Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vippa-konseptet

I denne oppgåva skal de på bakgrunn av videoen nedanfor mellom anna formulere forslag til forretningsidé og mål for Vippa. Jobb gjerne i par.
Fargerik veggillustrasjon på mathallen Vippa i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I videoen under fortel Kaja Skovborg-Hansen, som er dagleg leiar for mathallen Vippa, om bakgrunnen til Vippa og om korleis ho enda opp med å bli dagleg leiar der.

Oppgåve

  1. Skriv ned det de meiner er ei passande formulering av forretningsideen til Vippa.

  2. Formuler nokre forslag til mål for Vippa.

  3. Beskriv aktuelle målgrupper for Vippa.

  4. På kva måte er Vippa-konseptet nytenkjande og berekraftig?

  5. Diskuter svara dykkar i klassen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2023

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål