Sophie Wiik er oppteken av å jobbe for at berekraftig livsstil skal vere lett tilgjengeleg for alle. Ho brenn for miljø, gjenbruk og redusert forbruk, og er svært opptekne av å vise korleis berekraft og økonomi går hand i hand ved hjelp av sirkulære forretningsmodeller.
Sophie vart oppteken av matsvinnproblematikken då ho dreiv med dumpster diving i studietida, og ho drøymer om at all mat skal hamne i magen og ikkje i søpla.
Sophie Wiik var med på å starte Too Good To Go i København i 2015, som no er den største nettbaserte marknadsplassen i verda for overskotsmat. Vidare er ho grunnleggjaren av den storstilte redningsaksjonen for norsk restemat, Too Good To Go Norge AS, som vart starta opp i januar 2016. Sophie eigde og leia Too Good To Go Norge AS fram til ho selde seg ut i mars 2019. Ho er framleis aksjonær i Too Good To Go ApS, som er basert i Danmark.
Sophie er òg investor og styremedlem i Fjong, ei plattform for berekraftig mote, i tillegg til å vere involvert i fleire andre grøne prosjekt.
Du kan høyre meir om Sophie Wiik si spennande gründerreise med fokus på berekraft i podkasten nedanfor. Kva med å høyre på podkasten mens du går ein tur eller kanskje set deg ut i sola? God lytt!
Ta gjerne ein diskusjon i klasserommet etter å ha høyrt på podkasten.
Spørsmål til podkasten
Kva er gjennomgåande i Sophie Wiik sitt gründerskap?
Kva meiner Sophie Wiik er den største forretningsmoglegheita i verda? Tenkjer de det same? Kvifor/kvifor ikkje?
Kva meiner vi med «grøn innovasjon», og korleis blir dette definert i podkasten?
Kva råd har Sophie Wiik å gi til grøne innovatørar?
Vart de inspirerte av å høyre om Sophie Wiik si gründerreise?