Visjon og forretningsidé
Ein visjon er "framtidsdraumen" for verksemda. Visjonen skal seie noko om kva retning verksemda ønskjer å jobbe mot. Ein kan seie at visjonen skal vere ei leiestjerne, ein vegvisar.
Visjonen skal gi dei tilsette felles verdiar og retningslinjer, som skal liggje til grunn for alle avgjerder og handlingar.
Døme på visjonar kan vere
"Make people healthier and happier", SATS
"Å skape en bedre hverdag for de mange menneskene", IKEA
"Å gjøre livet enklere for reisevante folk i Skandinavia", SAS
"Vi skaper uforglemmelige øyeblikk", TV2
Forretningsideen skal formidle kva verksemda skal gjere, for kven og korleis. Forretningsideen bør òg få fram det unike eller heilt spesielle ved idéen til verksemda.
Ein forretningsidé bør kunne gi svar på desse spørsmåla:
Kva behov skal vi tilfredsstille?
Kva produkt skal vi tilby?
Kven skal kjøpe produkta?
Kvifor skal dei kjøpe produkta våre?
Forretningsideen til IKEA er "å tilby et stort utvalg form- og funksjonsriktige hjeminnredningsprodukter til så lave priser at så mange mennesker som mulig har råd til å kjøpe dem".
Tenk over
Kva synest du om visjonen og forretningsideen til IKEA?
Utan nokre klare tankar om kva vi ønskjer å få til, er det vanskeleg å overleve som verksemd. Det er derfor viktig å ha ein god forretningsidé.
Det er ein fordel med ein unik forretningsidé som ikkje andre lett kan kopiere. Vidare er det viktig at forretningsideen har ei forretningsmessig forankring. Med det meiner vi at det finst målgrupper som er villige til å betale for produktet som vi skal levere.
Å vurdere aktuelle målgrupper er viktig i prosessen med å utvikle forretningsidéen. Du kan lese om segmentering og målgrupper i dei relaterte artiklane.
Relatert innhald
Kva er segmentering, og kvifor er det viktig for verksemder å segmentere og velje målgruppe?
Korleis kan du vurdere om eit utvalt segment er verdt å satse på som målgruppe?