Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle forretningsidé

I denne oppgåva skal de utvikle ein forretningsidé. Skisser ulike idear, lag forslag til logo og pitch ideen for klassen og/eller ein jury.
Ein krøllete gul lapp forma som ei lyspære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåver

Oppgåve 1: Utvikle ein forretningsidé

Utvikle ein forretningsidé. Nytt gjerne ulike kreativitetsøvingar som hjelp til å komme på så mange idear som mogleg. Deretter vel de ut ein av ideane.

Tips til ulike kreativitetsøvingar

Brainstorming

Slumpord med berekraftsmåla til FN

Kleshengjar

Idédugnad ved hjelp av tankekart

1 + 1 = 3

Rollespel og idéutvikling

NABC-metoden

Er de sikker på at det er behov for ideen? Viss ikkje, gjennomfør ei marknadsundersøking.

Relatert innhald

Oppgåve 2: Lag skisse, prototype og logo

Lag skisser eller prototypar som kan illustrere forretningsideen. Lag òg forslag til logo.

Forslag til verktøy

Canva

DesignEvo

Logaster

Wix

Oppgåve 3: Pitch ideen

Pitch ideen for klassen og/eller ein jury. Kanskje de kan melde de på ein konkurranse i regi av Ungt Entreprenørskap, eller ha ein intern konkurranse på skulen med jurymedlemmer frå næringslivet? Sjå tips til pitch i dei relaterte artiklane nedanfor.

Relatert innhald

Ein god idé fortener ein god presentasjon! For å sikre det kan du bruke NABC-metoden når du skal planleggje ein pitch.

Få fram poenget, øv og ver alltid klar for ei framføring. Her har du tre tips til arbeid med pitch.

Gjer de gjerne òg kjent med entreprenørskap som metode, ved å lese artikkelen nedanfor. Dersom det er aktuelt å starte ungdomsbedrift, kan artikkelen Start dykkar eiga ungdomsbedrift vere nyttig.

Ungt entreprenørskap har òg tilbod om innovasjonscampar. Les meir om dette i artikkelen Innovasjonscamp nedanfor.

Relatert innhald

Gjennom å danne ungdomsbedrifter og utvikle idear til produkt som kan seljast, møter elevane ein skulekvardag som byr på reelle problemstillingar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål