Øving
Bruk farga lappar i idémyldring
Å skrive ned idear, og sterke og svake sider ved dei, på lappar i ulike fargar er ein mykje brukt kreativ metode. Du kan bruke han når du jobbar individuelt, men metoden fungerer aller best i grupper. Då kan de sortere ideane på ei tavle eller eit bord, og diskutere dei undervegs.
Gå saman i grupper på 4–6 elevar, og set av 10–15 minutt til øvinga. Vel ei oppgåve, problemstilling, utfordring eller moglegheit de skal jobbe med på skulen. Finn fram noko å skrive med, og lappar i fargane gul, grøn og raud eller rosa. Post-it-lappar fungerer fint, sidan dei er enkle å feste til ei tavle eller ein vegg.
- Del ut gule lappar til alle i gruppa. Alle skriv ned idear på dei – éin idé på kvar lapp.
- Heng opp lappane og sorter dei gjerne etter innhald.
- Bruk grøne lappar til å skrive ned styrkar ved ideane. Kva for gode sider har dei?
- Heng dei grøne lappane ved sida av dei gule idé-lappane dei høyrer saman med.
- Skriv svakheitene ved kvar idé på dei raude eller rosa lappane. Finst det farar ved ideane, eller er det noko som vanskeleg lèt seg gjennomføre?
- Heng desse lappane òg ved sida av ideane dei høyrer saman med.
- Diskuter undervegs og vel til sist ut éin eller fleire idear de vil jobbe vidare med.
Denne kreative metoden blir gjerne kalla lappemetoden eller kreative lappar. Sjølv om metoden fungerer best ved gruppearbeid, kan du òg bruke han når du skal utvikle idear åleine.