Hopp til innhald

Fagstoff

Raudspette

Raudspetta er ei høgresnudd flyndre som vi kjenner att på den grå eller brune og glatte augesida med mange raude flekker. Ho lever på grunt vatn, men kan gå ned til 250 meters djupn. Ho et muslingar, pigghudingar og andre botndyr.
Rødspette. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Raudspetta vert rekna som ein stadbunden art, men når gytetida nærmar seg, kan ho vandre langt til bestemte gyteplassar. Dei viktigaste gytefelta for raudspette i Nordsjøen er sør for Doggerbank, der ho oppheld seg mellom november og april. Yngelen sym fritt rundt i havet og vert ikkje flatfisk før dei er blitt 15 mm lange. Då søkjer dei ned og lever resten av livet på botnen.

Hode av rødspette. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestand

Bestanden av raudspette er ikkje tilfredsstillande, og forvaltningsplanane har som mål å byggja opp ein berekraftig bestand igjen.

Fangstreiskapar

Raudspette vert fiska med botntrål, snurrevad eller botngarn.

Bruk

Raudspetta vert seld fersk som heil fisk og filetar eller som frosne filetar. Raudspetta kan steikjast, kokast og grillast. Ho kan òg panerast og frityrsteikjast, og ho vert servert med pommes frites som den kjende retten fish and chips.

Pannestekt torsk med løk, potetstappe og baconsjy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Raudspette inneheld vitamin A og D.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Juli–desember

Utbreiing

Langs vestkysten av Europa.

Storleik

Vanlegvis 25–40 cm og opptil 7 kg, men enkelte hoer kan verta 95 cm.

Med andre ord

Latin: Pleuronectes platessa

Engelsk: Plaice

Fransk: Plie, Carrelet

Tysk: Goldbutt, Scholle

CC BY-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020

Læringsressursar

Fiskeartar