Sild
I havområda våre finst det fleire bestandar av sild, men norsk vårgytande sild er definitivt den største. I tillegg er det andre sildebestandar, mellom anna ved Island, i Nordsjøen og i Skagerrak. Norsk vårgytande sild har overvintringsområdet sitt i Vestfjorden.
Silda vert kjønnsmoden i tre–fire-årsalderen. I februar–mars startar vandringa mot felta utanfor Nordvestlandet, der størsteparten av gytinga skjer. Silda går vidare på næringsvandring vestover før ho trekkjer nordover og til sist austover utpå hausten. Larvane følgjer kyststraumen nordover, og oppvekstområdet for ungsilda ligg i Barentshavet
Det var den norske vårgytande silda som la grunnlaget for det norske vintersildfisket, feitsildfisket og småsildfisket. Som følgje av stor teknologisk reiskapsutvikling i 1960-åra vart bestanden nesten utfiska tidleg i 1970-åra, og silda vart freda. Ved hjelp av strenge reguleringar gjennom vel tjue år er bestanden no bygd opp igjen og bidrar til store fiskeri.
Det norske fisket skjer hovudsakleg i perioden oktober–mars når silda har god kvalitet og er lett tilgjengeleg. Sildefisket i Nordsjøen og Skagerrak skjer hovudsakleg på sommaren og hausten, og dei viktigaste fiskereiskapane er ringnot, pelagisk trål og garn.
Silda vert seld som ferske og frosne filetar eller heil fisk. Tillaga sild finst i svært mange variantar, for eksempel salta, varm- og kaldrøykt, salta og kryddersalta filet. Dessutan finst ulike typar marinert påleggssild, som sursild, tomatsild og rømmesild. Fersk sild eignar seg godt til panering og steiking – ho vert sprø og gyllen og taklar det meste av tilbehøyr.
Sild er ei uvurderleg kjelde til vitamin A, D og B12. Feittinnhaldet varierer med årstidene, og fiskefeittet er rikt på omega-3-feittsyrer.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Hugselappen
Storleik og sesong
Vintersild: 2–6 stk. per kg, januar–mars
Feitsild: 3–6 stk. per kg, juli–desember
Fjordsild: 3–20 stk. per kg, august–april
Utbreiing
Nord-Atlanteren og Østersjøen
Med andre ord
Latin: Clupea harengus
Engelsk: Herring
Fransk: Hareng
Tysk: Hering