Ål
Gjellespaltene har vakse saman til ei lita spalte ved brystfinnen, og ålen er i stand til å vandra over korte landområde i fuktige netter. Bukfinnar manglar, og skjela er små og sit djupt i huda. Ålen har eit tjukt skinn.
I Noreg har vi berre ein reell forvekslingsart: havålen. Skilnaden mellom artane er at ålen har svakt underbit, medan havålen har tydeleg overbit. Ryggfinnen startar langt bak på ryggen hos ålen, og like bak den bakre kanten på brystfinnane hos havålen. Hoene vert størst. Dei kan verta opptil 1,33 meter og vega 6,6 kilo. Hannen vert normalt opptil 50 cm.
Dette er ein viktig økonomisk fisk, og han vert utnytta som både røykt og kokt. Den mest vanlege varianten hos oss er røykt ål.
Ålen er ein feitthaldig fisk, og derfor ei god kjelde til umetta og fleirumetta feittsyrer, vitamin A, protein, kalium og fosfor.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Hugselappen
Sesong
Populariteten og mystikken rundt ålen har medverka til at han er på den internasjonale raudlista over truga artar. Han vart totalfreda 1. juli 2009. Det er sendt ut tilråding til sportsfiskarar om å sleppa han ut att om dei er så uheldige å få han på kroken.
Utbreiing
Finst frå Svartehavet, Middelhavet, Kanariøyane, Madeira og Asorane til Island og Kvitsjøen, og i heile Østersjøen.
Med andre ord
Latin: Anguilla anguilla
Engelsk: Eel
Tysk: Aal
Fransk: Anguille