Ishavsrøye - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ishavsrøye

Vår norske røye kallast ishavsrøye eller arktisk røye. For tusenvis av år sidan tilpassa ishavsrøya seg dei røffe, kalde og utfordrande omgivnadene som prega det arktiske Noreg. Fisken hadde utvikla eit vandringsmønster der han veksla mellom ferskvatn på land og det salte vatnet i havet.

Ishavsrøya er forutan å vera den eldste ferskvassfisken i Noreg òg den som lever lengst mot nord. Det finst to typar røye: den anadrome som vandrar til sjøen, og den stasjonære som lever heile livet i ferskvatn.

Røya har avlang kropp og eit lite hovud og opptrer i mange drakter avhengig av mellom anna oppvekstområde. I havet er fisken sølvblank med mørk rygg, men under gytinga vert buken blodraud. Stasjonær røye er ofte mørkare på ryggen og sidene enn sjørøye. Fiskekjøttet varierer frå raud til bleik raud farge.

I dag er det oppdrett av ishavsrøye på små anlegg fleire stader i Noreg der det er god tilgang til reint, kaldt ferskvatn. Framveksten av ei slik lita og kvalitetsbevisst oppdrettsnæring har sikra jamn tilgang til ishavsrøye for butikkar med velutvikla ferskvarediskar.

Bruk

Ishavsrøya vert seld fersk og som frosen, heil eller som filetar. Ho er graven, spekt, røykt eller raka. Ishavsrøye kan grillast, steikjast eller kokast og eignar seg godt til sushi og sashimi.

Næringsinnhald

Feittinnhaldet er lågare enn hos andre laksefiskar, og nesten 80 prosent av feittet er sunne ein- og fleirumetta feittsyrer. Fisken er òg rik på vitamina A, D og B12.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Oppdrettsrøye heile året.

Utbreiing

Nordleg sirkumpolar, det vil seia at ho lever i heile polområdet.

Storleik

Avhengig av livsmønster og miljø: Sjøgåande røye i Noreg vert opptil 5 kg, vanlegvis 1–2 kg.

Med andre ord

Latin: Salvelinus alpinus

Engelsk: Norwegian arctic charr

Fransk: Omble chevalier

Tysk: Saibling

Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020