Korleis kan vi redusere matsvinn?
Ifølgje NHO Mat og Drikke kastar vi i Noreg ca. 355 000 tonn etande mat kvart år, noko som svarer til ca. 70 kilo mat per innbyggjar. På verdsbasis har FN estimert at 1/3 av all mat som blir produsert, aldri blir eten. Matsvinnet kjem både frå oss forbrukarar, frå matindustrien og frå daglegvarehandelen.
I denne oppgåva skal de bruke same opplegg som i øvinga kleshengjar, men temaet no er altså matsvinn.
Tid: minimum 20 minutt
Føremålet med oppgåva er
- å få fram så mange idear som mogleg til korleis vi kan redusere matsvinn blant forbrukarane, i matindustrien og i daglegvarehandelen
- å trene på at ingen idear er dårlege
Materiell
- bilete av mat og matsvinn
- noko å skrive på og med
- premie til vinnargruppa (for å markere at kvantitet er viktig i kreativt arbeid)
Instruksjon
- Elevane går saman i grupper på to eller tre.
Læraren fortel om bakgrunnen for oppgåva:
FNs berekraftsmål nummer 2 er å utrydde svolt. Trenden viser at om vi held fram som før, vil nær 2 milliardar menneske vere underernærte i 2050. Det 12. berekraftsmålet handlar om ansvarleg forbruk og produksjon. Dagens samfunn forbruker meir enn det som er berekraftig for kloden vår (FN-sambandet, 2020). I 2018 la matproduksjonen beslag på 37 prosent av landareala i verda og 70 prosent av ferskvatnet. Matproduksjonen står vidare for 24 prosent av klimagassutsleppa i verda (Matsentralen, u.å). Det seier seg sjølv at dette ikkje kan halde fram som før. Kva skal vi gjere for å ta tak i desse utfordringane?
- Gruppene får 3 minutt på å finne på flest mogleg idear til korleis vi kan løyse problema med matsvinn. Dei kan velje om dei vil fokusere på forbrukarane, matindustrien eller daglegvarehandelen. Det er viktig å fokusere på «ja, og …». Det er ikkje lov å seie «nei» eller «ja, men …».
- Når tida er ute, skal kvar gruppe telje ideane sine.
- Læraren ber alle som har over 5 idear, om å rekkje opp handa, deretter alle med 10 idear, 15 idear og 20 idear – til det berre er éi gruppe att. Denne gruppa får ein liten premie. Premien kan vere symbolsk, men det er viktig at dette blir markert.
- Læraren ber vinnargruppa lese opp alle ideane sine. Deretter ber læraren dei andre gruppene velje ut nokre idear dei kan lese opp. (Det er viktig å involvere alle.) Denne delen kan ta litt tid med mange grupper, så her må ein tilpasse ut frå kor lang tid ein har.
Refleksjon i fellesskap
- Korleis kan vi redusere matsvinn heime hos oss?
- Kva tenkjer de at de lærer av denne oppgåva?
- Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
Relatert innhald
Kleshengjar er ei enkel øving for å trene på kreativitet. Ho eignar seg å gjere før de går i gang med å utarbeide idear.