovfisk. I vaksen alder lever han hovudsakleg av annan fisk og ulike krepsdyr. Hannen vert kjønnsmoden i tre-årsalderen, hoa i fire-årsalderen.

Piggvar ligger på sandbunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fangst og fangstreiskapar

Dei beste fiskeplassane i Nordsjøen er på fiskebankane utanfor kysten av Nord-Jylland. Mykje av piggvaren som vert omsett i Europa, kjem frå oppdrett, hovudsakleg frå Sør-Europa. I Noreg er produksjonen liten fordi piggvaren er avhengig av å få tilført forholdsvis varmt vatn. Piggvaren vert fiska med snurrevad, botntrål eller botngarn.

Bruk

Piggvaren vert seld fersk i skiver, som filetar eller som heil fisk. Kjøttet er kvitt, fast, fint og svært ettertrakta. Piggvaren kan steikjast, kokast og grillast, og kjøttet har best kvalitet i september–april.

Piggvar med trøffelsaus og tilbehør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Piggvar inneheld cirka eitt gram omega-3-feittsyrer per 100 gram filet.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

Nordvest i Atlanterhavet

Storleik

Opptil 100 cm

Med andre ord

Latin: Psetta maximus

Engelsk: Turbot

Fransk: Turbot

Tysk: Steinbutt

CC BY-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 24.01.2018

Læringsressursar

Fiskeartar