Hopp til innhald

Fagstoff

Lyr

Lyren skil seg i utsjånad frå seien ved å ha eit meir utprega underbit. I tillegg har lyren ei mørk og krumma sidelinje, medan ho er lys og nesten rett på seien.
Lyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyren lever i stim i dei frie vassmassane ned til 200 meters djup. Han et krepsdyr, sild, brisling og tobis og kan verta åtte år gammal. Fisken gyter på våren, og egga vert klekte etter seks døgn. Om vinteren vandrar lyren mot djupare og varmare vatn.

Fangst og fangstreiskapar

Lyren vert vanlegvis teken som bifangst under torskefisket med garn, trål eller dorg.

Bruk

Lyr er svært godt eigna til farse. Han kan i tillegg både kokast og steikjast og brukast i dei same rettene som torsk og hyse. Lyr kan med fordel marinerast før han vert laga til.

Grillet lyr med tilbehør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Lyr er ei god proteinkjelde og inneheld òg ein god del vitamin B12 og selen.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

Nord-aust i Atlanterhavet.

Storleik

Opptil 130 cm og 20 kg.

Med andre ord

Latin: Pollachius pollachius

Engelsk: Pollack

Fransk: Lieu jaune

Tysk: Pollack, Steinköhler

CC BY-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Fiskeartar