Hopp til innhald

Fagstoff

Aure

Aure er eit namn som vert brukt om fleire artar av laksefisk. Dei finst i mange ulike former og med ulike levevis, som mellom anna er avhengig av miljøforholda dei lever under. Vi skil mellom sjøaure, ferskvassaure, bekkaure (bekkerøye) og regnbogeaure.
Ein aure sym på havbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ferskvassauren og sjøauren vert òg omtalte som «vanleg» aure og er i same slekta som atlantisk laks. Regnbogeauren vart innført til Europa frå USA på slutten av 1800-talet. Han veks raskt og eignar seg godt som oppdrettsfisk. Oppdrettsaure er i det alt vesentlege regnbogeaure, og det er vanlegvis den som vert servert på restaurantar.

Svømmende regnbueørret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den fullvaksne auren livnærer seg av sild og brisling, medan yngre aurar først og fremst lever av insekt og sniglar. I ferskvatn et auren blant anna det vesle krepsdyret marflo. Det er marfloa som gir den raude fargen til fiskekjøtet, og i vatn med lite marflo vert fiskekjøtet kvitt.

Fangstreiskapar

Auren vert hovudsakleg fiska med garn eller fiskestong. Det er lite kommersiell fangst av vanleg aure, men for sportsfiskaren er han eit attraktivt bytte.

Bruk

Auren vert seld fersk eller djupfryst i skiver, filetar eller som heil fisk. Aurefileten vert kaldrøykt og varmrøykt, sukkersalta og spekt. Han passar godt til svært mange typar retter, for eksempel rå til sushi og sashimi, kokt, steikt og grilla. Han er utmerkt i wok- og gryteretter. Den kaldrøykte og varmrøykte auren kan brukast som pålegg eller i salatar, pasta eller i andre kombinasjonar.

To aurar blir steikt i panne. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Oppdrettsauren er i likskap med oppdrettslaks ein god fisk ernæringsmessig. Han inneheld mykje omega-3-feittsyrer og er rik på vitamina A og D.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Mai–september. Oppdrettsaure vert omsett heile året.

Storleik

Ferskvassaure opptil 80 cm, sjøaure opptil 100 cm, regnbogeaure opptil 120 cm. Dei største aurane kan vega opptil 50 kg.

Utbreiing

Finst over heile verda.

Med andre ord

Ferskvassaure/sjøaure:

Latin: Salmo trutta

Engelsk: Brown trout / Sea trout

Fransk: Truite d'Europe / Truite de mer

Tysk: Forelle/Meerforelle

Regnbogeaure:

Latin: Oncorhynchus mykiss

Engelsk: Rainbow trout

Fransk: Truite arc-en-ciel

Tysk: Regenbogenforelle

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Fiskeartar