Hopp til innhald

Fagartikkel

Gjedde

Gjedda er ein langstrakt fisk med ein flat og brei snute. Ho høyrer til gjeddefamilien. Gjedda er ein glupsk rovfisk. Ryggfinnen og gattfinnen sit langt bak på kroppen og er like lange. Hanngjedda oppnår sjeldan ei vekt på meir enn 8 kg, medan hogjedda kan koma opp i meir enn 30 kg.

LK20LK06
Gjedde. Foto.

Sesong

Gjedda vert som regel fiska med stong, heile året. Det er ein populær sportsfisk, og den største gjedda som er teken på sportsfiskereiskap i Noreg, vog 18,74 kg. Rekorden vart sett i Øyeren 19. november 2011.

Utbreiing

Gjedda er ein ferskvassfisk, og lever i område på Austlandet, i Trøndelag, Troms og Finnmark. På 1900-talet vart det sett ut gjedde i vatn og elvar på Vestlandet. Ho finst òg i brakkvatn.

Med andre ord

Latin: Esox lucius

Engelsk: Northern Pike

Tysk: Hecht

Fransk: Grand brochet


Gjedda held ofte til på stader med mykje vegetasjon som vassliljeblad og siv. Ho har skarpe tenner og et det meste ho kjem over av andre fiskar, frosk, vånd og mindre vadefuglar. Gjedda er ein hurtig fisk som gjer lynraske utfall mot byttedyr. Ho står ofte roleg i vegetasjonen og ventar på at eit passande bytte skal koma forbi. Om vinteren trekkjer gjeddene ofte ut på djupare vatn. Gytetida er i perioden april–mai.

Bruk

Gjedda eignar seg veldig godt som steikt servert med asparges og sennepssaus, dampa i supper, patear, fiskepudding og som nydelege gjeddekaker.

Ho er ein lys fisk med ein roleg og god smak, den rake motsetnaden til gjedda si åtferd og utsjånad. Fiskekjøtet er fast og litt grovt.


Gjeddekaker. Foto.

Gjeddekaker

Næringsinnhald

Gjedda er ei god kjelde til protein og kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Sist oppdatert 27.03.2020
Skrive av Anette Eikild Larsen

Læringsressursar

Fiskeartar