Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design nye produkt av plastavfall

Korleis kan avfall bli ein ressurs? I filmen møter vi Stian Rossi som jobbar som produktutviklar og materialforskar. La deg inspirere av korleis resirkulert plast kan bli til nye produkt.
Ung gut og ung jente plukkar plast på ei strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Sjå filmen om design for framtida

Relatert innhald

Del 2: Utforsk plast som materiale

  1. Start på same måten som produktutviklaren i filmen og finn ut kva plast er.
  2. Undersøk korleis resirkulert plast kan brukast som ein ressurs.

Relatert innhald

Del 3: Idéutvikling til eit produkt av resirkulert plast

  1. Jobb i grupper og bli einige om eit produkt de vil designe. Materialet skal vere resirkulert plast.
  2. Definer målgruppe og lag idéskisser til ulike løysingar.
  3. Eksperimenter med form og funksjon og vel ei løysing de vil gå vidare med.
  4. Lag arbeidsteikning, planlegg produksjonen og lag ein prototyp eller eit ferdig produkt.
  5. Presenter idéutviklinga og produktet for klassen.

Relatert innhald

Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne prosessen går vi gjennom ulike fasar.

Funksjon kan forklarast med bruksmåte. Formen på ein gjenstand viser korleis funksjon og uttrykk heng saman. Utsjånad og bruksmåte er ikkje tilfeldig.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål