Øving
ABC-metoden
Det finst mange måtar å jobbe fram idear på. ABC-metoden er ei enkel øving som kan hjelpe deg til å kome på flest mogleg idear.
Når fleire jobbar med idéutvikling saman, er det ikkje uvanleg at éin person blir beden om å vere leiar, eller lós, for prosessen. Oppgåva til lósen er å passe på tida og sørgje for at stemninga er god, og at idéutviklinga blir dokumentert. Trygge, avslappa og leikne rammer for prosessen gjer at fleire tør å kome med ideane sine.
- Skriv temaet for idéutviklinga eller eit spørsmålsteikn øvst på eit ark.
- Skriv alfabetet på linjer nedover arket.
- Set på ei klokke som ringjer etter så og så mange minutt, til dømes etter femten minutt.
- Skriv ord du kjem på, eller eit spørsmål, ved sida av kvar bokstav i alfabetet.
- Lósen kan kome med forslag om til dømes å fokusere på verb dei første fem minutta, substantiv dei neste fem minutta og til slutt adjektiv.
- Plukk ut, eller få nokon til å plukke ut, eit utval ord som du jobbar vidare med.